[Seljord 12te Juni.]

Seljord 12te Juni. Hr. Bladstyrar! Eg hugsar so vel, kor harm Du var i Fjor, daa Røysterettssaki fall fyr Stakkarsdomen vaar. No tenkjer eg Du er velnøgd med Nordmennerne. Me her i Fjellbygderne er det daa visst. I lang Tid heve me gjenget med Hugverk fyr Fridomen vaar. 17de Mai stod me tvihugade og visste ikkje, um me torde hissa Flagget upp i Toppen av Stongi. Me gjorde det likavel, i gode Voner. Og dei vart ikkje svikne. Daa me midt i Vika fekk høyra fraa Tinget, at det stod sterkt og greidt, gjekk Bodi som Eld i turrt Gras. Og i Dag-Morgo, daa me fekk Vissa fyr, at Tinget hadde gjort si Plikt, vart det med oss som med Folket framfyre Stortingshuset, daa dei fræge Mennerne synte seg
me jublad! Kl. 6 i Kveld stemnde Menn og Kvinnur saman til Fest i Bjørge-Stova. Gjentur og Gutar hadde kappadst um aa fletta Eikekransar kring Bilæti av fleire av vaare Folkemenn i det unge Noreg. Og ellest var Salen prydd med Lauv, Blomar og Flag. Etter Norges Høitidsstund er kommen, talad O. Arvesen varmt og poetisk um dei, som hadde vart Noreg ned gjenom Tiderne, og um korleids Landsens Menn haade stadet Maal i denne Vika. Han minnte um Bjørnsons sterke Ord i desse Tider, og um Johan Sverdrup, som her hadde gjenget i Brodden til Handling -: hvad Odin kvæder, hamrer Tor. V. Ullmann hadde ikkje, det han visste, voret so glad ved nokon Gjerning i vaart Land som ved denne i sidste Vika. Han flo sterkt paa, at Ungdomen, som han vilde ganga saman med, maatte vera fegen no. Det samde Ungdomen aa taka imot detta Verjemaalet med Takk til desse frihugade Mennerne, som her kjempad so greidt fyr vaar Rett. Han let so Mennerne fara framum. Me skulde tøma Staupet med ein god Lovnad fyr Noreg: me maatte syna oss verde ein slik Hovding som Johan Sverdrup! Og enn raar dei Nordmenn i Noreg, so Henderne er frie til Yrkje! Oddm. Vik talad fyr Baard. Haugland. Aasm. Grave talad um Hugnaden av, at Landet vardest so trufast; Arvesen talad fyr Kvinna, som fylgjer vaar Idtrott med Smil og med Kvad, Ullmann um den Styrkjing, Fridomssaki hadde fenget ved denne Sigeren. Bondeflokken i baade Sverik og Danmark vilde av den samla Styrke og Von til Kampen fyr Folkeretten. Kjetil Sakrisson talad fyr Stortingsmann Thomesen som Republikanar. Kr. Førland talad um den store Skuletimen denne Vika var, - um korleids Handlingen maatte kveikja upp Trui i og paa Folket; Oddm. Vik fyr Rektor Sten, og um korleids den store Tidi var god til samla Folket. Han trudde ikkje, at den myrke Spaadomen hans Bisp Nikolas var so sann, som mange hadde viljat havt det til. Me hadde mest maatt tru no, daa me høyrde det so ofta, - ja stundom saag Døme, som bar i den Leidi, men den stygge Nissen var dømd fyr lange Tider. Helge Eyvindson talad fyr Thommessen, Styraren av Verdens Gang, Lærar Knut Rangsæter (fraa Namdalen) fyr det sunanfjellske Noreg og Høgskulen. Lærar Mads Bøyesen (fraa Numedal) fyr Arvesen og Ullmann; han hadde funnet utruleg mykje nytt ved denne Skulen. Høgskulelærar Grønvald Nilsen (fraa Fyen, Danmark) var glad at han kom til Noreg i slik ei Tid. Kristen Kold hadde sagt eit Ord, som han trudde var Sanning: skal du rett faa kjenna Folk, maa du sjaa dei harme, glade elder sorgfulle. Han hadde fyrst funnet Nordmennerne kokande harme, sidan glade, og det han hadde set, gjorde honom godt. Men han hadde den Skori i Gleda, at hans eiget Folk sat i Sorg fyr Fridomen i det indre og ytre. Han fortalde fleire Sogur fraa Sudjylland, som han nett kom fraa, um korleids Suti der skilde millom Truskap og Svik, Mod og Ræddhug, og um korleids mange der jamt og stødt fiktad fyr sine danske Kjenslur. Arvesen talad fyr Kongedømet og det absolute Veto, men han meinte daa det Kongedømet, som sat i sjølve Folket, Høgsindet der, og Neiretten mot Trælodm og Svik. Olav Sveinsson talad um Merkjemaanaden Juni. Fyrr hadde Vinden blaaset fraa Aust mykje, men me stod vist i Vedrbyte, me vilde faa meir Vestanvind no heretter. Dette fær vera nok; men det var fleire Talar endaa.
           
Eg heve snaudt voret med paa nokon Fest, der alle heve voret so samde og Hugen so uppglødd . Aldri heve eg høyrt Fedralandssongarne vaare songne med slik Eld og Glod. Me skildest fyrst seint med: Leve Noreg! Daa me kom utanfyre ropad me: Leve Johan Sverdrup! og med Song gjekk kvar til seg.