"Fædrelandet"

heiter eit Blad, som er fælande politiskt.
           
Soleids skriv det i siste Nummeret sitt (for 16de Juni):
           
Selvstændigheden er gaaet tilbage blandt vore Storthingsmænd; der er forliden Kraft til at modstaa Partitrykket, for megen et Frygt for Vælgerne. Aldrig har vel dette vist sig saa alvorligt som i denne Sag. Derfor maa det fremhæves, for at det kan blive anderledes. For Stortingets egen Skyld er dette nødvendigt. Dette maa Vælgerne betænke!
           
Dette vil segja paa godt Norsk:
           
Gode Veljarar! Send oss endeleg ikkje Menn, som i dei store Sakerne hev same Meining som De sjølve, og som er usjølvstendige nok til aa halda fast paa og gjenomføra denne Meiningi, endaa baade Professor Aschehoug og Professor Aubert bed dei um aa svika; men send oss Menn, som er so sjølvstendige, at berre dei kjem inn til Kristiania og fær høyra, kvat Professor Aschehoug og Professor Aubert vil, so gjeng dei yver strakst og bryr seg ein god Dag um, kvat De, Veljararne, vil og meiner!
           
Er ikkje det Politikk, so veit ikkje eg.
           
- Eit Spursmaal paa Samvit og Æra, gode Fædreland!
           
Dersom t. D. Mikkel Birkeland i Aar hadde vist seg so sjølvstendig, at han hadde negtat aa gjera som Veljararne hans vilde, men derimot hadde fylgt Sverdrup og Vinstre, t. D. i Promulgationssaki, - vilde so Fædrelandet rost Mannen for dette? Og vilde det neste Gong sett Mannen upp til Val paa nytt, fordi han var ein sjølvstendig Mann, som ikkje hadde Frygt for sine Vælgere?
           
Me veit, kvat Fædrelandet vil svara. Det vil svara som Presten svarad Husmannen sin -: Det er en anden Sag, det! Stangar di Ku mi Ku ihel so er det ei onnor Sak! Men daa skal me segja til Fædrelandet paa vaar Norsk:
           
Nei Far! det er nok same Saka.
           
 
Fædrelandet er fælande politiskt.
           
Det veit altso, at Vælgerne vilde Promulgationen. Det veit, at Veljararne vilde dette so sterkt, at dei likefram vende seg til Repræsentantarne sine og kravde, at dei i denne Saki skulde gjera sin Skyldnad. Fædrelandet veit og vedkjennest dette.
           
Og so krev det, at Thinget for aa tena Aschehoug og Aubert skulde gjera tvert i mot det Veljararne vilde.
           
Thinget skal altso ikkje repræsentera Folkeviljen.
           
Det vert ein forunderleg Fridom, denne norske, um dei juridiske Professorarne vaare fær det som dei vil.
           
Regjeringi skal ikkje bry seg um Folkeviljen. Den skal berre tenkja paa Kongemagti, Broderfolket og den vesle Professor-Minoriteten. Thinget skal ikkje bry seg um Folkeviljen; det skal berre vera lydigt og snildt mot Aschehoug & Aubert. Kven skal so til Slutt repræsentera Folkeviljen? Kvat er det du meiner, gode, gudelege Fædreland? Vil du, at Folkeviljen skal hava nokon Repræsentation?
 
           
Fædrelandet fortel ei lang og graatsprengd Soga um Forberedelsen af Storthingets Beslutning. Denne Soga viser, at Fædrelandet for aa tala med Sokrates trur aa vita nokot, endaa det ingen Ting veit.
           
Det, som Bladet iser græt fyre, det er fordi at dei Thingmennerne, som vilde verja Grunnlogi, og som difor no fær Namn av radikale, at dei hadde tenkt væl yver Saki, so dei visste kvat dei vilde, daa dei møtte fram i Debatten.
           
- Hadde ikkje dei andre gjort det? Møtte Aschehoug, Birkeland, Lambrechts, Motzfeldt og alle desse møtte dei upp i Debatten utan aa vita, kvat dei vilde?
           
I motsett Tilfelle ja daa kunde Skulemeisteren i Fædrelandet komet med Jammeren sin um, at man faar desværre ikke store Tanker om den Samvittighedsfuldhed, hvormed mange Storthingsmænd er gaaet til en saa alvorlig Beslutning!
           
Og naar Fædrelandet talar um Parti-Uvæsen . . . naaja! Aftenposten talar og stundom um slikt. Aftenposten kann og den Leksa um Selvstændighed -!
           
 
Naar Fædrelandet segjer, at Parti-Tyranniet og Frygten for Vælgerne er Grunnen til, at Bønderne stod so støde i denne Saki, so bør Fædrelandet vita, at det tøver.
 
Veit ikkje Fædrelandet, at Bønderne altid hev vakt yver Grunnlogi som yver sin Augnestein? Dei Herrar Professorar kann koma med sine lærde Krokar og Fortolkningar, so lengje dei vil: Bonden hev Grunnlogi, og den held han paa. Den læt han ingen Prokurator fortolka ifraa seg.
           
Og naar Menn som V. A. Aubert, elder Sandberg, elder Christian Friele, elder ja, til og med Hr. Amandus Schibsted, talar um, at Bønderne i Thinget hev vist Voldsomhed, Ubesindighed, Umyndighed, Umodenhed o. s. fr. o. s. fr., so er det so me maa skjemmast alle ihop av aa høyra slikt. Var den unge Skulemeisteren V. A. Aubert elder den unge Reporteren Amandus Schibsted uppe i Thinget og høyrde Menn som Lagthingspræsident Enge, Menn som O. S. Velde, som Baard Haugland, som C. Fougner, som O. Lindstøl, som S. Nielsen, som H. Øverland og andre slike, - høyrde dei tala? Kjenner dei desse Menn? Kann dei sitja paa sine Redaktørkrakkar og skulda slike Menn for Umodenhed og Ubesindighed utan aa raudna?
           
Eg, som skriv dette, hev aldri voret so stolt av aa vera Bonde og av aa vera paa Bondesida, som i denne Tid. At Bønderne var besindige, det visste eg fyrr. Men no hev dei vist, at dei og kann vera sterke.
           
Dei hev større Æra av det, som kom i Verk den 9de Juni 1888, enn dei fleste enno veit. Fædrelandet kann gjerna leggja Merke til det.