Den Kongelege Propositionen

                       
(Sth. Prp. No. 61)
 
ang Negtelse af Sanktion paa Storthingets Beslutning af 17de marts 1880 til Grundlovsbestemmelse om Statsraadernes Deltagelse i Storthingets Forhandlinger m. m., er eit trist Dokument.
 
Naar Ein les det, kjem Ein til aa tru, at det maa vera tilkomet paa den Maalen, at einkvar Kopisten i Justitsdepartementet, som ikkje kann skriva Stil, hev gjort Utdrag or ein elder annan Artikkel av Morgenbladet. Det er skrivet so daarlegt, at Du reint maa sveitta deg igjenom det, og i Tanken er det so gamalt og so armt, at du synest du hev leset det same hundrad Gonger fyrr - og mange Gonger betre.
           
Naar Ein minnest, at Storthingsavgjerdi kom den 17de Marts, og at Sanktionsnegtingi vart avgjord den 29de Mai, og Ein dertil veit, at baade Konge og Regjeringi hev havt eit svært Stræv med Saki i all denne Tidi, so skulde Ein venta, at dei vilde leggja fram eit reint Storverk um dette aalvorlege Spursmaalet. Men nei. Departementet segjer alt det, det veit aa segja, paa6 Sidur (S. 15-20 i Propositionen). Og desse 6 Sidurne inneheld som sagt korkje meir elder mindre enn ein vanleg politisk Leder i Morgenbladet. Det er eit Statsdokument, som Regjeringi kann vera stolt av. -
           
 
Departementet byrjar med aa fortelja oss, at det anser det ophøiet over Tvivl, at der tilkommer Kongen absolut Veto med Hensyn [til 1)] Grundlovsforandringer.
           
Ikkje eit Ord til Prov elder Paavisning. Ikkje Namnet til Grunnar. Ikkje den minnste Freistnad paa aa avsanna elder avstyrkja dei aalvorlege Grunnarne, som er framsette i mot det same Veto. Ikkje eit Tiltak til aa forklara, kor Regjeringi tek Retten ifraa til aa dikta Institutionar, som Grunnlog og Forfatning ikkje eingong kjenner av Namn.
           
- Det einaste, me sidan fær høyra um det absolute Veto, er eit Par Ord, som Statsminister Stang hev sett til serskilt, der han fortel oss, at han eingong, daa han var ung (i 1833), skreiv ei Grunnlogtolking og viste, at Kongen ikkje hadde absolut Veto. Men, fortel den gamle Mannen, jeg har forlængst opgivet denne Meining, som jeg efter den Prøvelse, den af senere Forfattere 2) er bleven underkastet, og efter egne fornyede Overveielser har maattet erkjende uholdbar.
           
Punktum.
           
Ikkje eit Ord meir. Ikkje den minnste Ting til Forklaring elder Rettleiding. Han kann ikkje eingong nemna dei senere Forfattere, som hev røvt fraa honom hans Ungdoms Syn. Og han prøver ikkje paa aa leggja fram den minnste Tiltyding um sine egne fornyede Overveielser. Kvi legg ikkje den gamle Statsmannen sin Visdom fram? Naar han sjølv hev skift Meining i eit so aalvorlegt Spursmaal, so maa han daa ynskja han, Statsministeren, Regjeringsformannen han maa daa ynskja, at andre Folk og skal faa det same Vitet som han, elder iallfall at Folket, og Storthinget, skal kunna forstaa, at han hev kunnat skifta Meining i denne store Saki. Han, som byrjad so staut, han, som Folk eingong hadde slik Tillit til -! Men nei. Ikkje eit Ord. Den gamle Mannen er trøytt og like sæl. Han hev Ingenting aa segja. Han berre tilstaar. Eg hev for lengje sidan uppgjevet mi Ungdoms Meining. Eg kunde ikkje halda henne uppe. Punktum.
           
- Og etter dette krev han, at heile Folket skal gjeva upp si Meining og sin faste, heilage Vilje fyr hans! Fyrdi han hev voret veik og vesall og ikkje kunnat verja sitt Standpunkt der upp i Hofflufti, - difyr skal Folket no sleppa sin beste, sin dyraste Rett, svika sitt land og si Soga, - og det utan so mykje som aa faa eit Ord til Forklaring! Den gamle Mannen maa vera fælt gamall.
 
 
Kongemagten er Forfatningens konservative Element. Ho skal yde en Minoritets gjenholdende Anskuelser og Minoriteternes Tarv i det hele en tilbørlig Opmærksomhed ligeoverfor en seierrig Majoritet. Kjem Statsraadarne inn i Thinget, vil Statsraadhvervet blive vanskeligere og besværligere, og der vil gjerast altfor store Krav til Statsraadernes Fasthed og Selvfornægtelse i at taale Modgang.
           
