Ludvig den fjortande.

[Del 2 av 4. Fyrste delen.]
 
(Etter Tysk.)
                         
(Framhald.)
 
Rundt ikring eit glimande Hov og aandrike Bokmenn raadde djup Ukunna og gruseleg Usseldom. Alt Descartes sluttad fraa denne Motsetning millom Magti og Glansen aat Monarkiet og Stakkarsdomen hjaa det franske Folket, at Skattemaaten maatte vera falsk. Men dei fleste gjekk i 200 Aar kaldt framum Naudi aat dei lægre Klassar. Dei heldt ho for naturleg og naudsynleg, hell saag jamvæl paa ho som eit gagnlegt Vilkor for Samfundstrivnaden. Richeliu skreiv i sit Testament: Livde Folket i Velstand, vilde det ikkje lett lata seg halda innan dei loglege Grensur; og tilmed Filantropistarne (dei Menneskekjærlege) i fyrre Hundradaaret meinte, at Bonden ikkje vilde arbeida, dersom han ikkje stødt vart driven av Naud. Falske Synsmaatar og hardt Lynde møttest. Det er ikkje so, at berre Kunskapen gjeng fram, og at Moraliteten vert nokot so nær den same. Moralen gjeng fram liksom Upplysningi; Folk vert meir og meir godlyndte, ettersom dei vert meir upplyste. Ingen vaagar meir aa sjaa paa det store Folkefleirtalet berre som Emne for Kongar og Storfolk, so som det ofta vart sagt aa vera i den Tid.
           
Fraa Mideltidi av hev Folketal, Sedhævd og den aalmene Velstand vakset stødt. Berre sermerkt uheppne Høve hev ender og daa seinkat Utviklingi, soleids t. D. i Tyskland 30-aarskrigen. Framstiget i Civilisation ligg meir i det, at Velstand og Daning breider seg ut i vaksande Krinsar, enn i den Høgd av Vitskap og Dygd, som einskilde Menn kann naa. Denne Vidking av Krinsen for Kultur og større Livslukka er det folkelege Draget, som skil vaar Tid fraa alle framfarne Tidskifte. I den Maaten er Grunnlaget lagt under Ludvig den 14de, ikkje for Frankrik einaste, men for heile Europa. Det er nyttigt aa setja grannt fram fyre seg, kvat me hev vunnet sidan; men for at døma hin Alderen retferdigt, maa me døma han etter seg sjølv aa jamføra han med det, som var fyrr.
           
Dei store Umbrøytingar i Samfundslivet, som skil den nye Tidi fraa Mideltidi, var fullførde fyrr Ludvigs Styre. Den politiske Magti aat Adelen var broti. Betalte Hermenn var komne i Staden fyr Lensherrarne. Yvergangen fraa Naturalskatten (Skatt, som svarast med Arbeid hell Varur) til den moderne Pengeskatten hadde fylgt etter; det Skiftet i Prisar og i Verdet av dei edle Metall, som fylgde denne Yvergangen og Uppdagingi av Amerika, var mest slutt; Bondetrældomen var aa kalla til Ende i dei gamle Landslutarne i Frankrik. Den kjøvande Magti aat Kyrkja var broti der mest likso heilt som i det protestantiske Tyskland.
           
Medan 30-aarskrigen i Tyskland løyste upp det gamle Riket, medan i England ein veldig Umstøyt gav Stat og Kyrkja eit nytt lag, sette i Frankrik Kongedomen seg i Staden fyr dei gamle politiske Magterne. Ludvig IX hadde kvat dei store Vasallarne, Henrik IV hadde skapt Fred og Orden i Riket etter den upprivande Borgarufreden. Richelieu hadde undertrykt den spansk-østerrikske Ætti, haldet dei Store nede, gjort Ende paa den protestantiske Stat i Staten. Mot den protestantiske Religionen viste han seg tolsam; Mazarin fylgde honom her og brukte ofte Protestantar til høge Postar. Det siste Sparket av Adelen vart undertrykt i Frondeufreden, som endaa ein Gong herjad og øydelagde Landet. Daa Mazarin døydde i 1661, var Einveldet fullskipat. Der fannst ingi Magt meir utanum Kongens. Den siste Freistnaen av Parliamentet i Paris paa aa setja seg imot den kongelege Viljen, vart gjort upp i inkje av 16-Aars-Kongen sjølv. Sidan vart hans Kongebod aldri sette under Dryfting, men berre innskrivne. Ludvig XIV hadde ervt Riket 5 Aar gamal og hadde vortet laakt upplærd. Men medan han leet Mazarin stella med Rikssakerne, og syntest berre tenkja paa Elskhugssaker og Fjas, hadde han lagt Merke til baade eit og annat og steig inn i Styret, 23 Aar gamal, med fuld Stødleik og fullhugad paa ikkje aa lata nokon koma upp jamsides med seg, ikkje eingong nokon Fyrsteminister.
           
