Kvat Bonden tenkjer.

(Brev fraa Telemarki.)
 
So langt som eg heve høyrt umkring her i Telemorkji aa fraa andre Stelle, baade Aust aa Vest, so heve her inkje vore slik Otte, Eld aa Harme uppe i Folkje sia 1814. Otten aa Harmen snur seg no etter dei seinste Rygti, som heve kome, imot dei Stortingsmennanne, som dæ heitest skal stande ustøe i Spursmaale um Promulgationen. Regjeringji er her no mindre Tale um; ho heve berre synt seg slik, som dei heve venta henne, aa kven kann vente Alda paa turre Kvistar? Men skulde dei Storthingsmennanne, som er valde til aa fremde Statsraadsakji, inkje stande trufaste her aa minnast dei Ordi, som song so heilagt aa innerlegt inn i kvar norsk Mann aa Kvinnes Hjarta, dei Ordi som Eidsiviamennanne sae, daa Grunnloven var ferug, daa dei sto i Ring mæ Haand i Haand: einige aa tru, til Dovre fell! daa vil dei faa eit syrgjelegt Ettermæle i Norigs Soga. Ein høyrer alt dei drugaste Ord, aa dæ av Menn, som inkje plar vera upp i den fyrste Vinden. Ein høyrer: Vil dei brjote Grunnloven vaar! Kjem dei inkje ihug kva me heve svore? Kjem dei inkje ihug Konstitusjonseiden? Gjenge dei aa rør der inne i Kristiania, tenkjer att aa fram, skræmer kvarandre aa rør aa rør, til dei korkje veit ut helder inn? - Ille vilde dæ vera, um dei skulde tru seg aa hava so mykjy meir Vit enn dæ Folkje, som valde dei, at dei inkje skulde kunna minnast Ordi aat Kong Øystein: Her finnst enno Menn i Norig, som er dikkons Jamlikar! um dei inkje skulde kunna minnast, at Folket, som heime sit, baade veit noko aa vil noko! Ja, dei vil noko, aa dei Ordi som ber fram denne Viljen, dei vil eg inkje nemne no.
           
Kven skal me lite paa, blir her titt sagt, naar me inkje kann lite paa vaart eigje Storting?
           
Er Harmen alt so stor no, so vil den koma til aa bli umaateleg, dersom Stortinget skulde svikta i denne Sakji, som er so aalvorleg, og som ber i seg vaar heile folkelege Framtid.
                                               
Jørund Telnes.