[Notisar]

Kristiania, den 21de Mai
 
Bøker. Ei lita mållære av Ivar Høyem.
Pris innbunde 30 øyro. Boki er eit stutt Ordrag or Norsk Mållære av same Forfattaren og er meint paa aa brukast av Born elder andre, som hev Hjelp av ein Lærar. I eit Aatheng inneheld denne Boki ei Jamnføring millom dei gamle og dei nye grammatikalske Namni.
           
Som Tillegg til Verd. Gang er utkome:
Norsk Folkebibliothek, Tredie Bind: Norske Forfattere til 1814. Om metrisk Maal og Vægt (med 20 i Texten indtrykte Tegninger).
 
 
Daane Embættesmenn: Amtmann i Borgesysla Karl Sibbern, 71 Aar gl.; Landsdomar i Indreøyi H. J. Engelsen, 64 Aar.
 
 
I Aarsmøtet i Samlaget fyr folkelege Fyrelesingar i Bergen vart nyst kastat heile Styret. Yverlækjar Kahrs, Direktør Berner og Kand. Nordahl Rolfsen; dei fekk berre 20 og 21 Røyster. Istaden deira vart valde Redaktør Hambro, Adjunkt Sommerfelt og Kand. N. A. Nicolaysen med 34 og 32 R. Under det nye Styre vil Fyrelesingarne vonleg faa ein annan Svip, enn dei hev havt fyrr, daa dei Valde er Høgkyrkjemenn.
 
 
Det reine Flagg. Storthingsmann H. E. Berner fekk 16de Mai eit stort reint Flagg med eit Brev, underskrivet av Vener av det norske Flagget; Brevet inneheldt Takk til Hr. Berner fyr hans Arbeid fyr Fedrelandets Æra. Aftenposten gjev vondt fraa seg fyr detta. Men skal Aftp. skriva um alle dei, som hissar reint Flagg i denne Tidi, fær han nok aa gjera. Paa Landsbygdi er det mest ikkje annat enn reine Flagg aa sjaa, og jamvel i Kristiania hissad dei no den 17de sume.
 
           
Ny Planet. Dr. Knarre i Berlin hev funnet ein ny Smaaplanet, den 215de millom Mars og Jupiter; han hev fengjet Namnet Oenone. Den nyaste Geografiboki hjaa oss som kom ut ifjor Haust (Gelmuydens ved Eriksen), veit um berre 150 Planetar.
 
           
Arbeidarmøtet i Kristiania skal haldast den 26, 27 og 28de Juli med eit Fyremøte Sunndagen den 25de Juli Kl. 8 Kveld. Det er sett upp 8 Dryftings-Emne: 2 um Skuleundervisningi, 3 um reine Arbeidarspursmaal og 3 um Samhelde og borgarlege Rettende fyr Arbejdararne. Me skal kannhenda seinare gjeva ei yversyn yver dei uppsette Spursmaal, som mest alle er naudsynlege aa tenkja yver. Aa vera med i Møtet kostar 2 Kr. Medlemer av Arbeidarsamfund hev Rett til aa møta; andre Arbejdarar kann faa vera med, naar dei søkjer um det hjaa Kristiania Arbejdarsamfund.
 
 
I Frankrike er det ei Log fraa 1814, som forbyd, at det skal gjerast nokot Arbeid um Sundagarne. No iaar vart det framsett Forslag for Folkethinget, at dette skulde løysast, det maatte ikkje vera Tvang i so Maate meinte dei, og det var hell ikkje likleg, sagde dei, at Fritenkjarar skulde straffast for Slikt, som dei ikkje trudde hadde nokon retteleg Grunn for seg, og det var berre den katholske Kyrkja og ikkje Staten som hadde Nytte av slikt eit Paabod. Dei som helt paa Bodet sagde, at her vilde det visa seg, um Frankrike trudde paa ein Gud hell inkje, men hellest so var det au det, at Arbeidaren laut hava ein Kviledag. Forslaget vart vedteket.
 
           
I det nye Engelske Riksraadet er det no Gladstone, som er Fyremannen og Styraren, og dessutan hev han au serleg aa styra Pengegreidurne, so at han hev teket paa seg dubbelt Arbeid. Mannen er 70 Aar gamal. Lord Granville er Utanlandsminister, han var det au i det fyrre Styringi til Gladstone. Men iaar hev dei au gjenget lenger enn nokot sinn fyrr. Heiltupp Radikale hev komet inn i Styre, Republikanarar hev Sume av dei sagt seg aa vera, og er det visst au. Og daa vert det væl ikkje so mykje dei kjem til aa faast med Utanlandsvinningar (som Beaconsfield mest dreiv med), Innanlandsbaten kjem væl desse til aa leggja mest Vinn paa. For det er mykje Vant og Veilur endaa i so Maate i England. Som no i Val-logi, det er daa Smaabyar med berre 1000 Veljarar som fær senda ein Tingmann til Underhuset, og det er store Byar med 30-40,000 Veljarar, som au berre fær senda Ein, og det vert hosta ulikt.
 
           
Eit godt Tiltak. Ein svensk Mann vil kaupa ei stor Skogmark, der han vil gjeva Arbeid aat utslopne Fangar, daa det ofte er vandt for Slike med ein Gong dei kjem ut or Fengslet aa faa seg Arbeid og nokon Vyrdnad.
 
           
Til Amerika flutte i April Maanad ikkje mindre enn 43,281 Menneskjur fraa Europa, det største Tal, som er innflutt i nokon Maanad. Regjeringi hev inngjevet til Kongressen eit Logforslag um, at det ikkje maa setjast i Land Folk, som hev voret i Straff i det siste Aaret elder i Daarehus, Faatøkhus o. dil. i dei siste 6 Maanadar, elder som hev havt Faatøkhjelp. Kapteinen paa Utvandrarskip skal føra Listur yver Passagerarnes Namn, Fødestad, Alder, Handtering, fysiske Eigenskapar og tidlegare Liv, desse Listur skal han avgjera til Raadsmagti ved Landstigingi. Er Pasager umbord, som Raadsmagti ikkje finn aa vera sjølvhjelpt, skal han takast med til Europa att.