Sanningi vil vinna.

Sanningi er sterk, og ho vil vinna.
           
Regjeringi sit so syrgjeleg trygg og reknar ut, at ho kann fara aat mot Thinget som ho vil utan Vaagnad. Ho trur, ho kjenner sine Folk; ho tenkjer som so: Det hender aldri, at desse Bønder og desse Liberale kann samla seg i eit sterkt Tiltak. Det er og ein av dei Ting som viser, kor saart ho treng um aa koma inn i Storthinget.
           
Det er sannt: vaart liberale Parti hev voret veikt. Dei konservative hev voret faae i Tal; men dei hev havt so mykje Politikk i Livet, at dei hev kunnat samla seg og arbeida i fast Samlag under eit styrande Princip; og daa vert endaa eit Faatal sterkt. Men dei Liberale hev voret sundsprengde i Smaaflokkar, som hev dreget kvar til sin Kant, og so hev dei havt Magt deretter. Eit Parti kann vera so mannsterkt det vil: hev det ikkje eit klaart styrande Princip og Kraft til aa bøygja seg inn under det, so at det gjeng fram i fast Fylking altid, so snart det gjeld, - so kann det vinna i tusund Smaating, men det vinn aldri eit stort Slag, og daa vert det politiskt veikt. Vaare liberale hev kunnat knipa av paa ein Pensjon elder negta Løn til eit nytt Embætte; dei hev kunnat faa den og den Komite sett med so og so radikale Folk; men kneip det i eit Aalvors Tak, - so kom Usemja upp, og so vart dei veike. Og difyr hev ei Regjering som den Stangske vesall og veik som ho er, og med alle sine politiske og økonomiske Mistak til denne Dagen kunnat sitja med Magti. Utan Dugleik, utan Kraft, med berre ein jammerleg liten Minoritet med seg, men eit stort Fleirtal imot seg og endaa styra Land og Rike! Det er so Ein kann skjemmast av aa sjaa det. Slikt kunde aldri henda, dersom Oppositionspartiet var politiskt sterkt, d. e.: dersom det arbeidde i fast Samlag og med klaart Sikte paa sin styrande politiske Tanke.
           
No er det dette, som er Ulukka fyr Stangs Regjering: ho kjenner berre det liberale Parti slik, som det fyrr hev vist seg. Ho hev ikkje lagt Merke til, at den liberale Politiken hev vakset i dei seinare Aar, serleg etter det store Nederlaget med Mistillitsadressen. Hadde Regjeringi havt Tanke um dette, so hadde ho ikkje vaagat aa negta Sanktion paa ei 3die Gongs Avgjerd. Hadde ho voret i Thinget no, so hadde ho havt ei Kjenning av dette, at det liberale Partiet tek til aa veksa seg sterkt, - ikkje berre stort, men sterkt, fast i Veden, klaart yver seg sjølv, med Evne til Samling og Samarbeid. Men Regjeringi reknar med det liberale Parti fraa 1872. Ho trur ho hev Yvertaket i politisk Kunst og politiskt Vit no som daa. Og i den Trui er det, at ho vaagar dette svære Mistaket, som vil gjera baade henne og Kongemagti meir upopulær enn ho drøymer um.
           
Men lat det liberale Parti enno hava mangt etter aa læra i Politikken; - so mykje hev det lært i dei seinare Aars Strid, at det ikkje i ei Stund som denne læt seg føra burt fraa det, som det i Grunnen vil. Naar det gjeld ei Sak som denne, so slepper det ikkje lenger sitt Sikte paa den liberale og folkelege Grunntanken; her kjenner Partiet, at det kann ikkje skilja seg aat utan med det same aa sprengja seg sjølv og dermed uppgjeva og svika si heile Sak og si heile Soga. Difyr vert Regjeringspolitikken i dette Tilfellet so forunderleg uklok. Det vil visa seg i sjølve Røyndi, at denne Politikken kjem til aa sprengja seg paa det, som han just vilde berga seg paa: det aa stengja seg ute fraa Folket.