President-Val og Politik i Amerika.

[Del 1 av 3.]
 
(Brev til Fedrh.)
                       
Minneapolis 17de Mai 1880.
           
Som De veit, skal her veljast ny Præsident til Hausten. Men Val-Striden elder Valgagitationarne, som dei Pene i Norig vilde kalla det, tek til mest eit Aar fyreaat, so Staaket er alt i full Gang. For Staak er her; det kann dei Konservative heim i Norig hava Rett i. Her kallar dei det Campaigne, Her-ferd, og det er og sannt. Kvart politiskt Parti er som ein Her med sine Førarar og sitt Hovedkvarter; der held dei Raadleggjingar, derifra utgjeng Ordrar og strategiske Utrekningar, og dit vert det sennt Val-Rapportar fraa alle Kantar. Som Partistellet no er utviklat, kjem ingen Præsident i the White House (det kvite Huset) utan Agitation; Partiet vinn ikkje utan Strid og Arbeid. Det maa so vera i ein fri Stat som denne. Her finst ikkje nokot serskilt Forsyn for nokon serskild Minoritet; dei, som vil fram, maa hjelpa seg sjølve, maa arbeida. Ingenstad forstend dei seg betre paa valuable workers (aktive Politikkarar) enn her. Er det store politiske Tankar, som lyfter ein Mann upp paa Præsidentstolen? Stundom, i vanskelege Tider. Men i rolege Tider fær Politikkarar av Fag mykje Magt, og Stands- og Privat-Formaal fær ikkje litet aa segja. Og kvart Parti gjer det beste dei kann. Du kann tru, dei bles i Luren fraa alle Kantar. Etter Skriket i Partibladi no um Dagen skulde ein tru det galdt um aa vera elder ikkje vera (som Fristyre) fyr Sambandsriket. Republikken er i Faare, heiter det fraa ein Kant, Unionen er i Faare fraa ein annan, Unionen, Vyrdnaden fyr Logjerne og Trygdi under dei. Skrynjur og Sogur, smurde ihop for politiske Formaal, skyt fram i Hopetal, den eine Dagen verre enn den andre. Der fær ein høyra, at Blaine saar ut Pengar i Mengdevis, som han hev fenget av ein elder annan Jarnvegskonge til Bruk i Valstriden; der vert det fortalt, at Grant eingong i Tidi hev voret i Samband med Illgjerningsmenn. Lyfter eit Blad ein Kandidat til Skyerne, so dreg det andre Bladet honom i Søyla, so det kann vera paa Lag jamt paa baae Sidur. Det er soleids sannt, at det fylgjer svært mykje personlegt med i desse Campaigns. Avisurne gjer Bruk som Trommur og Tutarhorn i denne Ufreden. Alle Sogur er gode, berre dei er sterke. Ingen tenkjer paa dei lenger enn Valstriden varer; i Morgo er alt gløymt. Men gjev no enn Avisurne baade laust og fast nokot som Aalmenta væl veit -, so er det daa gjenom dei, at me lærer vaare offentlege Menn aa kjenna. Og ingenstad er dei meir offentlege enn her; Ein fær god Greida paa, kvat dei er for Folk, og kvat Gagn dei hev gjort Landet. I eit so stort Samfund som dette trengst det og til, at dei vert synte væl fram for Aalmenta. Naar ein Convention paa ein Stad nominerar ein Mann til Præsident-Emne, so vil det ofta vera so at Folket i dei heile ikkje eingong kjenner Namnet hans. Venerne hans maa altso fram og fortelja, kven han er, og kvat han hev gjort, - korleids han, dersom han er republikanar, gjekk friviljugt i Borgarkrigen med det fyrste Regiementet, som marserad fraa hans Stat; korleids han tidleg tok sitt Standpunkt som Motstandar av Negertrældomen og altid hev stridt fyr Principet um like Rett fyr alle, svarte som kvite, - elder, um det er ein Demokrat, korleids han daa, alt fraa sine Skuledagar, hev fasthaldet, at Magtfordelingi er ein Grunnsetning ved Styret vaart, at den einaste trygge politiske Kos er den aa halda fast ved dei fundamentale Princip i konstitutionel Loggjeving, som er sette av Jefferson og forklarade av Wright og andre store Menn. Alt slikt maa til, og er det enn stort Staak og mykje Agitation, so lengje Valet stend paa, so er det, etter alt, ikkje so spelegt med den Agitationen endaa. Bladi kann mest ikkje løyna den under-liggjande Skjemt, naar dei kjem med sine høgtidelege Profetiar um, kor galet det vil verta, um Sakerne ikkje gjeng rette Vegen no i denne avgjerande Krisis. At me hev Avisur, som tek det meir rolegt, ja sindigt, tarv eg visst ikkje fortelja, og er det enn so, at den Amerikanske Bladmannen altid maa halda sitt Publikum i Ande og aldri vanta Amunition, naar han er uppe i Slaget, so kann me sjaa av den rolege Maaten, han tek det paa baketter, at han endaa eig ikkje so litet politiskt Maatehold og politisk Røynsla, han innbiller seg aldri, at han sjølv er so plent naudsynleg, um Verdi skal haldast i Gang. Naar fyrst Valet er avgjort, skipar dei seg alle inn under Avgjerdi med god Statsmannsskikk. Logi er yver alle. Den raude Draugen, Radikalismen, denne Hug etter nye Ting, som etter all god konservativ norsk Tru høyrer plent med til Fristyret, hev ikkje vist seg so faarleg her i Amerika. Ein sluttar med aa fæla fyr denne Draugen, naar Ein legg Merke til, kor rolegt Amerikanaren ordnar seg inn under Utfallet, so snart Kampen er yver.                           
 
( Meir.)