Jón Sigurdsson.

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
Daa Danmark i 1848 fekk Lovnad um konstitutionel Riksskipnad, og det vart tilsett eit grunnlogstiftande Thing, valde Kongen 5 Islendingar inn i detta. Millom deim var Jón Sigurdsson. Han og Brynjolf Pjetursson heldt med Styrke fram, at Thinget ingen Rett hadde yver Island. Jón skreiv derattaat ei Bok Hugvekju til Islendinga, som han sende til Island og sette klaart fram dess Krav paa Sjølvstende: Naar Kongen hadde gjevet upp Einveldet, hadde Island fenget att dei Rettende, som det hadde etter det gamle sáttmál (under Haakon den gamle); han uppmanad Islendingarne til aa skriva eit Bønskrift til Kongen um eigen Riksskipnad, serskild Rikskasse og eiget Thing. Utyver Sumaren 1848 vart det haldet mange Møte paa Island um detta, Søknaden vart underskriven av ikkje mindre enn 2400 Mann, deraf 1463 fraa Nordlandet, der Folket er mest upplyst og mest vaket. Og den 23de Septbr. 1848 gav Kongen deim Lovnad paa, at Inkje skulde verta fastsett um Islands Riksskipnad, fyrr dei i 1849 hadde fengjet haldet Althing og samraadt seg. Til detta Althinget kom visstnog baade Kongens Fullmegtig (P. Melsted) og Formannen (Jón Sigurdsson) fram for seint (i Sluten av Juli) til, at det kunde gjerast nokot røkjelegt, men dei samdest likvel um ei frilynd Vallog og eit Riksmøte til aa greida stjornarmálid i Juli 1851. Stiftamtmannen Trampe var so rædd detta Møtet, at han kravde heilan flokk Hermenn til Røykjavik fyr aa halda Folk i Age; han fekk og uppsendt 20 Mann, som vart verande der til Vaaren 1852. Det Forslaget, Regjeringi kom fram med i dei fyrste Dagar av Juli Maanad 1851, var og slikt, at han kunde hava Grunn til aa ottast nokot av kvart. Det danske Riksthinget skulde hava Loggjevings- og Skatteretten yver Island, og Althinget ikkje hava onnor Magt enn dei danske Amtsthingi; til Riksthinget skulde Island senda 6 Repræsentantar. Ei Nemnd, som nedsettest, og som Jón Sigurdsson var med i, utarbeidde eit Motforslag; men daa det den 9de Aug. kom fram, tok Kongefullmegtigen braatt den Raadi og uppløysa Thinget i Kongens Namn. Jón Sigurdsson ris upp og svarad: Og eg motmæler i Kongens og Folkets Namn denne Aatferdi; eg held fram Retten til aa klaga til Kongen yver den Logløysa, som her er havt framme. Største Mengdi av Thingmennerne ris upp og ropad: Me motmæler alle. So gjekk dei kvar til seg, men skildest likvel ikkje, fyrr dei (36 av 43 Thingmenn) hadde sett upp og underskrevet eit Klage- og Bønskrift til Kongen. Til aa bera detta fram valdest Jón Sigurdsson, Jón Gudmundsson (seinare Redaktør fyr Bladet Pjodolfur) og Sysselmannen Eggert Briem; den siste kom ikkje til aa vera med, fyrdi Stiftamtmannen sette honom i Myrkstova, daa han skulde gjeva seg paa Ferdi. Den 12te Mai 1852 kom Saki til Avgjerd i Riksraadet. Kongen negtadIslendingarne alt det, dei kravde; det gamle Althinget skulde dei halda, men nokon av dei Embættsmenn, som hadde skrivet under Klage- og Bønskriftet, maatte ikkje veljast til det; dei skulde faa kjenna, korleids den kongelege Unaade smakad. Jón Sigurdsson var no nøydd til aa leggja Aarerne inn eit Bil. Men han gav seg ikkje heilt yver. Den danske Professoren i Logkunna Larsen skreiv i 1855 ei Bok um, at Island longo sidan var innlemad i Danmark; Regjeringi umskreiv denne Boki paa Islandsk, og sende henne ut yver alt Landet. Jón Sigurdsson skreiv eit Motskrift paa Dansk um Islands Rettende og lagde fram baade sogelege og loglege