Sanktionen er negtad.

Den 29de Mai 1880 negtad Oskar den 2dre aa godkjenna den 4 Gonger vedtekne Storthings avgjerdi um Riksraadarne i Thinget, tiltald til dette av heile det norske Riksraadet, so nær som ein Mann: Riksraad Johannesen.
 
           
Hermed hev Ministeriet Stang dømt seg sjølv, historiskt, fyr all Tid.
           
Det hev lagt sin sanne Natur fram i Dagen paa ein Maate, som er syrgjeleg aa sjaa. Alle veit fraa no av, at Storthinget i sitt lange og aalvorlege Motstand mot dette Styret hev havt uendeleg Rett. Mot slike Styresmenn maatte Folket verjast. Bakstrævet og Forsvenskningsstrævet vil enno vedkjenna seg Stangs Regjering, men dermed gjera Domen yver henne dess tydelegare og tyngre. Alle andre, konservative som liberale, veit no, det dei fyrr kanskje ikkje trudde. -
           
Stangs Styre hev med Ord og Gjerning visst, at det ikkje trur seg bundet av Norigs Grunnlog.
           
Det hev med Ord og Gjerning vist, at det ikkje kjenner seg bundet av Folkets Vilje, kor klaart og sterkt og loglegt han enn vert framsett, og kor gode Grunnar han so hev fyr seg.
           
Det hev med Ord og Gjerning vist, at det berre bryr seg um eit: sin eigen jammerlege Klikpolitikk, som ho altso hev viljat misbruka si høge Stilling til aa gjenomføra, like godt, anten Folket var mot elder med.
           
Og denne jammerlige Klikpolitikken er den: aa gjera det norske Folket um fraa sjølvstyrande til kongestyrt og fraa Sjølveigar til Husmann.
           
Det vart sagt paa Eidsvoll i 1814, at Norig burde ikkje vera Republikk; for Republikken førde til eit av tvo: Anarki (Styreløysa) elder Oligarki (Faamannsstyre).
           
Norig fekk ikkje Republikk. Det fekk Kongedøme under Bernadottarne. Kvat hev det ført til? Det kann sjaa ut til, at det skal føra, ikkje til eit av tvo, men til baae tvo: til Oligarki og Anarki.
           
Menn, som lett kann teljast, sit i denne Dag inne med Magti: Det er nokre Menn ein liten Flokk -, Menn, som hev gjort seg upp ein Doktrin, ein politisk Theori, som Folket sjølv hatar av all si Magt, men som dei like godt vil hava fram, og som dei etter beste Magt styrer etter. Der hev me Oligarkiet. Og Maaten, dei no vil føra sin Theori i Verk paa, ber, so vidt me kann forstaa, ende ut i Logløysa. Me hev vist det fyrr: Logi er ikkje Log, naar ho ikkje fær gjelda so som ho er sett; no vil desse Faamennerne ikkje eingong vyrda Grunnlogi som ho lyder. Ei Logfortolking, som Folk ikkje eingong er samde um; som etter det dei fleste meiner stend i rak Strid med Logi som ho er, og som Folket i det heile ikkje paa nokon Maate korkje kann elder vil godkjenna, - ei slik Fortolkning skal no utan vidare gjevast til Grunnlog. Gjeng det, so er me paa god Veg. Farvæl til all Agt og Age fyr Log og Rett, naar sjølve dei Styrande tek til aa gjera Kunster med sjølve Grunnlogi! Farvæl til all Statsskikk og all Statsorden, naar Riksens Forfatning ikkje skal gjelda fyr meir enn kvar juridisk Professors juridisk-politiske Meiningar!
 
           
Dette: aa vilja taka seg til det absolute Veto. . . det er so reint grovt! Kor uendeleg desse Faamennerne maa vanvyrda Folket og Storthinget, naar dei kann vilja og vaaga slikt, tvert i mot det dei veit, at baade Folket og Thinget vil! Kvat er det, som skal gjelda i eit Land? Kvat er Meiningi med aa vera eit Statssamfund? Er det det, at eit halvt Tjug Juristar skal kunna øva seg i politisk Eksis? Er det det, at den og den Mannen elder den og den vesle Klikken synest Moro i aa gjenomføra det og det Innfallet? Skal det ikkje vera Aalvor dette aa hava ein Riksskikk? Er det ein Blindebukkleik, der det berre gjeld um, kven som kann snyta den andre best og gjera dei største Fantestykki? Er det ikkje so, at naar eit Folk hev skipat seg til eit Samfund, so er Samfundet Folket, og so er Folkeviljen Samfundsviljen? Elder er Samfundet berre aa likna med ei Samanstiming paa Gata, der det kjem farande eit Par Konstablar, som svingar med Lurken og ropar or Vegen! Plass fyr Kongen!? -
           
