[Likferdi aat Jon Sigurdsson og Kona hans.]

Likferdi aat Jon Sigurdsson og Kona hans. Den 4de Mai naadde Eimskipet Phoenix fram til Røykjavik. Steingrimur Thorsteinson hadde diktat ein Song, som vart sungen, daa Skipet lagde i Land Kl. 11 paa Fyremiddagen: Sunnan bar snekkja sorgarfarm ad ströndum, Island harmar sinn oskason. Ein stor Folkefjøldi hadde samlat seg av baade Storfolk og Smaafolk. Kisturne vart ilandborne av utvalde Fiskarar og sette paa ein Balustrade. Toget det lengste og største som hev voret set paa Island tok derpaa Vegen til Domkyrkja, medan Musikkorpset, som gjekk i brodden, bles ein Koral; deretter fylgde Studentarne og Lærlingarne ved den lærde Skulen med florvundne Fanur, alle framfyr Kisturne; etter deim gjekk Skyldingarne aat dei Daane, Prestarne i Byen og ei stor Mengd fraa Landet, Orlogsofficerarne fraa den danske Skonnerten Ingolf og tvo franske Skip, Althingsmenn, Bystyret, Kaupmenn, Handverkarar, Bønder og Fiskarar. I Kyrkja, som var pyntad med Syrgjeskrud, talad Domkyrkjepresten og Prest Math. Jockumsen; deretter song eit Manns- og Kvendekor ein Kantate, som Math. Jochumsen hadde diktat og ein unamgjeven Tonediktar sett i stemningsfull Musik med Soloparti og Recitativ. Til Slut heldt Bispen Dr. Pjetur Pjetursson ein Tale: det vart ofta sagt um Jón Sigurdsson, at han hadde talat for mykje, og i Utid, men Røynsla hadde visst, at han hadde set klaarare enn alle andre og talat nettupp til rette Tid. Styret fyr Bokmentafjelagid bar Kisturne under Syrgjemusik ut paa Kyrkjegarden, der ei steinsett Greft med ein murat Kvelv var gjord i Stand til deim. Yver Grefti skal det reisast anten eit Gravkapell elder ei Minnestytta. Domkyrkjepresten kastad Jord paa, takkad fyr, kvat Jon Sigurdsson hadde gjort, og ynskte, at Island maatte fostra mange Søner som han.