Den nye Skulelogi

fyr Byarne vil, naar ho tred i Kraft, merkja eit stort Framstig i Utviklingi av Folkeskulen vaar. Ho legg Tyngdi av Skulestyret yver i Skulekommissionen, gjev Prestarne sin rette og rimelege Plads der, og hev, ved dette og ved aa faa Samfundslære inn i Skulen, sett den Tingen fast, at Skulen er ein  Folkeskule, ein Samfundsskule, ikkje berre eit prestelegt Underbruk til Innøving av Pontoppidan. Men kvat vil no Thingets liberale Fleirtal, og serleg Bønderne, gjera med Landsskulen? Det vil vera den grovaste Urett aa lata ein Part av Folket hava ein god og tidhøveleg Skule, og ein annan Part hava ein gamaldags og skral, og det vil vera eit likso grovt politiskt Mistak aa lata Landsfolket verta liggjande atterut fyr Byfolket i Upplysning og Folkevit. Me unner Byarne av fullt Hjarta ein god Skule, ei god Uppfostring, Upplæring i alt, som hjelper Folk fram; - men me vilde av mange og store Grunnar finna det syrgjelegt, um den største Delen av Landsfolket skulde maatta liggja etter paa det gamle Almueskole-Standpunktet og altso verta endaa mykje veikare mot Byfolket enn dei er. Me trur, at dei Liberale i Thinget, og serleg Bønderne, vil hava fullt Syn fyr dette, so at den gamaldagse Skulelogi av 1860 snart maa koma under Revision. Det vilde vera Sjølvmord av Bønderne, um dei ikkje gjorde dette.