Det galdt aa byggja den nye Samfundsskikken, og Franskmennerne hev Orsak til aa vera byrge av denne Bygnaden.
           
Fyrr hadde Frankrik ikkje voret stort med i det aalemnne Kulturarbeidet, i dei store Uppfinningarne (Bokprenting, Krut), i Utviklingi av Astronomi og Fysik, i Uppdagingarne i Aust og Vest; Frankriks politiske Innflytelse hadde voret liten alt til mot Slutten av Richelius Tid. No steig det fram i Brodden fyr alle Nationar. Av den sterke aandelege Rørsla under Borgarufreden var ei Ætt av kraftige Aander gjengne fram. Me skal berre nemna dei mest frægde Namn: Diktararne Corneille, Racine, Lafontaine og Moliere, Filosofarne Descartes, Malebranche og Bayle, Mathematikararne Pascal, Fermat og Gassendi, dei teologiske Bokskrivarar og Talarar Bourdaloue, Masillon, Bossuet og Fenelon, Maalararne Poussin, Lesueur, Lebrun, Claude Lorrain, Byggmeistararne Perrault og Mansard.
           
Desse Stormennerne livde tildels i fyrste Luten av Ludvigs Tid; men det vilde ikkje vera rett aa tru paa ei Burtfolning under hans Styre. Ei Rad med Diktarar af fyrste Slaget finn ikkje Avløysarar med det same. Vel var Kunsti nokot kongeleg, og det er visseleg ikkje ynskjande, at Filosofi og Soga stødt skal liva under Konge-Augo. Men den Gongen var Lærdomsfolk og Kunstnarar mest nøydde til aa søkja Studning av Landsherrar og Storfolk. Og liksom Hundradaaret hans Ludvig sjølv avlad sin store Literatur, soleids emnad det til ein ny Tidsalder med heiltupp eit annat Lag. Daa Ludvig XIV døydde, var Rousseau og Diderot fødde, Montesquieu og Voltaire alt vaksne Menn.
           
Paa den Tidi fekk Frankriks Maal og Literatur Inngang alle Stader; jamsides med Skaldskapen og Talekunsti der bleiknad Spanias og Italias Storverk; i Tyskland var i Røyndi Tilhugen til fransk Kultur etter 30-Aarskrigen ei kveikjande Magt mot den raadande Raaskapen og Dauvleiken.
           
Men framfor alt annat vann Frankrik ved Samlingi av Statsmagti ein Fyremun paa det politiske Umraade, som det aldri sidan hev kunnat halda uppe i so lang Tid. Endaa at Napoleon hadde so mykje større Sigrar aa kyta av, stupte han mykje snarare og tyngre enn Ludvig for det europæiske Samlaget, som hans eiget Hardstyre hadde skapt. Liksom seinare i Tidi, etter den store Revolutionen, so snudde Folket seg daa og mot Utlandet etter Uro-i innanlands. Ludvigs Ufredar og Landvinningar gav Frankrik den Krigaraanden, den Kjennsla av Overtak, den Ærehugen, som hev medført so store Vinningar for det og so store Tap. Ved aa vinna Elsass, Franche Comté og ein Lut av Flandern gav han Frankrik 660 kvadrat Miler nytt Land og trygge Grensur. Lothringen, som hellest fyrst vart vunnet av Ettermannen, kom og under Frankriks Vald. Til dess han sjølv av Ovmod manad fram den sidste Ufreden, fann han ingen jamgod Motstand; han kunde i full Saning tala som Herren i Europa. Hans Politikk gav heile Fastlandet eit nytt Lag. Han fann Herførarar, som Condé, Turenne, Catinat, Vauban, Skaparen av den nye Festnings- og Kringsetjengskunst; meisterlege Embættesmenn aat Styret og Loggivnaden, framfyr alle andre dei nyskapande Statsmenn Colbert og Louvois.                                              
 
( Meir.)