Den gamle, gamle Leksa. Hundrad Gonger avtynd; men Stangs Regjering vermer henne upp paa nytt. Til-med Læra um Minoritetarne. Denne Læra, at Kongemagti er til fyr aa berga Minoritetarne, vart i siste Thingdebatten so øydelagd, so sundflengd, so gjenomlyst i heile si jammerlege Meiningsløysa, at Regjeringsmennerne i Thinget ikkje lenger vaagar aa snakka um den Ting. Men Regjeringi vaagar det. Ho er so utanfyr alt, at ho forstend ikkje lenger det som kjem fram. Ho hev sin Lirekasse, og den er gjord til aa spela sine visse Tonar, - og so spelar ho desse Tonarne, so ofta ho skal spela. Ho kann ikkje faa andre Tonar fram paa den Kassen.
           
- Ikkje den minnste Tanken um, at ei Regjering daa i Grunnen fyrst og fremst er sett til aa regjera! Ikkje eit Hugsviv um, at ei Regjering, som skal regjera, maa hava politisk Kraft! Det einaste, Stangs Styre krev av ei Regjering, iallfall av ei norsk, er denne eine Gaava som visseleg og er den einaste, det sjølv hev aatt -, den Gaava aa kunna sitja fast paa Statsraadskrakken, anten so Folket er imot elder med.
           
Like godt, kvat Folket vil! Like godt, um Regjeringi kann ut-retta nokot elder ikkje! Halda seg fast til Krakken i godt og i vondt Ver det er all den Politikken, som ei norsk Regjering tarv kunna.
           
Ei Regjering etter vanlegt Mynster skal hava Magt i Folket, hava Autoritet. Ho skal ikkje driva som eit Vrak i Dagsens Strøymingar, ho skal styra si Skuta! Men nei; det hev ikkje Stangs Regjering Draum um.
           
- Aa, det hev sin djupe, syrgjelege Grunn! Det heng ihop med dette same, som me hev nemnt fyrr i Dag: det heng ihop med, at gamle Norig ikkje lenger skal vera sitt eiget. Det skal ikkje liva sitt eiget politiske Liv. Difyr treng det ingi Regjering. Det treng berre slik ei juridisk Hella um Foten.
           
I Aaret 1874 framsette Regjeringi ein Proposition, som sagde til Thinget. Dersom du vil betala oss so og so mykje, so skal du faa din Vilje fram i Riksraadssaki. Men Betalingi var den:
 
1) Rett fyr Kongen til aa uppløysa Thinget;
2) minst 1500 Dalar i Pension til alle avgjengne Riksraadar;
3) Innkniping av Storthingsmannsdiæten til ein viss Sum fyr Sessionen;
4) Rett fyr Kongen til aa kunna sanktionera elder forkasta Storthingsavgjerder, etter at Thinget var uppløyst.
 
Dette Forslaget vart møtt i Thinget med 111 Nei.
           
Ikkje ei einaste Røyst til Hjelp fyr Regjeringi. Det var eit Nederlag so knusande, so politisk øydeleggjande, at ingi Regjering i Europa kunde ha funnet seg i det utan Stangs norske.
           
Men Stangs norske Regjering er nokot fyr seg sjølv, den.
           
Ikkje nok med, at ho vart sitjande paa sin Plass like godt, berande Slaget med utenkjeleg Selvfornægtelse. Men 6 Aar etter, i Aaret 1880 - kom ho ruslande upp i Thinget att med sitt same hjelpelaust ihelslegne Forslag og sagde: vil du no - ?
           
Stemningen kunde ha forandrat seg! segjer Stangs Regjering. Sist vilde ikkje Thinget handla med meg; men kanskje det kunde ha betre Hug no!
           
Regjeringi trur altso, at ho i dei siste 6 Aar hev vortet so mykje sterkare, og at Thinget i dei siste 6 Aar hev vortet so mykje veikare, at det ho ikkje dreiv fram i 1874, det skal ho kunna driva fram no. Thinget, tenkjer ho, maa fyr si Æra Skuld faa Riksraadssaki igjenom no, like godt kvat det kostar. Thinget hev gjenget so langt, at det kann ikkje slutta. Men Thinget vaagar ikkje aa promulgera. Me, Stangs Regjering, med vaar Aschehoug, med vaart Morgenblad o. s. fr., er so sterke, at dei vaagar ikkje aa reisa Rygg. Me kjenner vaare Dyr. Altso: no maa Thinget taka vaare Vilkor. Vil det ikkje tapa heile si Æra og all sin Vyrdskap, so maa det gaa med paa Handelen. Den Kaal, det spytted i, den faar det søbe selv. Og so kjem Regjeringi ruslande upp i Thinget, slær upp sitt gamle Kraamskrin og segjer til Norigs Storthing: skal me handla i Dag?
           
So fin ein Politikk skulde du aldri sjaa. -
 
           
Men Regjeringi hev eit Par nye Ting i Kraamkista si denne Gongen.
           
Den eine Tingen er nokot, som ho kallar Utviding av Røysteretten. Utviding -? Ja det vil segja Innkniping.
           
