Nokre Røynslur um Preikemaalet.

(Av Vraal.)
 
Eg for gjenom ei Fjellbygd; so kom eg i Tale med ein Mann, han tottest vera baade vitug og klok. Korleids likar De Presten Dikons daa spurde eg. Aa jau, me kann ikkje anna segja, hell han maa vera bra au; han gjer no all Ting i ei god Meining, fær me tru. Eg bisnad paa detta; jau so fekk eg endeleg ut det, at han var so leid til aa vrie um Skrifti og han kom med Ord, som ikkje hadde Grunn i Bøkerne. So Sundagen, som var Dagen etter, fekk eg Hug til aa lyda paa denne Vranglæraren og Umvridaren av Guds Ord, eg undrast paa, korleids han laut vera laga. Jau det var ein aalvorsleg Mann, lagde ut baade varmt og væl, og retteleg etter Guds Ord var det altsaman. Men jau Maalet hans, det var slikt, at eg visste ikkje, anten eg skulde lægje hell graate, for ender og Gong so var det denne skire tyske Prestestilen, so vid og skrøyven, som han kunde bli, og so ender og Gong atter kom han dumpande med Ord og Ordelag beint utor Bygdemaalet, og det var Gut, som ikkje vanda hell daa, lagde iveg med Ordtak og Røur, som du plagar høyre paa Laaven og i Fjoset ja, men ikkje ventar deg paa ein Preikestol; men det var ikkje berre med denne uvisklege Blandingi, det verste var, at han aa brukad Ordi so rauvruskande gali, at det kunde vera reint raalaust aa skyna Meiningi, og Sumt hadde han plent med norsk Form, og Sumt braut han av i Dansk, so det vart som ein Soll alt saman. Daa kunde eg skyne eg au, at det var daa meint paa noko, det han vart kalla ein Umvriar, slik som han braut sund og umvreid alle Maal. Sidan trefte eg til aa koma i Tale med denne Presten. Er du Maalmann? spurde eg. Nei langtifra, sagde han, saag reint vond paa meg. Du brukar so mange norske Ord, sagde eg. Ja, svarad han, man maa jo søge at gjøre sig forstaaelig for Folk saa vidt mulig, uden dog at overskride Skriftsprogets Grændser; desuden kommer man ogsaa uvilkaarlig til at optage populære Udtryk, uden at man ved af det, naar man lever saaledes afsondret fra Udenverdenen i en Fjelddal. Det bliver jo unægtelig saa, at Ens hele sproglige Antræk paa denne Maade faar en simplere og lavere Karakter; men som Præst maa jeg paa den anden Side gjøre de Hensyn gjældende, at hvad man saaledes taber i en Henseende, det vinder man igjen i den større Forstaaelighed og Inderlighed, som Ordet faar for Hjerterne. Ja det er væl nokk, svarad eg, det er Sannt i det, du segjer; men Folk forargar seg yver Preikemaalet ditt, det hev eg sjølv høyrt, og eg totte au samaleis. Kan da det være en Maalmands Mening? spurde han. Ja det meiner eg plent, sagde eg; det er ikkje det, eg mislikar, at du ser deg nøydd til aa taka etter Bondemaalet, det er væl det; men det er det, at du kann ikkje Maalet ditt, du brukar det galet, og du trur det, at Bonden er so dum, at du kann føre i honom, kot du vil; berre du hev høyrt eit Ord hell ein Talemaate eingong, so meiner du, den kann vera god nokk, korleids han kann vera laga. Nei Bonden han hev finare Maalsans, enn dei trur, han veit aa skilje millom korleids Ein skal føre Talen sin paa Laaven og i Fjoset, og so naar Ein talar um heilage Ting; han brukar ikkje dei same Ordelag til baade desse. Difor er det han forargast. Men det skynar ikkje du Prest, og det er for det du ikkje kjenner nokk til Maalet. Anten lyt du tala paa full Dansk, men svipa det til likevæl so simpelt og einfaldugt, som du kann. Men vil du tala Norsk, som no vøre det beste, daa skal du fyrst lære deg Maalet, so du sjølv heve Grunn i det og du kann bruke det med Smak og med Trekke, daa kann du nytte det, der du tykkjest trengje det, for hellest gjer du det berre til Skades. Men slik som du no, som er boklærd i alle dei Maal, du hellest kann, du kann ikkje lære dette hell fullkomeleg, utan du gjer samaleis med dette au, so baade um Formerne og det heile Laget, so du kann greidt faa sjaa, kot det er som skilst millom Norsk og Dansk. Du blandar berre alt ihop no. For eg vaagar, etter det eg heve høyrt paa deg, at du mest ikkje er stød i ei einaste Form. So spurde eg honom: Kot heiter det, og kot heiter det, paa den Maaten og paa den, og kot meiner du med det og med det? Nei eg tullad honom reint rundt, han kunde ikkje naame nær svara for seg, som det høvde seg ein Prest, endaa han hadde voret mange Aar i Bygdi; eg visste det betre eg, endaa eg hadde voret der berre eit lite Bil, men eg hadde Grunn i det utav Bøkerne au eg. Nei, det vert ikkje retteleg, fyrr Prestarne lærast upp i norsk Maal paa Skulen sin, sagde eg til Slut. Hm!, sagde han, det kan nok hænde, at du har noget Ret i, hvad du siger, jeg skal ihvertfald tænke over det. -
           