Dei Herrar av det Stangske Styret maa tru, at Samfundet ikkje er stort annat. Folkeviljen er ikkje til fyr desse Folk. Dei gjeng berre der og reknar yver, kor mykje dei kann vaaga. Kor mykje kann me vaaga i Senn? Kann me vaaga aa blaasa i ein Adresse? Aaja. Kann me vaaga det suspensive Veto? Aaja. Kann me vaaga -; ja det lyt me sjaa paa fyrst -; skulde det vera faarlegt? skulde dette Thinget, kunna reisa paa seg fyr slikt -? Aa nei! lat gaa! me tek det absolute Veto. Dei finn seg i det. Dei gjer oss ingenting. Me tek det! Marche! Plass fyr Kongen! - Samfundet er ikkje Folket; Folket er berre denne Hopen paa Gata, som Ein kann fara aat med som Ein vil, berre Ein ikkje gjeng so vidt, at Ein eggjar Flokken paa seg; - Samfundet, det er me; det er denne Kliken av politiske Konstablar.
           
Det absolute Veto er bygt paa den Læra, at Forfatningi er ei Kontrakt millom Konge og Folk. Men Forfatningi kann ikkje vera ei Kontrakt millom Konge og Folk, fyrdi Kongen er ingen annan Ting enn Folkets eigen Repræsentant, Framsynaren og Ikjøtingi av sjølve Folkeviljen og Folkemajestæten. Set Kongen fyr seg sjølv, og han er ikkje annat enn eg og du elder kvar annan Privatmann. Er han Konge, so er han det einast ved det aa vera godkjend som Repræsentant fyr det suveræne Folk. Ei Kontrakt millom Konge og Folk vilde altso berre segja det same som ei Kontrakt, som Folket hev gjort med seg sjølv!
           
Og det er sannt! Grunnlogi er ei Kontrakt, som Folket hev gjort med seg sjøl. Men dermed er det og sagt, at Grunnlogi ikkje kann vera Kontrakt med Kongen serskilt. Kongen serskilt er ingen Ting; eit Folk kann ikkje paa Fridoms Vilkor gjera Kontrakt med einskild Mann. Det kunde gjera Kontrakt med ein Konge, naar han var ein Framand, som hadde teket Landet med Hermagt. Men daa var det ikkje lenger Tale um Fridom. Kongen er Konge i Kraft av Grunnlogi, d. v. s.: Grunnlogi var til fyre Kongen, og han kunde einast verta Konge ved aa underkasta seg den; naar den var til, i Kraft av Folkeviljen, so kunde han sverja Truskap til den, og ved det - verta Konge. Eit av Tvo: anten er Folket ufritt, og daa kann det tinga med Hervinnaren og faa istand ei Kontrakt, som daa altid gjev ein Fridom berre paa Liksom og paa Naade; - elder er Folket fritt, og daa gjev det seg sjølv si Forfatning (gjer Kontrakt med seg sjølv), korar sjølv ein Mann til aa vera sin Repræsentant og øvste Førar, og gjev honom Retten til aa vera dette, og Retten til aa kalla seg Konge, einast paa det Vilkor, at han underkastar seg den folkegjevne Grunnlog og sver den Truskap. So hev det gjenget i Norig. -
           
Dei, som segjer, at det norske Folket i 1814 gjorde Kontrakt med Kong Karl den 2dre (i Sverig XIII), dei snakkar altso anten reint Tull, - elder og meiner dei, at Norig i 1814 var eit herteket Land, som forhandlad med Svensken paa Ufridoms Vilkor. Men meiner dei det, so slær dei Soga paa Munnen og so lyg dei fraa sitt eiget Folk baade Æra og folkeleg Vyrdskap.
           
Dei, som sit i Riksens Raad, maa tru paa Læra um Kontrakti, og det er paa Grunnlag av den, at dei tek absolut Veto. Eit av tvo altso! Anten er denne Kontraktlæra, som dei fer med, berre juridiske Krokar og Knep, som dei brukar for aa vinna Saki, elder so gjeng dei ut i fraa, at Svensken i 1814 tok Norig med Magt, og at det norske Folk altso aldri hev voret fritt, men berre hev innbillt seg, at det aatte Fridom.
           
