[Notisar]

Kristiania, den 4de Juni.
 
Storthinget. I Møtet siste Maandag tok dei den Raadgjerdi aa lat dei Menn, som daa var medlemer av Val- Nemndi og Embættsmenn i Storthinget og Lagthinget, verta standande til Thinget sluttar. I Odelsthinget valde dei derimot Steen til Formann og Skattebøl til Skrivar. I Storthinget er soleids Formann: Sverdrup. Til Riksrevisorar er uppattvalde: Gaarder med 103, Kildal og Sverdrup 102, Hjorth 95 og Berner 93 R. (Selboe hadde 11, Bergh 9, Hølaas 7, Grimsgaard 2, Platou 1 R.). Til Vararevisorar valdest: Sekretær Hølaas, uppattvald, 63 R., Kapt. Alb. Jacobsen 59, Advokat Joh. Bergh, uppattvald, 54 R.
 
           
Daane. Keisarinna Maria Alexandrovna i Russland Torsdag 56 Aar gl. Snidkarmeistar Math. Hansen i Kristiania, den einaste av dei 58 Valmenn i Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger, som røystad paa Advokat Kildal ved det siste Valet.