[Kristiania Arbeidarsamfund.]

Kristiania Arbeidarsamfund. Siste Sunndag var det Val paa 6 Medlemer av Styret. 3 av deim, som hadde stadet i detta fyrr, bad seg fri: Bakar Kristensen, Bokprentar Jørgensen, Redaktør Vullum. I Staden deira vart valde: Skomakar O. Bruun med 202 Røyster, Fabrikarbeidar O. Kjelsen, og Skæddar E. Engelstad (179 R.). Uppattvalde vart Sakførar Dietrichs (312), Faatøkforstandar A. Johnsson (225) og Maskinist M. Larsen (213 R.). Dei andre 6, som stend i Styret fraa Valet i November enno eit halvt Aar er: Fabrikantarne F. Otto og C. A. Larsen, Sekretær A. Hølaas, Bokbindar C. L. Jacobsen, Timbermann K. Heiberg og Maalar A. Andresen. Til Suppleantar valdest: Ølbryggjar E. Ringnæs (121), Arbejdarform. O Larsen (117), Skræddar O. Halvorsen, Cigarlaggar P. Larsen, Rørhandlar E. Sunde og Sadlmakar Vardrum. Valet var reint Vinstreval, og Morgenbladet, som ikkje lagde tvo Pinnar i Kross fyr aa faa eit annat Resultat fyrre Valet, kastar seg no yver baade dei gamle og dei nye Styremedlemerne verre enn den bengalske Tigeren, ja Bladet græt jamvel Krokodilletaarar paa Arbeidararne sine Vegnar, fyrdi Skræddar Ole Halvorsen, som i Samband med Sakførar Tvethe og Maalar C. Nielsen dreiv framfus Agitation mot dei Valde, ikkje kom inn i Styret. Det kann vera hardt fyr ei gomol Skrukka som Morgenbladet aa sjaa, at den eine Samfundsstytta fell etter den andre, og me skynar godt, at slikt piner Bladet, men naar det talar um, at Styret i Arbeidarsamfundet raser mot Kapitalen, tullar det visst i Ørska, og naar det segjer, at Samfundsstyret hev til Augnemed aa framkalla Split og Uvilje millom Arbeidarar og Arbeidsherrar, og at det uppøser Arbeidararne til aa sjaa paa Arbeidsgjevararne som sine politiske og sociale Motstandarar, som dei skal liggja i Krig med, talar Bladet paa ein Maate, som vandt kann forsvarast. Det same gjeld Fædrelandet; det slo her um Dagen paa, at nokre missnøgde Teglverksarbeidarar upp i Akersokni, som gjorde Staak, kastad inn Vindaugo og slo sund Bord og Stolar m. m., hadde lært aa fara slik aat i Samtalelaget i Arbeidarsamfundet. Me skal segja Fædrelandet ein Ting: den Arbeidar, som gjeng inn i eit Samtalelag, der Meining vert utbytt mot Meining under parlamentarisk Form, gjer ikkje Staak; difyr trur me helder ikkje, at nokot Medlem av det Samtalelag, som den bakstrævande Sakførar Tvethe hev fengjet istand upp aa Kampen som ligg nær innaat den Staden, der Teglverksarbeidararne gjorde Uppstyr, - var med i detta. Detta til Fædrelandet, som enno hev att aa læra seg den Kunsti aa bruka høvelege Ord. Slike Gnellrebikkjur som Morgenbaldet, Fædrelandet og Konsorter er ein Pest fyr Samfundslivet, og det maa i Røyndi vera hardt aa koma ut fyr eit slikt Kobbel. Ein fær gjera sitt beste til aa jaga deim inn i det Gjøymslet att, der dei hev heime. Skreiv dei med godt Samvit, skulde me endaa ikkje segja so mykje um, at dei tok imisst, men so sannt dei skriv mot betre Vitande, er det liten Grund til aa vise deim Vægd. Og baade Kr. Friele og V A. Aubert veit elder burde iminnsto vita, aa Styret fyr Arbeidarsamfundet aldri, korkje under Eilert Sundt og deim, som saman med honom stiftad det gamle Arbeidarsamfund, elder det Styret, som no er, og som Medlemerne vil hava, hev sett Arbeidararne upp mot Kapitalen elder sett nokot Slags Uppstyr i Verk, medan dei sjølve og Konsorter fekk Flagg-Uppstyret i Stand; me hugsar, at Hr. Friele upplyste, at Berner budde i 3dje Høgdi, vonleg fyr at Pøbelen skulde finna dei rette Vindaugo aa kasta inn. Dei talar um, at upplyste Folk som til dessa anten hev voret med i Samfunds-Møte elder studt det paa annan Maate, no ufeilbarligt efterhaanden vil træffe sig tilbage. Me skal til detta segja, at det ikkje finnst den Mann i Byen, som hev studt Arbeidarsamfundet med meir enn 4 Krunur um Aaret, og av Menn som hev gjevet ein slik overlag svær Sum Aarspengarne er ellest 2 Kr. hev det aldri voret meir enn eit Tjaug; Studnaden hev soleids voret høgst 20 x 2 = 40 Krunur, og bland deim hev aldri voret Redaktøren av Morgenbladet, Cand. jur. Kr. Friele, elder Redaktøren av Fædrelandet, Cand. mag. V. A. Aubert. Um no Bikkjegnellret skulde føra til, at Samfundet misste Halvparten av denne Studnaden, var Skaden slett ikkje so overlag stor.