Frimurarskapen i Norig.

Høgrebladi hev mislikat paa, at det i Verdens Gang og Bergens Tidende er komet fram Upplysningar um, korso Frimurararne driv med Svenskefjesk og Bakstræv, og dei vrid, so godt dei kann, paa Sanningi, at det skal sjaa ut, som um dei innsende Stykke i desse frilynde Bladi berre fer med Vas og inkje hev stort Sanning i seg. Sjølve Fædrelandet er med i denne Leiken og fær paa den Maaten Høve til aa syna, korso det stend til med den Kjærleikjen til Sanningi, som det plar rosa seg av. I same Stykket som det kjem med Slengjeord, syner det, at det inkje kjenner til Frimurarskapen, men daa kann det fulla inkje vita det minnste, um dei framkomne Upplysningar er sanne eller inkje. Samstundes med, at dei norske Bakstrævsbladi fer soleids fram, hev sume svenske Blad som Dagens Nyheter og Gøteborgs Sjøfarts och Handelstidning skrivet, at dei framkomne Upplysningar tilstyrkjer gamle kjende Fraasegner i Sverike. Det velkjende Merket B. B. skriv i Verdens Gang: Ein svensk Embættesmann hev fortalt meg fylgjande. Ein Dag sagde ein av Overmennerne hans til honom, at det inkje var rett gjort, at han, som Frimurar inkje var oftare i Logen, eit Samtal spann seg ut av di, og det sluttad med, at Overmannen hans let han vita, at der til høge vedkomande vert innsendt Listur, som ein kann sjaa utor, dei, som er annsame Frimurarar, og dei, som inkje er det; og han tvilad inkje paa, at desse Listur var av Vegt for Embættesmenn. At Uppfatningi er den same her i Landet, og at difyr Menn, som vil koma snøggt fram paa Embættesvegen, gjer seg til Frimurarar er ei kjend Sak. B. B. upplyser ogso, at det, som no er komet fram um den svenske Frimurarskapen hev han havt Kjennskap til lenge sidan.
           
I Bergens Tidende er ein Murar ute og skriv um Frimurarskapen og det svenske System. Han skriv seg for ein Murer af 33te Grad med Ret til at sønderbryde Formen og det i stærkeste Regnveir. Etter dette aa døma maa han inkje sjølv vera svensk Murar, daa dette Systemet inkje kjenner fleire en 11 Grader.
           
Kvat den upphavelege og reine Frimurarskapen var kann ein sjaa av Logjerne aat Ordenen; dei vigtigaste Drag er:
           
§ 16. Frimurarordenen hev til Endemaal aa utvikla Menneskja til eit sedelegt Samfund av sedelege Personar, sambundne med kvarandre med Broderskapens heilage Band.
           
§ 17. Dette Endemaalet sit søkjer Ordenen einaste aa naa paa ein sovoren Maate, at han aldri kjem i Strid med dei sociale, politiske, kyrkjelege elder religiøse Høve, som finnst til ymse Tider og paa ymse Stader.
           
§ 18. Difyr er det forbodet kvar einaste Loge aa blanda seg upp i sociale politiske, kyrkjelege elder religiøse Saker. Helder inkje maa i open Loge Ordensbrøderne offentlegt dryfta elder privat snakka um sociale, politiske, kyrkjelege elder religiøse Spursmaal.
           
§ 19. Derimot er det kvar einaste Broder i den aalmenne Heimen umeint aa hava og strida for dei Meiningar, han vil, um sociale, politiske, kyrkjelege og religiøse Spursmaal, berre at han aldri freistar med aa naa Maalet sitt paa ein usedeleg elder ærelaus Maate Og skal kvar ein Broder i som utanfor Logen ha Umgjenge med sin Broder etter Bodet: Du skal elska din Næste som deg sjølv, utan Avsyn paa dei (kannskje motsette) Meiningar um sociale, politiske, kyrkjelege elder religiøse Spursmaal, som Broderen kann hava.
           
§ 20. Soleids skal og i Logen kvar ein Broder kunna hava kvart sit Embætte og koma upp i dei høgste Graderne aat Frimurarordenen utan Avsyn paa hans Meiningar um sociale, politiske, kyrkjelege elder religiøse Ting, berre at han ikkje i Logen freistar med aa vinna andre for sine Meiningar og utanfor Logen ikkje paa uærleg elder logstridig Vis søkjer aa faa dei spreidde ut millom Folk elder strider paa ein sovoren Maate for dei.
           
§ 32. Ordenen søkjer aa naa Maalet sitt:
           
1) utaat gjenom den vidaste og største Velgjerd i kvar Tyding aat Ordet og Tanken, og 2) innaat gjenom den Eldhugen, som den kongelege Kunsti hev i seg, med di ho vil, at kvar Broder, uppeldad av den sedelege Tanken, skal liva og yrkja med slik ein Eldhug utor same, at han endelaust uppeldar kvar Broder og Inkje-Broder til aa liva det same Mynsterlivet.
           
Detta er den upphavelege, sanne Frimurarskapen, som vist ingen kann hava nokot mot aa segja. Onnorleids er det med det hjaa os innførde svenske System. Detta hev sett seg det Maalet aa gjera Sverikes Konge til protestantisk Kjeisar og Pave (!) Dette Systemet er grundad paa fylgjande urimelege Læra: Jesus havde gjevet nokre utvalde Apostlar ei løynleg Læra, som gjenom mange Skjepnur til Slut kom til Tempelherrarne. Men daa Paven med Vald i 1311 gjorde Ende paa Tempelherreordenen, flydde sume av Herrarne aat Skotland, der dei heldt paa med sit Yrke innan Frimurarordenen, som alt daa var til. Stormeistarskapen gjekk yver paa dei skottske Kongarne og Kongsemni i Stuart-Ætti, like til dess Gustav IV Adolf af Sverike den 1ste December 1783 av den siste Stuart Karl Edward fekk seg gjort til hans Medhjelpar og Ettermann i Tempelherreordenens Stormeistarskap. Den Retten gjekk seinare yver til Karl XIII og fraa honom yver til alle svenske Kongar. Under denne Læra stend alle svenske Loger, den til Sverike skattande Loge i Kristiania og dei tvo Logerne i Bergen og Dramn, som høyrer under denne. Fleire lærde Menner millom Frimurararne hev synt, at det svenske System berre er Vas. Soleids er det vist, at Karl Edward nokre Aar fyrr han gjorde Gustav IV Adolf til Medhjelpar hev uttalat, at den heile Læra um Tempelherreordenen var reint paa Vidaatta, og at Inkje her er litande paa. Det er ogso tyske Frimurarloger, som høyrer under det svenske System, men daa den tyske Krunprinsen i 1784 hadde vortet viss paa at det heile var Dikt, braut han med det og lagde ned Hamaren.
           
Alle andre Loger hev stødt haldet fast ved, at det svenske System strid imot den sanne Frimurarskapen, og er Dikt og Vas. Det meiner ogso, at nettupp avdi det strider mot den reine og upphavelege Frimurartanken og hev berre sin Grunn i Lygn, inkje hev Liverett, men er reint avdømelegt. Me Normenn maa so mykje meir her vera vare og vakne, som Forfattaren upplyser, at Logen her arbeider fyr det sjølvstyrande Kongedøme og Norigs Samrøring med Sverike.