[Storthinget.]

Storthinget. I Møtet siste Maandag kom K. Motzfeldts Forslag um, at Riksraadssaki skulde framsetjast paa nytt som Grunnlogforslag fyr aa koma under Avgjerd paa eit av Thingi etter næste Val. Formannen (Sverdrup) framsette 2 Voterings-Emne med Avsyn paa detta Forslaget: 1) Vert aa kunngjera ved Trykken og 2) Vert aa vedleggja Protokollen: Roll framsette Forslag um aa bruka den vanlege Formi: 3) Vert under Formannens Hand aa kunngjera ved Trykken fyr aa koma under Avgjerd paa eit av Thingi etter næste Val. Rolls Forslag fekk 39 Røyster; millom deim var merkjelegt nog Jak. Sverdrup, som Onsdag Kvelden i fyrre Vika røystad fyr, at Avgjerdi av 17de Marts 1880 e r Grunnlog. Formannens fyrste Forslag fekk 52 R. mot 57; hans andre gjekk igjenom mot 2 Røyster. Hr. K. Motzfeldts Forslag er soleids vedlagt Storthingsprotokollen, der det vonleg vert liggjande til Domedagen. For gjeva Kongen absolut Veto vil det norske Folket aldri. Ellest hev Thinget i heile denne Vika haldet Møte baade Fyremiddag og Ettermiddag, vedteket Tolltariff med Tollauking paa Tobakken Herbudget o. s. b. Ferdugt kann det vandt verta fyre Tysdagen i næste Vika.
 
Regjeringi held tidt og jamt Møte um Sunndagen i den seinste Tidi. Bl. Annat vonleg fyr aa yverleggja, um det er nokot Vinstreblad, som hev skrivet slik, at det kann vera ein Skilling aa tena fyr Rikskassa i desse knappe Tider. Det er sjølvsagt, at Regjeringi hev aa greida Heilagbrogsbøter fyr sin Part. For enno hev det aldri i nokot Land voret naudsynlegt aa halda Riksraadsmøte um Sunndagen, naar me undantek Krigstider. Og ei Regjering bør ikkje gjeva vondt Eksempel fyr Aalmenningen.
 
Stadsfysikus Bidenkap hev fyreslegjet og Storthinget gjevet Pengar, 2100 Krunur, til 4 Røykfortærings-Innrettningar i Storthingsbyggnaden. Gartnerhus ved Slottet hev Storthinget negtad.
 
Militær-Nemndi hev fyreslegjet, at ho fær koma saman ut paa Sumaren og sitja utyver Hausten fyr aa fyrebua Herordningsforslagi. Innstillingi er samrøystes. Dei Medlemer, som er Embættsmenn, uttalar Von um, at Regjeringi ikkje negtar deim aa vera burte fraa Embætti. Dagpengar som Storthingsmenn.
 
Storthingsmennerne Tonning, Flor Wennberg, Dahl, Jørstad, Rasch, Berg og Konow hev fengjet Heimløyve.