Der er slike Folk, me hev til aa styra Landet vaart og til aa verja um Forfatning og Fridom!
 
Eit Folk, som er fritt, og som veit kvat det gjerer, gjev seg aldri sjølv Institutionar, som skal kunna endeleg og avgjerande stengja dess eigen Vilje Vegen.
           
Eit Folk vil, naar det gjev Utøvingsmagti Rett til aa negta Sanktion, sikra seg det, at ei Log aldri skal koma i Verk, fyrr ho i heil og full Meining er Folkevilje. Difyr hev me suspensivt elder ut-drygjande Veto. Kongen kann segja Nei tvo Gonger. Tvo Thingval paa Rad kunde vera Frukt av tilfellige Strøymingar og Uppeglingar; tvo Thing kunde, naar det var svært galet, vilja ein Ting, som Folket i det heile ikkje vilde. Men kjem det tridje Thinget og vil plent det same er Folket altso raadspurt tri Gonger -, daa maa Thingets Vilje vera Folkevilje. Og det, som sikkert og visst er Folkevilje, det er Log med det same - Kongemagti hev ingen serskild Rett utanfyr den! det, som sikkert og visst er Folkevilje, det er Log, like godt, anten Kongemagti hev Hug paa det elder ikkje.
           
Folkeviljen er det frie Samfunds Log. Den Setningen er Grunnen og Kjernen i all verkeleg Fridom.
           
Dette gjeld fyr vanlege Logjer. Men Grunnlogi er nokot fyr seg sjølv. Grunnlogi er Garantien fyr dette, at Folkeviljen skal vera den styrande Samfundsmagt; det er den, som liksom gjev Folket Brev paa, at det eig seg sjølv, og at dess eigen klaare Samvilje er Magti i Landet; men just difyr maa Grunnlogi vera heilt og fullt i Folkets Eign. Her er Kautelar her med, men paa ein annan Maate.
           
Kunde nokon annan blanda seg inn i Grunnlogspursmaal, so var ikkje Grunnlogi lenger denne fulle Garanti fyr Folkets Rett. Berre eit suspentivt Veto i Grunnlogsaker vilde koma i Strid med det, som er Aandi og den innste Grunntanken i denne Logi. Folket hev gjenom Grunnlogi sikrat seg full Suverænitet, full Rett yver seg sjølv. Det finnst ikkje Magt, som skal kunna segja Nei til det, som i fullt Aalvor er Folkevilje. Folket hev gjort Kontrakt med seg sjølv um det. Ingen kann blanda seg inn i dette. Her segjer Folket som Folk greidt og klaart sin eigen Grunnvilje, som er den, at alle Samfundsmagter berre er til fyr aa framføra og gjenomføra Folkets Vilje. Fanst det ei Magt i Samfundet, som kunde blanda seg inn her med det minste Kny, - so var ikkje lenger Folket sitt eiget. Fanst det ei slik Magt, so maatte det vera ei framand Magt, som hadde magti si annanstad ifraa enn ifraa Folkets frie Vilje. Altso maatte det vera ei Hervinnar-Magt, som Folket stod under, som Folket paa ein elder annan Maate var nøydt til aa bøygja seg fyre; dette Folket, som talad i Grunnlogi, var altso likevel ikkje suverænt; dei kunde likevæl ikkje tala heilt og fritt i sitt eiget Namn; - det hadde altso likevæl ikkje denne Retten til aa krevja, at Folkets eigen Samvilje skulde vera Samfundets øvste Log; - det fanst likevæl ei Magt utanfyr Folket, som hadde Rett til aa leggja eit Ord med i Laget, - og var det so, daa var Folkesuveræniteten (dvs. Fridomen) strakst innknipt, og det so sterkt, at Grunnlogi kunde ingen full Garanti gjeva fyr denne Suveræniteten elder Folkets Rett til aa vera Herre yver seg sjølv.
           
Kann Folket ikkje tala heilt ut i sitt eiget Namn i sjølve Grunnlogi; finnst det ei Magt, som hev eit Ord aa segja jamsides Folket i sjølve Grunnlogi, - daa finst det og ei Magt i Folket, som Folket ikkje sjølv er Herre yver, d. e.: Folket er ikkje fullt Herre yver seg sjølv, Folket er ikkje suverænt, - ikkje fritt.
           
