[Notisar]

Kristiania, den 18de Juni.
 
Embættsverket.Stiftskapellan L. A. Meek er utnemnd til Sokneprest i Lenvik, Prest i Sand B. K. Blom til do i Ibestad, pers. Kappllan V. E. Mossin til do i Dvergberg, Realkandidat H. S. Munthe- Kaas til Adjunkt i Fredrikshall; Fengslspret J. C. Muller til Prest ved Rikshospitalet, Kapt. A. V. F. Schrøder til Post-Ekspeditør i Steinkjer og Postfullmegtug H. J. Hansen til do i Bodøy.
 
           
Bland dei 40 Storthingsmenn, som røystad fyr Sverdrups Promulgationsforslag i Riksraadsaki, var ingen Bonde, men 6 Repræsentantar fraa Landdistrikt: Sakførarne L. Smitt og Skattebøl, Fut Flor, Pensjonist K. Motzfeldt, Handelsmann Berg og Brukseigar L. Jensen. Dei andre 34 var Bymenn. Kvifyr vil ikkje Bymennerne vera med aa verja Grunnlogi? Vanleg fyrdi dei meiner, at dei i alle Saker bør røysta onnorleids enn Landmennerne. Liksom Storthing og Regjering ligg i æveleg Krig, so skal og By og Land standa mot kvarandre som tvo olme Uksar. Det er norsk Bymanns-Fedralandshug.
 
           
Storthingsveteranen Arne Baggerud, Lensmann i Nørdre Land, er daaen. Han var fødd 1805 og møtte paa alle Thing fraa 1845 til 1877. Han stod stødt paa same Sida som Ueland og Sverdrup.
 
           
Det svenske Blad Figaro skriv, at naar Ein ser paa den Stangske Regjeringi og det litle Slenget, som styd henne i Kampen mot Folkeviljen, kjem Ein til aa tenkja paa det Slags Folk, som fyrebur Umveltingar og so forbinast yver deim, naar dei kjem. Sigrar republikanske Meiningar i Norig, so fær dei Konservative skjota Skyldi ikkje paa Sverdrup, ikkje paa Bjørnson, ikkje paa Jaabæk, men paa den Stangske Regjeringi, meiner Bladet: for baade fyrr og no hev ho sett fram so radikale Grunnlogforslag, at ingen i Landet er so radikal som ho. Dagens Nyheter upplyser, at dei Røyster, som er komet fram i sume svenske Bakstrævarblad, inkje hev med Folkemeiningi i Sverig aa gjera. Gøteborgs Handelstidning segjer reint ut, at det svenske Folk hev djup Samhug med det norske Folks Kamp fyr aa halda si Riksforfattning. Det danske Morgenbladet kallar Stangs Regjering affældig og dømer Paafundet um det absolute Veto som en taabelig Doktrin.
 
           
Maandag Morgonen saag dei ein Elg paa Gaustad, ½ Mil fraa Kristiania. Fyr eit Par Aar sidan tok ein Elg seg ein Svipptur endaa innum Bygrensa.
 
           
Til Festningsarbeidet i Drøbaksund hev Storthinget i Dag negtat aa bevilga nokot. Grimsgaard fyreslog fyrst som Regjeringi Kr. 330,100, og sidan Kr. 100,000; men det fallt.