Det absolute Veto

er i Strid med baade Bokstav og Aand i Riksens Log. Bokstaven kjenner det ikkje, Aanden er i mot det, for Aanden i Grunnlogi er Folkesuveræniteten.
           
Læt Thinget det absolute Veto sleppa inn, so gjeng det utanfyr sin grunnlogsette Rett; for det stend i § 112, at Thinget ikkje maa godkjenna Forandringar, som er i Strid med denne Grundlovs Aand.
           
Thinget kann altso ikkje godkjenna det absolute Veto, umvegjes elder endefram elder paa nokon Maate. Gjorde det det, so gjekk det utanum sin Rett, og Folket vilde ikkje lenger kunna vedkjenna seg det som sin Repræsentation.
           
Sleppte det inn det absolute Veto, so selde det Folkets Suverænitet. Men selde det Folkets Suverænitet, so hadde det og i same Stundi selt sin eigen. Det hadde avsett seg sjølv. Det vilde fraa same Stundi ikkje lenger vera ei Statsmagt, men berre som eit høgare Amtsformannskap elder ei Provinsialforsamling. Og dermed hadde det tapt Retten til aa avgjera nokot paa Folkets Vegnar. Det vilde ha gjort seg sjølv politiskt umyndigt.
           
Ein maa vanvyrda Thinget uendeleg fyr aa kunna tru, at det vil lata slikt koma yver seg. Alraminst vil dei kunna gjera det, som underskreiv den Motzfeldske Adressen. Dei hev bøygt seg djupt nok, - djupare enn kanskje Folk synest um, og dei vil difyr retta seg so mykje rakare upp att. Adressen deira vart uppteken paa ein slik Maate, at dei bøygjer seg knapt ein Gong til.