The Question.

Dersom Grunnlogi er ei Gaava fraa Kongen til Folket, so er det sjølvsagt, at Kongen hev absolut Veto i Grunnlogsaker.
           
Dersom Grunnlogi er ei Gaava fraa Folket til seg sjølv, so er det sjølvsagt, at Kongen ikkje hev Veto i Grunnlogsaker.
           
Hev Kongen av sin frie Vilje gjevet oss Grunnlogi, so hev han og Rett til i kvart einskilt Tilfelle aa avgjera, kor langt Fridomen skal naa; daa er Grunnlogi bundi av Kongens Vilje.
           
Hev Folket sjølv gjevet seg Grunnlogi, so er Kongen Konge, berre naar han underkastar seg Grunnlogi; daa hev han ingen Rett yver den, men Kongens Vilje er bunden av Grunnlogi.
           
Det er dette, det no gjeld. Skal Svensken faa Rett, naar han fortel oss, at Fridomen vaar er ei Gaava av den svenske Kongens Naade? Skal den Grunnlogi, som me i 66 Aar hev drøymt um, songet um, gledt oss i, voret byrge av, - skal den no visa seg aa vera eit laant Plagg, som me ikkje hev Rett yver, og som Eigaren kanskje ein god Dag kann krevja attende? Og vaar folkelege Suverænitet, Odels- elder Sjølveigar-Retten til Landet vaart, - skal den visa seg til Slutt aa vera eit Bygselbrev paa ein Husmannsplass?
           
Med eit Ord: var det den 17de Mai, me vart frie, elder fekk me Fridomen den 4de November?
           
That is the question!
           
Soga svarar: det var den 17de Mai.
           
Soga svarar: den svenske Kongen gav oss aldri i Verdi Fridomen. Han gjorde alt det han kunde til aa taka Fridomen fraa oss; men han underkastad seg tilslutt. Og endaa gjorde han nokre Aar etter nye Freistnadar med aa faa Grunnlogi umgjord og mindre fri. Den svenske Kongen vilde ikkje, og kunde ikkje vilja, at Norig skulde vera fritt; han fann seg berre i det, daa han saag, at det var det klokaste.
           
Men det Stangske System hev lært Soga si av svenske Skulebøker, og der stend det ikkje so. Det Stangske System svarar etter dei svenske Skulebøkerne: me fekk Fridomen den 4de November. For berre naar Ein gjeng ut ifraa det, kann Ein tru, at Kongen hev absolut Veto. Og daa er det greidt. Hev Kongen av sin forunderlege og urandsakelege Naade gjort oss frie utan vaar Fortenest, so vilde det vera Utakk, um me negtad honom ein slik Ting! Den, som fær ei stor Gaava, maa ikkje vera kaut. Han lyt takka fyr det han hev fenget, og ikkje krevja meir. Var han for stornøyten, kunde han missa det, han hadde fenget og. Fatik Mann maa altid fara smaatt her i Verdi.
           
Mennerne av det Stangske System held paa denne Fatikmannspolitikken. Og dei vil hava heile Landet til aa vera med paa den. Den 17de Mai er Ingenting; den 4de November er alt. 1814 tyder Ingenting; 1824 med sin Adresse veg meir enn baade Grunnlog og Riksforsamling. Kongen hev absolut Veto! Norig er u-suverænt! Lat oss takka Hans Majestæt fyr hans store Naade og Visdom! Prestebladet Fædrelandet er naturlegvis med. Norig er ikkje so fritt som me hev trutt! Te Deum laudamus!
           
Kanonsalutten paa 17de Mai krengjer seg etter dette mest um til Spott. Norig vart ikkje fritt den 17de Mai, difyr skyt me no med Kanonar! - -
           
Ja, dette er Spursmaalet. 17de Mai elder 4de November? Norig elder Vest-Sverig? Fridom elder Naade? Fedrarne paa Eidsvoll elder Professor Aschehoug? Storthinget av 1880 vil svara.
           
Storthinget av 1880 skal avgjera, um Eidsvollsverket skal falla elder staa. Fedrarne i 1814 svor ein dyr Eid; den tonar underlegt ned til oss no. Dei svor, at dei vilde staa enige og tro, til Dovre falder.