Grunnlogi er so heilag som det beste me veit aa nemna! I Grunnlogi er det Herren i Huset sjølv, som talar, og naar Herren i Huset sjølv talar, so tigjer alle hans Sveinar og Ærendsmenn; og finst det ein, som hev Magt til aa leggja imot elder blanda seg inn i Talen, - so er ikkje Herren i Huset heilt ut det, han gjev seg ut fyr aa vera.
           
Det var ikkje fyr ingen Ting, at vaare Fedrar heldt Grunnlogi so i Æra som dei gjorde! Um dei ikkje alle forstod det, so hadde dei alle Kjensla av det: i Grunnlogi talar sjølve det suveræne Folk, og naar det talar, so tigjer alle dess Sveinar og Ærendsmenn; for er det Herren i Huset, som talar! -
           
Altso: berre eit suspensivt Veto er mot Aandi i Grunnlogi. Berre eit suspensivt Veto vil gjera Skard i Folkesuveræniteten, d. e. i Fridomen. - Og so kjem desse Juristarne og snakkar um Kontrakt og krev tek det absolute Veto.
           
Det vil vera aa gjera Grunnlogi til Fjas og Fridomen til eit Narreverk; det er aa riva Eidsvollsverket ned til Grunnen.
           
Dette vil desse Menn, som no sit paa Riksens Raadsbenk. Dette vil dei, og dette vaagar dei!
 
 
Men dei hev si Meining med det. Og det er snart det verste.
           
Dei vil, at der skal vera ei framand Magt, som hev Rett til aa negta Norigs Folk aa vera sitt eiget.
           
- Huset Bernadotte er fyrst og fremst Sverigs Kongehus. Sverig er største Landet; Sverig maa Kongarne fyrst og fremst eiga. Altso maa dei altid sjaa etter, at Sverig fyrst og fremst fær Sitt. Og det norske Riksraadet hev gløymt, at det i Grunnen skulde vera det norske Folks Raad hjaa Kongen; det hev vortet til Hans Majestæt Kongens Raad og trur, at det fyrst og fremst skal arbeida fyr Hans Majestæt Kongens (dynastiske) Bate. Dessutan trur det, at Norig, som er eit litet Land, hev best av aa gjera seg til Husmenn. Norig hev ikkje Raad, til aa vera sin eigen Mann.
           
Altso absolut Veto! Hender det daa, at det norske Folket vil nokot, som kann vera til Bate fyr Norig, men som ikkje Sveig elder Bernodotte som Sverigs Konge synest um, so Nei. Nei og nei og nei, til dess Svensken finn fyr godt aa segja Ja. Det er dette, som ligg under. Fedrarne i 1814 gjekk inn paa Samlaget med Sverig, men paa dei Skilordi, at Norig etter Eidsvolls-Konstitutionen skulde vera heilt suverænt. Sønerne i 1880 segjer: Samlaget med Sverig er det fyrste; alt maa burt, som kjem i Strid med den.
           
Altso absolut Veto!
 
           
Ministeriet Stang hev dømt seg sjølv, til Grunns og fyr alle Tider.
           
Og so syrgjeleg som det hev ført den norske Konge med seg i Ulukka! Hr. Sivert Nielsen stod der upp aa Slottet aa talad vent um Folkets Kjærleik til Kongehuset; no held ikkje Sivert Nilsen ein slik Tale til i sine Dagar, det me trur.
           
Eit Folk, som vert slik medfaret, elskar ikkje den Haandi, som slog. Ein Konge, som utan Grunn negtar Folket dess heilage Rett, ein slik Konge vinn ikkje sitt Folks Kjærleik.
           
Hendt er hendt. Det er tungt, det er syrgjelegt aa vita det, og det vil gjera eit Skifte i vaar heile Politikk. Men dei som lid mest under det det vert ikkje Folket.
           
Det norske Folket vil staa det yver. Kannhenda var det ei slik Aalvors Stund og slik ein Aalvors Strid, det trengde. Fraa no av forstend alle, at Leiken er Aalvor; og det var all Tid norske Menns Skikk: aa gjeva aalvorlegt Svar paa aalvorleg Tale.
           
Men det er andre, som ikkje vil staa det yver.