[Vondt Samvit.]

Vondt Samvit. Daa Politiet og Kommandanten paa Akershus kom til Vissa um, at Sanktion vilde verta negtad paa Thingraadi i Riksraadsaki, innkallad dei Militær; dei kjende med seg sjølve, at det gjordest Folket Urett, og trudde, at Folket vilde risa til Motstand mot Riksraadet. Men dei gjorde Rekning utan Vert. No hev Kommandanten teket Ordet fyr, at Militæret fær Heimløyve. Politimeistaren segjer etter Morgbl., at det visstnog er so, at nokot politiskt Missnøgje ikkje hev slegjet Rot hjaa det lægre Folket her i Byen, men at det er aa ottast, at Troppestyrken vilde verta for liten, naar politiske Demonstrationer bragtes istand. Paa detta Grunnlaget hev Justits-Dept. samtykkt i, at Innkommanderingi vert varande. Men dei tek imisst baade Politimeistaren og Departementet; det er nog av politiskt Missnøgje; at detta hev slegjet grundig Rot hjaa baade høge og laage, saaast Onsdag Kvelden i Arbeidarsamfundet, daa Advokat G. T. Mejdell heldt eit gildt Fyredrag um Kongens Veto, og store Mengder av Arbeidarar so vel som Ikkje-Arbeidarar gav honom Medhelde i, at Kongen inkje Veto hev i Grunnlogsaker. Men Arbeidararne Pøbelen som dei kallast paa Høgderne veit, at me hev eit Storthing, som er litande paa, og at Staak berre vilde skada deim og Landet. Dept. kann difyr gjerna spara Rikskassa fyr Utgifterne til Militæret: dei Arbeidarar, som hev politiske Hugmaal, gjer ikkje Uppstyr, men nøgjer seg med aa lesa Grunnlogi og lita paa Thinget.