 
Det var sidan ein Gong, eg gjekk og vandrad; det var so i Skomingi. So kom eg framum ein Gard, det var so mykje Folk saman; so spurde eg, kot som her var paa Ferde. Jau det skulde daa vera Uppbyggels sagde dei; det var Ein Fremmind var komen, skulde halda den. Det var lenge sidan eg hadde høyrt noko Gudsord, so gjekk eg au inn. Fyrst song me ein Song som vanleg, og so steig det fram ein ung Mann noko, tok te tala. Ja so høyrde eg væl etter eit Bil, tenkte berre paa det han sagde, men daa det leid, sansad eg paa det kjære kot er det; meiner eg ikkje, han talar norsk daa; og eg kom ikkje til aa agta paa det fyrr, for Ordi fall seg so lettsleg og greidt, at visst Ingen kom seg te tenkje anna nettupp paa det, han sagde. For han hadde Grunn i Ordet som ein lærd Ein, men i Maal og Maate var han som Ein av Vaare, og reint og vent klang det norske Maal, han leitad ikkje etter Ord, han tok det av Hjartegrunnar. Det var ikkje so høge Tankar, det var ikkje so nytt eit Lag, men daa totte eg det likevæl, at det eg visste fraa gamalt, ja det var som nytt, og det eg hadde lydt paa, fraa eg var liten, det var som um eg ikkje hadde høyrt det fyrr; daa saag eg so mykje greilegare, at det er livande Kraft i Guds heilage Ord, for her kom det til oss soleides som me sjølve tenkjer og talar, soleids som me best er laga til aa taka imot det. Og det kom Flaum i Talen; Ordi strømde med Liv, og dei fylltest med Eld og med Glo. Eg vart stird burtetter Benkinne, daa saag eg dei sat og gret, Unge og Gamle: det gjekk til Hjarta dette, ja eg au laut halda meg ned. Aa Gud vælsigne deg unge Svein, han læt Maalet ditt upp, han late dine Dagar vera mange. Daa me gjekk ut att, sagde ein gamal Mann: Dette var greileg aa skyne, det var godt aa høyre, dette veit eg visst gjekk Mange til Hjartat. Dette kunde dei fata, den som vilde fata.
           
Det kom so tunge Tankar yver meg. Eg hev nokk fyrr au trutt at Maalsaki var ei Sak, som hadde mykje paa seg; men no ser eg det, at ho heve meir paa seg, hell eg noko Sinn heve tenkt, ho ber lengre Leider enn Mangein kann øygne, for eg tykkjest det kann vera som ein Stige upp til Guds heilage Ord, so at for den, som trur seg klok aa vera, kann det tolkast med Eld og med Kraft, og for den, som litet mun sanse, kann det verte einfaldugt og greidt likevæl. Lett er det aa gange fram fyri Gud, naar me fær koma i okkons eigne Klædi, men Fremmindhamen er stiv han, og so vond aa bera.