Mod ber Mann yver Bekk.

Det viser seg alt no Merke til det, som me nemnde eingong fyrr her i Bladet: at naar Thinget fyrst aalvorleg viser sin Vilje og so deretter fører ein stød Politikk, so vil Sigeren ikkje vera so vand aa vinna, som Ein skulde tru, naar Ein ser paa alle dei store Ord i Bakstrævarbladi.
           
Ikkje so aa forstaa, at Regjeringi skulde faa Augo upp. Regjeringi hev dessverre vist, kor langt ho ser. Men sjølve det gamle Regjeringspartiet vil faa Augo upp. Det vil sjaa, kor det peikar av. Høgre vil meir og meir koma etter, at med ei Regjering som denne kann det ikkje klara seg. Det vil sjaa, at skal Høgre og Minoriteten i det heile koma til sin Rett, so maa her ein heilt annan Politikk til, ein hovsam og klok, ein konstitutionell og national Politikk, - ikkje denne radikale bakstrævande Eventyrpolitikken, som Stang hev voret so usæl aa koma inn i.
           
Men ser fyrst Høgre dette, so vil Høgre krevja Stangs Avgang minnst likso sterkt som Vinstre. Høgre maa dette, dersom det ikkje vil ofra seg sjølv. Og me veit fraa fyrr, at naar Høgre ser sine Fyremaal i Faare, so er det ikkje seint, fyrr det segjer ifraa.
           
Høgrepolitikken hev i seinare Tider ikkje voret stort annat enn ein Matstrævar- elder Grytepolitikk, som hev voret framme der som var Mat aa faa, men hev glefst som Bikkja etter dei, som vilde knipa paa Kjøtvegti. Difyr hev Høgre voret so sinna paa Jaabæk, og like eins paa Sverdrup, for hans Arbeid bar helder ikkje paa den rette Mat-Leidi. Og difyr hev dei fylgt Stangs Regjering so trufast; for ho arbeidde altid paa aa faa mange og gode Embætte, høge Pensjonar, og gilde Drikkepengar til trufaste Tenarar, slik som me alle veit. Men kjem det no til det, at Stangs Regjering ikkje lenger kann hjelpa dei i denne Vegen; kjem det til det, at Regjeringi vert magtlaus, - so hev ikkje Høgre meir der aa gjera. Det vil krevja ei ny Regjering, ei Regjering, som hev nokot aa segja ; for dei vil tenkja som so, at ei Regjering kann vera so gali ho vil, so vil ho daa altid vera meir aa lita paa for dei enn Storthignsmajoriteten!
           
Det er med Høgre som med Boktrykkjar Aslaksen: det bøygjer seg mjukt for sine Overmenn; men det er som ei Løva mot den, som vil taka den arme Matbiten fraa det. Og det er i Grunnen so menneskelegt.
           
Eg minnest so væl eingong her for nokre Aar sidan kanskje eg hev fortalt det fyrr? Regjeringi fyreslog ei ny Løningslista for Embættsfolket, men gjekk ikkje so høgt med Forslaget sitt, som desse fann rett. Daa skulde du set Høgre! Morgenbladet gløymde med ein Gong baade Kongemagten og Fædrelandets sande Vel og de konstitutionelle Garantier og Ærbødigheden for den af Gud indsatte Øvrighed og skreiv Artiklar mot Stangs Regjering, so Busti fauk! Og Vikingen hjelpte til paa sin Maate med Visur og Slengjestev, som ikkje just var ærbødige, og tilslutt køyrde ein kjend Høgrepoet Regjeringi like upp aa Scenen og piskad henne der so godt han berre kunde, fordi ho ikkje hadde gjort sin Skyldnad i Matvegen. Det var det, det galdt. Og daa kom det Liv i Høgre!
           
Naturlegvis, dei vart ikkje Vinstremenn for det. Og det vil dei ikkje verta no helder. Uviljen mot dette Folkeveldet, den hev dei i Blodet. Det er berre faae men daa gjerna dei beste og finaste Naturar -, som kann vinna yver denne Stands- og Race-Mothugen, og dei vert daa ofta vaare fremste og klaaraste Fridomsmenn. Men i det heile vil Høgre halda fast paa sine Traditionar, sin Fedra-Arv, og vera Høgre sidan som fyrr. Men just difor vil det og krevja ei Regjering, som kann hava Magt til aa verja Høgre. Dei vil krevja ei Regjering, som er so vidt folkeleg, at ho kann samarbeida med Thinget, og so vidt vitug, at ho kann føra ein rimeleg Politikk; for einast ei slik Regjering kann hjelpa Høgre; og av denne Regjeringi vil det so krevja den Hjelp og Studnad, det hev Krav paa som Parti, som Stand og som Race. Og av ei slik Regjering vil Høgre faa Hjelp. Um so Sverdrup sjølv vart Statsminister, so vilde han vera fullt rettvis mot Høgre, det er ein Ting, som alle veit. Han vilde minnast sitt aandfulle Ord fraa Statsraadsdebatten, at det berre er ei Magt, som kann verja Minoriteten, - og det er Majoriteten. Høgre kom til aa kjenna seg mange Gonger tryggare under hans Styre, enn det vil kjenna seg heretter under Stangs.
           
Som sagt: det viser seg Merke til, at Høgre alt no tek til aa faa ei Kjenning av dette. Eit Par av Høgrebladi Bergens Aftenblad 1) og Trondhjems Stiftsavis hev alt teket til aa tala um, at Regjeringi ikkje lenger bør halda paa med sin Krig mot Folket, men slaa inn paa ein meir konstitutionell Politikk. Dette kjem Regjeringi ikkje til aa gjera. Derimot vil ho venteleg
prøva paa aa tvinga fram Riksrett; for ho liter paa Høgsterettsmennerne, og av Lagthinget vil ho, so langt det gjeng an, skjota ut alle, som ho ikkje kann lita paa, og so kann ho no faa ein Frifinningsdom av Riksretten. Og paa den vil ho so - unemnelege Politikk! paa den Riksrettsdomen vil ho so halda fram med Krigen sin mot Folket. Men Riksrett kann ho ikkje tvinga fram, og Thinget vil fylgja sin eigen Slagplan; paa den Maaten maa Regjeringi koma til aa liggja under, - og so vil Høgrebladi og Høgrepartiet med dei sjaa seg nøydde til aa skilja Lag med Stangs Regjering. Denne vil daa ikkje hava andre Tropper aa føra Krigen med enn dei reine Bakstrævs-og Samrøringsmenn, d. v. s. eit Faatal, som er so litet, at ho ingen Ting kann gjera med det.
           
Tilslutt vil Kongen ein Dag spyrja sine Menn:
           
Kor er det, De fører meg av - - ?
 
1) Det er falskt, naar Ein kallar Morgenbladet og dess Jamlikarar for Høgreblad og Aftenbladet m. fl. Centrumsblad; vaare Centrumsblad er reine Høgreblad, og Høgrebladi er Bakstrævarblad.