[17de Mai]

17de Mai var høgtidad paa vanleg Vis i Aar og. Smaagutarne gjekk med Skulefanurne og Flaggi sine Kl. 12 ½ fraa Tullinlykkja, yver Slottsplassen, framum Storthingsbyggnaden, ned til Festningsplassen, der Løytnant Magnus heldt ein Tale, som var ovleg grei og vart høgt paaskynad. Kl. 5 ½ gjekk dei Vaksne i Procession med full Musik same Vegen, men la derattaat Turen framum Eidsvollsmannen Admiral Konow, som dei helsad paa. Ikring 40 Storthingsmenn fylgde med. Advokat S. Jønsberg heldt ein lang og god Tale paa Festningsplassen. Cand. Otto Andersen ropad Live Storthinget, Lagthingsformannen Bisp Smitt Live Fedrelandet! Song og Musik. I Hotel Royal heldt Storthingsmennerne Middag saman, med Festtale av Varaformannen Essendrop. Formannen Sverdrup var ikkje med; han hev ikkje voret rett frisk i det seinste. I Studentarsamfundet talad Kand. Otto Andersen fyr Dagen. Storthingsmann Larsen- Raur talad fyr Samfundet. I Arbeidarsamfundet var og stor Fest. Ikring 800 Medlemer møtte fram. Sakførar Dietrichs heldt Festtalen, Fabrikant F. Otto talad fyr Storthinget, Storthingsmann J. Olafsen fyr Samfundet. Paa Slottet hissad dei Flagg denne Gongen, men ikkje heilt fraa Morgonen. Storthinget hissad Flagget ved Hanegal og derattaat alle Vimplarne sine. Paa Ringsaker møtte B. Bjørnson fram den 17de; han heldt eit Fyredrag um Republikken og sidan ein Tale fyr Grunnlogi; den Læra som Professor Aschehoug og Morgenbladet hev sett upp, at Grunnlogi er ein Kontrakt millom Konge og Folk, so Folket ikkje raar einsamt fyr Riksskipnaden, fekk den Dom, ho fortener, ho vil visst faa sin Dom andre Stader; og i denne Tidi. Daa det likevel er Von i hangande Snøre, hev Fædrelandet no ved 17de Mai-Leitet funnet Mun i aa prenta av ein Stubb av den aalkjende Instillingi fraa Konstitutions-Nemndi i 1824.