For det fyrste skal Myrmennerne tynast. Naa! Myrmannsinstitutionen hev aldri voret annat enn ei Naudberg, til me fekk nokot betre, so det fekk vera for det det var. Men for det andre . . . ja for det andre skal Utvidingi liggja i det, at medan Grunnlogi segjer: alle som eig matrikulerad Jord, so segjer Kongeframlaget: alle, som hev matrikulerad Jord paa 12 Skillings Skyld. Og det vil segja, at mange, mange av dei, som etter Grunnlogi no hev Røysterett, dei skal fraatakast denne Retten.
           
- Det er alt so forunderleg likt seg. Du høyrer strakst, kor det er komet ifraa!
           
Den andre nye Tingen, som Regjeringi hev med seg i Kraamkista, er nokot som ho kallar Tokammersystem. Det vil segja: Odelsthing og Lagthing skal skiljast aat i tvo serskilde Thing; Odelsthinget skal vera eit Folketing paalag som Storthinget no; men so skal Lagthinget vera eit Stormanns- elder Adels-Thing, som skal hindra Folkethinget i aa faa fram annat enn slikt, som smakar dei rike og Embættsmennerne i Landet.
           
- Denne Tanken um eit Dobbelt-Thing hev Regjeringi fyrr ikkje viljat voret med paa. Det er Aschehougs Tanke. Men Stang vert gamall, og Aschehoug er seig. Og so er Aschehougs Tankar so gjenom-ufolkelege. Det er juridiske Stove- og Kontordraumar, som i Grunnen maa smaka Stangs Regjering. Og Tiderne er slike no, at alle Nissar og Tomtegubbar maa slaa seg ihop. So tek Regjeringi Dobbeltthinget upp paa Programmet.
           
- Det kann ho godt! Det er berre ein Sau meir i Flokken. Det er same Slaget alt. Det eine er likso upraktisk og umoglegt som det andre. Dei kunde koma med eit Forslag um aa byta Thinget sund t. D. i fyra stånd gjorde ingenting. Elder dei kunde koma til Storthinget med eit Forslag um aa utnemna Kongen til den allervisaste Salmons Vikarius, elder til Pave, elder til Sultan. Stangs Regjering er allmegtig. Ho kann gjera kvat ho vil.
           
Ein Ting maa likevæl segjast til Æra fyr denne same Regjeringi. Tanken um Dobbelt-Thinget er det ikkje Meiningi at ho vil faa gjenomført strakst. Nei! Ho hev daa eit Slags Vit paa Tidi og Tidmerki, ho og. Ho berre viser Tanken fram. Ho rosar Tanken, legg eit godt Ord inn fyr Tanken, legg honom so ned i Kraamkista si att og segjer som so, at so gild ein Ting vil De væl ikkje handla av meg enno, men -! Og so slær ho so smaatt paa, at liksom ho er meint paa aa byta til seg eit absolut Veto mot Riksraadssaki -, soleids vil ho sidan eingong prøva aa kaupa av oss eit Overhus for ei Vidking av Røysteretten.
           
- Skal tru, Thinget vil handla med denne Kraamkaren?
           
 
Sth. Prp. No. 61 med Tillegget No. 62- er eit trist Dokument. Det er vondt aa vita, at Landsstyret skal vera komet so reint ut or den Leidi, som vart utkastad i 1814, og so reint burt fraa Folket og dess Tankar, som me meir og meir ser at ho er. Det er vondt aa vita, at me hev eit Styre, som Thinget ikkje paa nokon Maate kann arbeida ihop med, ja ikkje eingong forhandla med. Naar eit Land stend slik, so er det i Naud. Me spottar yver alt dette, som Regjeringi kjem med; men under Spotten ligg Sorg. -
           
Storthing, Storthing! til deg stend vaare Voner. Du ser det sjølv: Landet maa ut or dette. Landet kann ikkje trivast, naar Vilkori er, som dei no hev vortet. Folket maa hava sin Rett.
           
 
Assessor Bachke galdt for ein svær Kar, fyrr han kom inn i Styret. Han vart sett inn der just for aa vera til Hjelp i denne store Striden, og alle konservative trudde, at han skulde verta ein Frelsarmann for dei no.
           
Paa denne eine Innstillingi, Sth. Prp. No. 61, hev Statsraad Bachke øydelagt seg. Det er ingen lenger som trur, at han er Politikker.
           
Bakstrævet hev i det heile havt Uheppa med sine Stor-Augurar. Sjaa som i Thinget. Menn, som vart valde i den serlege Meining aa mot-vega Sverdrup det vart valt fleire; sume skulde motvega Sverdrup i eit, sume i annat; for Sverdrup er faarleg paa mange Leider, han -, dei vert med ein Gong so forunderleg smaae, so snart dei kjem inn i Thinget, paa Sida av gamle Præsidenten. Elder og, dersom det er Menn med Hovud, so gjeng dei med Sverdrup mykje lenger, enn Bakstrævet synest um.
           
Saki er den: det som er sannt og godt, det vil gjerna faa Magti, helst naar Striden stend for Aalvor. Magna est veritas, et prævalebit!
 
1) Dette til er innsett av Bldst. fyr aa faa Meining.
2) i Morgenbladet?