[Dersom me vil hava]

Dersom me vil hava eit Lærarstand, som mindre og mindre kjenner seg Eit med Folket, men som meir og meir vert den ytste Haletippen av Embættsverket og serleg av Presteskapet, so skal me lata Stifsdirektionarne faa heile Retten til aa innsetja Lærarar. Og etter som Throndhjems Stifsdirektion og Kyrkjedepartementet fortolkar Skulelogi av 1860, so hev Stifsdirektionarne denne Retten.
           
Throndhjems Stiftsdirektion innsette ifjor ein Lærar i ein Krins paa Inderøyi, som Skulekommissionen ikkje hadde innstilt og ikkje vilde hava. Daa Skulekommissionen klagad til Kyrkjedepartementet, svarad dette, at Stiftsdirektionen var ikkje bunden til Skulekommissionens Innstilling. Naar det stend i § 64 av Skulelogi 1860, at Stiftsdirektionen skal utnemna Lærarar efter Forslag av Skulekommissionen, so vil detta efter berre segja efterat, ikkje i følge. Skulekommissionen skal gjera Innstilling; men Stiftsdirektionen kann gjera som han vil, um han vil bry seg um Innstillingi elder ikkje.
           
So segjer Departementet. Og etter det kann me venta, at Stiftsdirektionarne vil vera friare i aa bruka Magti si no enn fyrr, daa dei ikkje so væl visste, um dei kunde.
           
Men dette er ei faarleg Magt. Skal Skulen vera, det han er meint paa, ein sann Folkeskule, so maa Lærarar og Foreldre halda ihop; men daa maa og Foreldri, gjenom Skulekommissionen, sjølv faa velja sine Lærarar. Fær dei Læraren sendande ovanifraa, anten dei no vil hava honom elder ikkje, so vert Læraren fraa fyrste Ferd ein framand Mann, og so vert Skulen framand med, og me fær heile dette Ustellet, som me alt hev havt meir enn nok av: ein Skule, som liver fyr seg sjølv og litet kann utretta, og ein Heim, som ikkje bryr seg meir um Skulen enn han just er nøydd til.
           
Difyr er det no framsett Forslag um aa faa § 64 meir tydeleg skriven, so han kann segja greit det han skal og bør segja. Dersom dette Forslaget ikkje gjeng i Aar, so vil det ganga so mykje vissare, naar Landsskulelogi i det heile kjem under Revision.