[Hadde Thinget]

Kristiania, den 25de Juni.
 
Hadde Thinget drygt lenger med Riksraadssaki, so hadde det fenget fleire Adressar. Her er eit Brev fraa Vinje i Telemarki, som gjev eit Fyresviv um dette:
           
Sundagjen den 6/ 6 hadde me eit litet Folkemøte, slik det var, her i Vinje. Me hadde fenget brev fraa Seljord maavita um, at dei paa Folkehøgskulen der sende eit Skriv til Storthingsmennerne fraa detti Amtet fyr aa minne dei om deira Skyldna i Statsraadspursmaalet. Det var faa elder ingjen frilyndt Mann her i Vinje, som inkje trudde, at denna Sakji var i gode Hendar, og derfyr kvakk me litt, naar me høyrde, at Folk i andre Bygdar sende ei sovori Adresse. Dei maatte altso tvila.
           
So fekk me istand eit litet Folkemøte i ei Hast og hadde Spursmaale paa Vangji. Etter Fyridøme fraa Seljord gjorde me daa au ei Adresse, eslat aa sendast til Verdens Gang. Men nettupp som denne skulde sendast, fekk me sjaa i Avisurne, at det kom til aa verta forseint, og at det vonleg ingjen Faare var med Sakji hell, og derfyr gjorde me det ut so, at Adressa vaar inkje skulde sendast. No sender eg henne til Deg, kjære Fedra- heimen, 1) for aa syne at Folkeviljen stend fast paa den Kanten, at det kongelege Veto inkje skal godkjennast, avdi det er kji til. Vist var det kji mange, som skreiv under her; men naar eg reiknar alle dei, som inkje fekk Tilføre til aa skrive under, og i det heile alle dei, som var med om Sakji, so skulde det ikkje ha vorte faae.
 
A. S.
 
1) Adressen, som me dessverre ikkje fær Rom til aa taka inn, bed Bratsberg Thingmenn i sterke aa aalvorlege Ord aa ikkje svikta Folkets Sak elder vera med paa aa øydeleggja vaar Forfatning og nedervde Fridom.                                             
 
Bladst.