[Storthinget]

Storthinget sluttad den 23de Juni, Kl. 12. Ingen Trontale; Thinget vart berre uppløyst, svarad so med det sædvanlige Ønske: Gud bevare Kongen, Fædrelandet og Broderriget.
           
Det gjekk svært stillt.
           
Den Prosessionen av Embættsmenn, som altid møter upp ved slike Tilhøve, var i Aar ikkje so stor som vanlegt. Mill. A. vart det lagt Merke til, at der hadde møtt upp berre ein einaste Prest.
 
 
Morgenbladet segjer, at Thinget av 1880 er det mest radikale etter 1814. Det vil paa vanleg Norsk segja: Thinget av 1880 er det, som stend 1814 mest nær i Aand og i Kraft. At Morgenbaldet finn Riksthinget i 1814 fælt radikalt - væl so radikalt som Thinget i 1880 -, det er naturlegt! Og det skal me merkja oss.
           
 
Fyrr Thinget sluttad, vart det lagt fram ein heil Haug med Forslag til Grunnlogforandringar. Serleg vart det lagt Merke til tvo Forslag, som M. Birkeland lagde fram, det eine fraa Assessor O. Løvenskiold, det andre fraa Skrivar Segelcke. Løvenskiolds Forslag vil forandra 24 Paragraffar og Segelckes vil forandra 25 Paragraffar i Grunnlogi. Baae Forslagi gjeng ut paa aa gjera Lagthinget um til eit Overhus (Tokammersystem).
           
- Det er slike Folk, som kallar dei Liberale for Grunnlogstormarar.
           
Overhus og absolut Veto naar det kjem inn, vert det ikkje stort att av Aanden fraa 1814. Den Aand, som daa vil liva i Grunnlogi, det vil vera Aschehougs Aand.
           
- Her er og ein Ting aa leggja Merke til! Naar vaare gamle Grunnlog-forsvararar skal forandra Grunnlogi, so forandrar dei ikkje ein Paragraff elder tvo, men dei skriv um heile Logi. Skal deira sanne Tankar faa Uttrykk, so maa dei gjera det paa den Maaten. Dei kann ikkje nøgja seg med Modifikationer i enkelte Bestemmelser; dei legg inn ein ny Aand.
           
Dette viser, kor langt desse Menn med heile si Uppfatning stend utanfyr Grunnlovens Aand, Aanden fraa 1814.
           
 
Det er strenge Tider i Politikken vaar no; men dette maatte koma. Den Stangske Politikken maatte køyra Landet upp i slik ein Krisis tilslutt.
           
Men med eit godt Thing vil Krisen ikkje vera faarleg. Krisen vil vera styrkjande. Normennerne vil kunna samla seg til eit Folk paa den. Fredrik Stang hev kanskje endaa havt sin Mission i dette Folket.
           
Thinget av 1880 hev vaar Takk og vaar Tiltru. Det var vort Nødanker i Farens Stund. Folket vil møtast med sine Menn i stor og aalmenn Gleda, og ein styrkt Samvilje vil veksa fram av Møtet.
           
Me vil heretter hava eit godt Thing.