Ludvig den fjortande.

[Del 1 av 4.]
 
(Etter Tysk.)
 
Ludvig den fjortandes stolte Monarki vart i hans eigi Tid og dei nærmaste Mannsaldrarne etter honom set upp til med Undring, men sidan lastat og hatat. Det var den fyrste regelbundne Byggnaden, det absolute Monarkiet reiste i Europa, og det synte seg her med ein Glans og ei Magt som aldri sidan. Undringi var raadande, so lenge Soga stellte mest einkom med Kongar og Krig og Diplomatik; Lastingi vart meir aalmenn, daa dei nyare Tankar um politisk Fridom, um Lukka og Daning for det store Folk, kom upp, og Ein so dømde Einveldet etter desse.
           
Jamført med Tidi fyreaat, og dømt etter det, som daa vart gjort for Folks Utvikling, var Ludvigs Monarki ein agande Bygning av menneskelig Storleik. Paa den Tidi var Frankrike Mynstret for heile Fastlandet. Dei franske politiske Tilskipingarne, Styret, Herskipnaden, Hovskikken, vart hermt alle Stader. Fransk Kunst, Literatur, Maal og Sed styrde den civiliserte Heimen.
           
72-Aarsstyret hans Ludvig XIV var det lengste i Europa. Millom Karl den Store og Napoleon var ingen Drotten i Frankrike lik honom. Han var ingen Mann med Ovgaavur, ingen stor Herførar, ikkje Flogvit paa nokon Kant, men aatte stor Arbeidskraft, fast Vilje og ein stød Hug. Som Menneskje hev han havt ein overlag stor Inverknad paa Folket sitt, ikkje berre paa Politikken, men paa heile Livet og Kulturen.
           
Eg ætlar ikkje aa skriva ei Soga om Ufred, høg Politik, dei aandelege Rørslur i Religion, Vitenskap og Literatur; eg ynskjer berre aa gjeva i stutte Drag eit Bilæte av sjølve Borgarsamfundet.
           
Det aalmenne Samfundslivet, Borgarlivet og Folkelivet, vart litet tenkt paa fyrr. Sogeskrivingi skildrad berre dei øvste Lag av Samfundet, Kongar, Herførarar, Statsmenn; sjølve Vitenskaps- og Kunst- soga vart litet aathugad utanfyr ein liten Krins, fyrr langt inn i det literære 18de Hundradaaret. Daa vart Utsyni vidare. Montesquieu og Voltaire hev framfyr andre gjort Gagn her. Voltaire sette seg til Maal i Siecle de Louis XIV, ikkje aa skildra Gjerningarne aat den einskilde Mannen, men Mannsaanden sjølv i det mest upplyste Hundradaaret.
           
Men det vigtigaste Grunnlaget vantad enno for ei grundig Utgreiding. Fyrr dei nye Vitenskaparne, Nationaløkonomi og Statistik, tok aat med dei systematiske Randsakingarne sine um Fyretid og Samtid, raadde dei underlegaste Tankar, endaa um dei mest nærliggjande Landshøve. Daa ein Matrikel skulde skipast under Karl IX (ein ny Skatt skulde liknast ut), reknad dei Frankrik til 14,400 geogr. kvadrat Mil (det var i Røyndi 7,800 kvadrat Mil.,) og gissad paa 12,000 Byar og Landsbyar med 25 Mill. Eldstader. Naar ein reknad etter Maaten paa den Tid, 5 Menneskjur for kvar Eldstad, skulde det gjeva eit Folketal av 125 Mill. Sully (under Henrik IV) sette ned Talet paa Sokner hell Kommuner til 40,000, og det var endaa minnst 12,000 for mykje. Rimelegvis hadde Frankrik under Henrik IV ikring 12 Mill. Menneskjur, 1500 paa kvadrat Mili; no bur det i Frankrik 3,876 paa kvadrat Mili. Grekararne og Romararne talde sine Folk einskilt; i Medeltidi reknad dei etter Eldstader og gissad paa 5, sidan 4 ½, Mann for kvar Eldstad. Alt til dei nyaste Tider hev dei reknat Folketalet i Medeltidi mykje for stort, - plent liksom Trældom, Armod og Svolt skulde auka Folketalet. Etter Landvinningarne hans Ludvig var Frankrik 9060 kvadrat Mile; aalment vart gissat paa 10,800, og Vauban sjølv vaagad ikkje aa brigda paa dette, endaa Cassenis Mælingar hadde synt det sanne. Det vart mest tykt aa vera uloglegt aa knappa so mykje av Kongens Rike. Ludvig den XIV heldt i 1698 ei Folketeljing, den fyrste etter Karl den store; ho synte eit Folketal av 19 Mill.; Aalmenningen gissad paa millom 15 og 20 Mill., Sogemannen Dubos tvilad paa berre 13 Mill. I andre Land var det ikkje betre. Mot Slutten av Stuartstyret i England sette Sume Folketalet i London til fleire Mill., andre heile Englands til 2 Mill. I Røyndi hadde England nokot yver 5 Mill., London gode 500,000, Paris 450,000 Ibuarar.
                                               
( Meir.)