"Opløsende Tendenser."

Med Log maa Land byggjast. Det er Logi, som gjer Samfundet til Samfund. Utan den ryk det heile sund i Villskap og Anarki.
           
Logi maa difyr vera heilag. Ingen maa kunna leggja nokot til elder taka nokot ifraa. Kvar Log maa standa ubrøyteleg, som ho er sett, so lengje til dess ho paa logleg Maate vert umgjord.
           
Dette gjeld um all Log. Men det gjeld serleg og i største Mun um Landsens Grunnlog. Paa den kviler alt; den er Folkets politiske Bibel, Grunnlaget fyr heile Samfundsordenen. Difyr kann Grunnlogi ikkje gjerast um utan av den, som gav henne, og det er Folket.
           
Den, som i nokon Ting bryt mot Grunnlogi, han er ein Brotsmann mot Landet. Men den, som vil driva Fusk med denne Logi, leggja til elder taka ifraa, stela ut det som stend elder stela inn nokot, som ikkje stend, - han er ein større Ugagnsmann enn Ein veit av; for han undergrev Samfundets Grunnmurar.
           
Og slike Rotgravarar hev me. Me hev Folk, som bryt Log-Helgdi, fuskar med Landsens Grunnlog, prøver aa fuska ut Ting, som stend der (Minister-Andsvar; § 79), og aa fuska inn Ting, som ikkje er nemnde der med eit Ord.
           
Det absolute Veto finst ikkje i Grunnlogi. Og likevæl hev me Folk, som vil dikta det inn, manøvrera det inn, fortolka det inn.
           
Skulde slikt henda, so vil her ikkje lenger vera Log i Landet.
           
- Dersom det var so, at det absolute Veto burde staa i Grunnlogi; dersom det var so, atGrunnlogi i dette Stykket hadde eit Lyte, ein Vant, og at det absolute Veto maatte til fyr aa tryggja Samfundslivet og Riksskikken, - so vilde dei Herrar av Høgre, naar dei var loyale Folk, berre hava ein einaste Ting aa gjera, og det var den: aa framsetja paa logleg Maate Forslag um Grunnlogbrigde i dette Stykket. Gjorde dei det, so var det ingen Ting aa segja paa dei, og so fekk Storthinget paa vanleg Maate avgjera, um dei hadde Rett elder Urett.
           
Men so loyale er ikkje dei Herrar av den Aschehougske Skulen. Dei veit, at Folket vil ikkje vita av det absolute Veto. Men dei vil hava det likevel, trass i Folket, - og so prøver dei aa fortolka det inn, forfuska Landets Grunnlog, som skulde vera kvar norsk Mann so heilag som det beste, me veit aa nemna.
           
Skal slikt kunna henda, so vil her ikkje lenger vera Log i Landet!
           
Skal ikkje Logi gjelda, so som ho er sett, so er ho ikkje lenger Log. Skal kvar Jurist, som er uloyal nok til det, kunna dikta inn i Logi, det han sjølv finn for godt, so er me med ein Gong utanum all fast Riksskikk. Daa kann kvar Prokurator kvat Dag han vil gjera Forfattningi um. Me hev ingen Ting lenger aa byggja paa. Idag diktar dei innpaa oss det absolute Veto, imorgo eit Overhus, i Overmorgo Einveldet heilt ut.
           
Det er uloglegt aa setja inn eit og elder eit Komma i ei Log, var det so berre ei Log um Hundeskatt. Men aa dikta inn ein heil ny Institution i Riksens Grunnlog, og det ein Institution, som vil leggja inn i Logi ein reint ny Grunntanke, - det trur desse Bakstrævs-Revolutionistar, at dei skal kunna vaaga. Og dei trur, at Thinget vil sjaa paa det med Henderne i Lumma. Ingenting vil skje. Kanskje Thinget vil snakka litegrand, knyta Neven i Lumma, slaa eit Kjeringslag i Bordet; men Ingenting vil skje.
           
Stillt og pent vil dei narra oss ut i Logløysa. Stillt og tuslande, liksom Rottur, gneg dei paa Samfundets Grunnvolar og paa vaar Fridoms Merg. Men Storthinget vil ikkje gløyma 1814; det vil ikkje gløyma 1836; og det vil ikkje gløyma, at der sit eit Folk heime og ventar.