Tendenssogur

og Lygn tek dei til aa arbeida med no, dei, som vil narra Thinget ifraa aa gjera sin Skyldnad og taka sin Rett. Dei gjeng ikring med høgtidelege Profet-Andlit og prøver aa saa ut Tvil og Mistru; den eine Tendenslygni etter den andre vert utsend til aa vekkja Uro og døyva Modet. Millom mykje annat kjem det rett som det er upp ei Soga um, at sume av Thingmennerne vil prøva aa sleppa fraa Riksraadsknipa med ein Adresse. Det er Reveklopolitikken elder Kjeringpolitikken, som dei vil faa oss til aa tru er ute og spøkjer. No, daa Stundi nærmar seg, no, daa det vert Aalvor, no, daa det meir enn nokon Gong i dei siste 44 Aar gjeld um aa visa Kraft, - no skulde ein og annan av Folkerepræsentantarne taka til aa skjelva. Men daa dei veit, at Veljarfolket paa dei fleste Stader ikkje lenger er aa spøkja med i denne Saki, so skulde dei vilja narra dette med ein Adresse, der Thinget i Ord skulde protestera mot det absolute Veto, samstundes som det i Gjerningen godkjennde det ved aa godkjenna Sanktionsnegtingi av Riksraadssaki.
           
Thinget skulde altso, av berre Ræddhug og Modløysa, vilja gjera seg sjølv ende ut til Narr!
           
Og det paa tvo Maatar. Fyrst med aa negta i Ord, det det samstundes godkjende i Gjerning, - ei Framferd, som lite vilde sama seg fyr ei Statsmagt. Fyr det andre ved aa gjera ein Ting, som var ende ut motsegjande og meiningslaus i seg sjølv.
           
For kor vilde logikken vera her? Dersom Thinget ikkje godkjenner det absolute Veto, so er Avgjerdi um Riksraadarne i same Stundi Log, og so er Adressen jamgod med Promulgation. Men dersom Thinget ikkje promulgerar, so er det absolute Veto i same Stundi godkjennt, og daa er Adressen jamgod med annan Makulatur.
           
Og dette meiner dei, dei skal faa Folk til aa tru, at Storthinget vil gjera. I Sanning, naar slike Sogur kann forteljast og høyrast, og naar dei stundom kann vekkja iallfall Tvil, so maa Ein segja at det er paa Tidi, at Thinget reiser seg og viser den kaute Kristianiakritikken i fullt Aalvor, kvat Magt det hev.
           
Ei Statsmagt, som ikkje vil uppgjeva seg sjølv, maa aldri uppgjeva sin Vyrdskap. Ho hev sin Majestæt, som ho maa halda uppe. Dette gjeld kanskje serleg um Folkemagti og mest her i Norig.
           
- Kvi skulde Thinget i dette Tilfellet visa seg veikt, svika Folkets Tillit, uppgjeva Magt, Rett, og Æra, og gjera seg sjølv til ein Flekk i Norigs nye Soga, - kvi skulde Thinget det? Er det Thinget, som er det magtlause, og Regjeringi, som er den sterke? Er det Thinget, som vil lida mest under den komande Striden? Er det Thinget, som maa tapa i eit Basketak med Ministeriet Stang, og er det Stang, som maa vinna?
           
Aa nei.
           
So sannt Thingfleirtalet kann halda ihop, so skal me sjaa, kor fint det vil vinna, ja lettare og snarare enn dei fleste kanskje tenkjer no.
           
Lat Høgre og Kongen med sitja eit Par Aars Tid og sjaa paa, at Thinget meir og meir tek heile Administrationen, og altso heile Magti; at Budgettet vert innknipt paa alle moglege Kantar; at Regjeringi ikkje fær eit einaste Forslag fram; at Thinget fast og rolegt tek til aa driva Logjerne sine igjenom etter §§ 79 og 112 utan Sanktion; at alle, som vil faa nokon Ting iverksett, vender seg til Thinget og ikkje til Regjeringi, o. s. b., - og so skal me sjaa, at Høgre og Kongen med snart vil skyna, at paa den Maaten ber det galet i Veg. Høgre vil, fyr aa ikkje tapa all Magt, krevja Stangs Avgang likso sterkt som Vinstre, og Kongen vil, fyr aa ikkje verta reint til ein Skuggje, snart finna det rett aa taka eit Ministerium, som paa nytt kann gjera Kongemagti gjeldande i Landet.
           
- Det er ikkje Thinget, som skal fæla fyr Striden! Det einaste, Thinget kunde fæla fyre, var, at det kunde verta forsterkt. Men daa vilde det med Sanning kunna segja til Regjeringi: Du vilde Krigen, og so laut du faa Krig!
           
- Men Tendensdiktararne skal me passa paa. Dei kann knapt gjera nokot vondt no lenger, etter at dei hev narrat Kongemagti til aa negta Sanktion og dermed gjort henne ei so laak Tenesta; men her skal vera Vyrdnad fyr Folkets Majestæt fullt so væl som fyr Kongens.