[Notisar]

Kristiania, den 11te Juni.
 
Embætts-Utnemningar. Resid. Kapell. J. M. Lund til Sokneprest i Oslo ; Sjømannsprest O. Asperheim til Sokneprest i Hjartdal; pers. Kapell. A. Aanesen til Kallskapell. i Hetland; Kand. M. J. M. Bie til Kallskapell. i Øystre Thoten; Cand. A. W. Uchermann til Prest i B ø, Vesteraalen; Kapell. C. P. H. Gullichsen til Prest i Valle, Sætersdal, Byfut Fischer i Dramn til Landsdomar i Sydre Heidmarki.
 
           
Kyrkje-Nemndi hev vedteket Regjeringsforslaget til Lov um Abnormskuleverket, likvel med ymse Brigde. Nemndi set i Utsyn Rikshjelp til ein abnorm Skule i Hamar Stift og ein i Kristiania Stift.
 
           
I Gøteborgs Handel- og Sjøfartstidning er innteki fylgjande Helsing fraa Norig til Sverik 17de Mai:
 
Eg hissar eit merkje for Sverikes land
Av annat enn dukar og band
Det vitnar oss brøder alt frå den tid,
Då bonden tvingad til landafrid,
Og syner Sverikes kvinnor og menn,
At Norig friboren stod og stend.
Det merket er kallat det norska mål -
Er godt i sitt Slag som det svenska stål
Og kasta dei Nordmenn det tjodmerket ned,
Bland tjoder dei aldri skal teljast med!
 
Verset er, som Ein ser, godt i sin Tanke, men likvel ikkje nokot Mynster paa tjodlegt Skaldskap.
 
           
Professor Joh. Storm hev av Rikspeningen til Videnskabsmænds og Kunstneres Reiser i Indlandet fengjet 400 Krunur fyr i Sumar aa innsamla norskt Maalstoff; Stip. Yngvar Nilsen likeins 400 Kr. fyr aa studera norsk Sed og Folkeskikk.
 
           
Det Grunnlogforslag, Regjeringi hev sett fram um Røysteretten, gjeng ut berre paa Røysterettsinnkniping. Jordeigedomen skal hava Skuld 12 Skilling elder 20 Øyrur elder Verde 600 elder 400 Kr., og Kaupstadsborgerskapen skal drivast eldervera driven. Eit Alternativ gjeng likvel ut paa, at Jordleiga skal setjast istaden fyr Bygsel. Og so skal dei, som er innførde i Manntali 30de Juni 1880, faa vera med aa røysta til sin døyande Dag. Tenk fyr ei Lukka!
 
 
Presten ved Jakobs og Johannes Kyrkjelog i Stockholm Dr. Lundberg, som nyst do, hev ved Testament gjevet Kr. 100000 til ymse milde Stiftingar, mest i Stockholm, og Frøyken J. S. Gieseéke hev gjevet tvo Eigedomar, verde Kr. 145000, til Kunstdeildi i Nationalmuseet. Boksamlingi hennar skal ganga til det kgl. Bibliothek, Kunstsakerne til Industrisamlaget og det andre Lausøyret til Kunstdeildi i Nationalmuseet. Um slike Gaavur i Norig høyrest det litet.
 
           
Frua til Henrik Ibsen og Sonen hans skal koma til Norig til Sumaren og verta verande her, Sonen ved Universitetet.
 
           
I Danmark er det mange Kvinnur, som studerar ved Universitetet, og mykje flinke er dei fleste av deim. Dei les mest alle Medicin, og sume vil strakst vera ferduge. Mange unge Gjentur gjeng paa Frøyken N. Zahles Institut og tenkjer seg til aa taka Student-Eksamen. Skal tru kor lengje det vil vara, fyrr Morgenbladet tek Ordet fyr, at Kvinnur skal gjevast Løyve til aa studera ved det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania?
 
           
Paa Madagaskar hev Missionærarne vaare i Hovudstaden, Antanarivo, kaupt eit Hospital paa 10 store og mange smaae Rum fyr 850 Doll. Det er soleids mykje billegare enn det norske Rikshospitalet i Kristiania.
 
           
Det nordiske Skulemøtet i Stockholm i August. Dei, som vil vera med i detta, fær nedsett Fragtpengarne til Helvti paa dei svenske Riksjarnveger, vonleg og paa dei norske.
 
           
I Trondheim er dei missnøgde med, at Jarnvegsstationen fyr baae dei Banurne som gjeng ut fraa Byen, vert bygde paa same Staden. I eit Møte vart det uttalat, at Sameiningi stend i Strid med Fyresetningarne fyr Hamnearbeidet og derattaat er skadvæn fyr Byens Handel. Med Avsyn paa det siste ser det ut, som Handelen i gamle Nidaros gjeng best, di vandare det er aa faa Vararne fram paa Marknaden.
 
           
100 Aar. Kari Ugelstad av Kvernes do den 21de Mai, 100 Aar gl. Ho leiver etter seg 122 Efterkomarar.
 
           
Lækjar G. A. Hansen er fraadømd Posten som Lækjar ved Spitelskestiftingi No. 1, men ikkje Embættet som Yverlækjar fyr den spitelske Sjukdomen.
 
           
Fraa Chikago. I Konventionen til Utnemning av Præsidentemne fekk ved den 8de Avrøystingi U. S. Grant 305 og Blaine 282 R., ved den 9de Grant 300, Blaine 284 og so framleides ved dei andre Avrøystingar, med ved den 36de vart likvel Garfield, Senator i Ohio, utnemnd til republikansk Kandidat med 399 R., Grant hadde berre 306. Valet kjem soleis til aa standa millom Garfield og den demokratiske Kandidaten, vonleg Tilden.
 
           
Det fyrste norske Arbeidarmøtet i Kristiania 26-28 Juli. Hovudbanen og ei Mengd Eimskipsdirektionar hev gjevet Tilsegn um, at dei, som vil vera med i detta Møtet, skal sleppa med aa betala halv Fragt, naar dei framviser Vitnesburd um Medlemskap fraa Styret fyr det Arbejdarsamfund, som dei stend i.
 
           
Dei 4 største Rikingar.Irlendingen Mackly, som spilad upp fyr 16 Aar sidan, men no eig Sylvgruvur, som gjev honom i Aarsyverskot 29 ½ Mill. Kr., Bankieren Rothschield med Aarsinnkoma 36 Mill. Kr., Senatoren Jones i Nevada (Amerika), som hev 18 Mill. Kr. i Inntekt um Aaret, Hertugen av Wistminster, som tek inn 14 ½ Mill. Kr. um Aaret.