Vitnemaal fyr, at Professor Larsen hadde Urett. Jón Sigurdsson var lærd som faae, men Professorar likad han ikkje. Eg er ræddare Professorarne, sagde han ein Gang, enn dei danske Bønderne. For Folkethinget, der Bønderne var i Fleirtalet, var mykje betre aa koma til Rettes med enn Landsthinget, der Professorar og Rikingar hadde Sæte. (Det viste seg og ved Likferdi hans: det møtte ikkje fram ein einaste Landsthingsmann, men derimot ei Mengd Folkethingsbønder.) Trampe vart avløyst av Hilmar Finsen som Stiftamtmann. Den siste møtte som Kongens Fullmegtig paa Althinget i 1867 og lagde daa fram eit Forslag, som fannst aa vera rimelegt Grunnlag fyr Underhandlingar. Det vart bøtt paa Althingi i 1868 og 1869. Regjeringi lagde det fram fyr Riksthinget og gav ut Logi um Islands statsretslege Stilling den 2dre Januar 1871. Men Althinget i 1871 negtad aa godkjenna denne Logi, baade fyrdi ho ikkje gav Island all den Rett, det hadde Krav paa, og fyrdi ho hadde vortet til under Medverknad av den danske Loggjevingsmagti. Jón Sigurdsson heldt paa, at Islendingarne ikkje hadde nokot med Danmark, men berre med Kongen sin, aa gjera. Det danske Dagbladet skreiv ærefornærmande Artikler med Jón Sigurdson, som laut leggja Sak mot Bille og fekk honom dømt i 400 Kr. Bøter. I 1870 vart det stiftat eit Samlag av dei hævaste Islendingar, Pjodvinafélagid (Folkevensamlaget). Jón Sigurdsson valdest til Formann. Detta Laget fekk i Stand eit Møte av dei hævaste Menn i Landet ikkje Althingsmenn Vaaren 1873 paa Thingvollarne nyst fyre Althinget; detta Møtet talde til aa ikkje gjeva nokot upp av dei Krav, som var framsette, og paa Althinget vart det samrøystes vedteket aa beda Kongen um ei ny stjornarskrá (Grunnlog um Landsstyret), endaa sume Islendingar var rædde, sosom Dr. Jón Hjaltalin. Han møtte Jón Sigurdsson paa Gata i Røykjavik, rauk paa honom og sagde: Sjaa no til; Du er i Ferd med aa vekkja upp ein Draug, som du vandt er Mann fyr aa svæva inn att. Men Jón Sigurdsson visste det han visste; han kjende sine Landsmenn, og han kjende derattaat den danske Regjeringi; det gjekk, som han vilde: Kongen stadfeste Islands stjornarskrá den 5te Januar 1874, same Aaret, som Landets Tusundaarsfest vart halden ut paa Sumaren. Den nye Grunnlogi var vel ikkje i alle Stykkje slik som Jón Sigurdsson og dei beste Islendingar vilde hava henne, men det meste av det, han hadde kjempat fyre, hadde han likvel ved sitt trottuge Arbeid utvegat aat Folket sitt. Islendingarne kjende seg difyr gjenomglødde av Takksemd mot honom, daa det fyrste Althing med full Loggjevingsrett kom saman i 1875, og baade Thingdeilder gav honom samrøystes ei aarleg Heidrsløn or Islands Rikskassa fyr Livetidi; jamvel dei som hadde tott han var for strid i sine Krav sume Tider, var no med aa veita honom Heidr og Paaskyning.
           
Jón Sigurdsson møtte paa alle Althing fraa 1844 til 1877 berre med Undantak av 1855, 1861 og 1863. 10 Gonger var han Formann. I kládamálid kom han paa Kant med Aalmenningen, og det var detta, som gjorde, at han ikkje vart uppattvald til Thingi 1861 og 1865, og helder ikkje vart Formann i 1859; han vilde, at Saueklaaen (Skabbsykja bland Smaafeet) skulde stansast ved dugleg Dyrlækjarhjelp og ikkje, som dei fleste vilde, ved Nedslagting og Skadebot; og likso strid som han var mot Regjeringi i Forfattningssaki, likso fast heldt han paa si Meining i Klaaesaki. Islendingarne laut daa taka honom til Naade paanytt.                                    
 
( Meir.)