[Storthinget.]

Storthinget. Innstillingi fraa Protokol- Nemndi um Riksrekneskapen fyr 1876 er no ferdug. Ho gjeng ut paa Andsvar fyr:
 
1.      Herstyre-Chefen fyr Kr. 4580.40 i Utgifter ved ei Ferd (Lustvandelung) til Tydskland, Belgia og England, som tvo Kapteinar, Hertzberg og Heyerdahl, gjorde i 1875 (13 Mai 15 Juli) fyr aa læra Festningskunst og setja seg inn i Umgangsmaaten med Kanonstøyping o. dil.; um denne Ferdi er upplyst, at dei tvo Kapteinarne paa ein einaste Dag vann med aa sjaa paa det store Etablissementet hans Krupp i Essen og Jarn- og Staalfabrikverki i Bockum i Tydskland, at det Inkje var gjevet til Ferdi av Storthinget, og at ikkje ein Gong heile Riksstyret, men berre Chefen fyr Her-Departementet hadde samtykkt i Ferdi; 1 Medlem av Nemndi vil ikkje ha Andsvar, daa han voner, at Ferdi hev gjevet tilfredsstillende Udbytte gjennem de Erfaringer (?) og Kundskaber (?) som derunder ere vundne, og som ere komne til Nytte (?) ved de senere Behandlinger af Planerne for Drøbaksunds Befæstninger og Arbeiderne paa disse, men denne eine vil og vera med paa aa setja Stanns fyr Sjølvraadugskapen og innstiller: Kan passere, dog uden Følge for Fremtiden.
2.      Flotestyre-Chefen fyr Kr 20,773.20, som, korleids Ein reknar det, er aust ut or
Rikskassa for mykje elder i rein Faanytte fyr Frimerkjeprenting i 1875 og 1876; Fleirtalet meiner, at, dersom det kann løna seg i Danmark aa gjera Frimerkje fyr 4 2 Øyrur fyr 1000 Stkk., so maa det vera moglegt i Norig og aa faa det sama Arbeid utført med god Fortenest aat Fabrikanten fyr 7 2 Øyrur. Skilnaden, 30 Øyrur pr. 1000, gjer um Aaret ikkje mindre enn Kr. 11,123.50 Øyr., som er aust ut or den norske Rikskassa reint i Faanytte. Nemndefleirtalet meiner ellest, at me ikkje bør verta standande med 72 Øyrur (det er tvertom Kommitteens bestemte Mening, at en betydelig Reduktion endnu bør finde Sted), men ho vil ikkje ha Andsvaret fastsett ved Skyn, som Riksrevisionen hadde peikat paa, og hev vortet standande ved dei Kr. 20773.20, som ikkje gjer Uskil mot nokon. 3 Medlemer (Bang, Flor, Schjørn) vilde, som det tykkjest, gjerna vera med paa aa gjeva, um det so var 1000 Kr. pr. 1000 Merkje, naar berre Storthinget hadde voret dumt nog til aa tillata det fyrr, og Riksrevisionen ikkje hadde ankat yver det; likevel meiner Mindretalet og, at Departementet i videre Mon end skeet burde have forsøgt, om ikke Arbejdet for en billigere Pris var at faa forsvarligen udført.
3.      Chefen fyr Indre-Dept. fyr Kr. 2700 i Honorar til Arkitekt Due fyr Teikninger til eit
nytt Rikshospital; Professor Lochmann hadde sett Arbeidet med desse Teikningarne i Verk utan Løyve fraa Dept. Nokre Medlemer av Nemndi gjeng ut fraa, at det er Professor Lochmann og ikkje Riksraad Vogt, som kjem til aa betala Pengarne.
           
Ellest hev Nemndi fyr det meste den same Meining som Riksrevisionen, berre at ho er litevetta mindre strid i sume Stykkje.
           
Dei 40, som røystad imot Sverdrups Forslag, lyt me namngjeva; det er godt aa kjenna deim; det var 29 Embættsmenn og Embættssøkjarar: Roll, Schrøder, F. Steen, L. Smitt, Skattebøl, *Aschehoug, Grimsgaard, *Birkeland, *Lambrechts, Krag, Furn, *Bang, *S. Soelberg, Flor, Rasch, Johanssen, Saxe, Blackstad, Hansen, *Motzfeldt, Landmark, *Larsen-Naur, Thuesen, Helliesen, Schjørn, J. Smitt, Hirsch, Essendrop, Bonnevie, og berre 11 sjølvstendige næringsdrivande: Jebsen, Bruun, Helland, *Reinhardt, Knudsen, Svendsen, Bye, Berg, Jensen, Harbitz og Hille. Dei 8, som me hev sett * fyr røystad imot Punkt 2 i Sverdrups Forslag um aa yversenda Regjeringi Raadgjerdi med Bøn um aa faa henne kunngjort paa vanleg Maate. Korleids dei 32, som finn Raadgjerdi grunnlogstridig, kann verta med paa aa beda Regjeringi um likevel aa kunngjera henne, hev me vandt fyr aa skyna. Daa Sverdrup, Steen og S. Nielsen gjekk ut or Thingsalen, ropad Folk Hurra, Sverdrup talad nokre Ord til Folket, og Folket song: Ja, vi elsker dette Landet.
 
Jacob Sverdrup hev fyr havt Tillit i Thinget, dei hev trutt, at han var ein frilyndt og ein paaliteleg Mann. Men i seinare Tid hev fleire fenget Tvil til honom, og denne Tvilen hev vakset seg sterk i Aar; det er for det fyrste han, som hev Æra av aa ha fenget inn i Thinget slik ein Kar som Livius Smitt, som iallfall ikkje skal vera Folkepartiet til nokot Gagn. Og for det andre er det Hr. Sokneprest Jakob Sverdrup, som i Promulgationsdebatten hev gjort mest av alle til aa hindra Thinget i aa gjera sin Plikt og verja Folkets Rett og Magt. Motzfeldt med sitt Forslag kunde ikkje gjera stort; for dei Liberale kjenner Motzfeldt; Hr. Livius Smitt kunde endaa mindre gjera; hans Snakk skulde ikkje daara mange. Men Hr. Sokneprest Jakob Sverdrup, som fyrr hev havt Tillit i Thinget og hev gjenget for ein liberal Mann, - han kunde gjort Ugagn, og han gjorde det han kunde. Forslaget hans var uttenkt slik, at det skulde sjaa ut til aa vera paa Lag jamgodt med Præsident Sverdrups, berre nokot linnare, - lettare aa vera med paa for dei, som var rædde. Men Bønderne var gløggare enn Hr. Soknepresten tenkte, og daa han saag, at han ikkje fekk nokot med seg paa sitt pene Forslag, so gav han det upp til Slutten. Han gjorde altso so godt Fiasko i denne Saki, som det best var Raad; - det einaste, han vann, var aa styrkja den Tvilen, som alt var uppe hjaa fleire, um Hr. Sokneprest Sverdrups Frisinn. Han skal arbeida lengje og trufast, dersom han vil døyva ned att denne Tvilen no.