[Motzfeldt]

Motzfeldt, fyrr Statsraad, no Pensionist og Storthingsmann fyr Jarlsberg Amt, gjeng ikring og gjer alt det han kann for aa hindra Promulgationen. Kvar hev no sin Maate aa gjera seg namnkjend paa. Han framlagde den 2dre Juni eit Motforslag mot Sverdrup, og dette Forslaget gjeng ut paa, at Thinget fyrst skal sleppa inn det absolute Veto, og at det so sidan um tri Aar fyr 5te Gang skal taka uppatt Avgjerdi um Riksraadsaki. So fær det væl Sanktion daa, naar Kongen fyrst hev fenget absolut Veto. Det er utrulegt, at Hr. Motzfeldt enno kann tenkja, at Thinget vil vera med paa slikt. Hr. Motzfeldt hev narrat dei liberale ein Gong med den Adressen sin; dei liberale spann ikkje Silkje av det. Men paa den Adressen hev Motzfeldt sett til Resten av den Innflytelse, som han eingong hadde i Thinget. Han kann visst agitera so sterkt han vil, - Folk kjenner Kloi.
           
Det finnst andre og uppi Thinget helst Prestar, er det sagt; endaa vil me ikkje nemna Namn -, som gjer alt det dei kann for aa øydeleggja Saki og trælka Folket under eit absolut Veto. Folket vil merkja seg desse Mennerne og vyrda dei, som dei fortener.
           
Det kann i eit Tilfelle som dette vera hardt aa gjera sin Skyldnad. Men mange Gonger verre vil det vera aa teljast med millom dei, som sveik.