Eit og annat fraa ei Englandsferd.

[Del 12 av 14. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
London.
             
Dokkarne.
 
Det forvitnelegaste er under Jordi, dei store Vinkjellararne. Vil ein smaka paa Vinen, lyt ein faa seg ein tasting-order, elder Lov til aa smaka, av ein av dei Kaupmennerne, som eig Vinen. Me hadde fenget oss ein slik Tasting-Order, fekk oss eit Vinglas og nokot aa bita i, og so fekk me kvart vaart Ljos (elder Lampa, det hugsar eg inkje), og so bar det ned i Portvin-Kjellaren. Det var myrkt der nede, berre her og der blekkte det eit Ljos. Det var laagt under Taket, og alle Stader hekk det ned nokot, som saag ut liksom Ull, og som kjem av Vin-Eimen. Lufti er reint mett med Vin-Eim, og den gjeng til Hovudet, so den, som inkje agtar seg og drikk slik som han er van til aa drikka i rein Luft, kann lett faa seg ein Gir. Portvin-Kjellaren skal vera 28 Maal stor. Den eine Gangen gjeng ved Sida av den andre, fraa den eine Veggen til hin, og tvert yver desse, millom dei tvo andre Veggerne, gjeng det og Gangar. Lengdi paa kvar Gang er væl ½ engelsk Mil (7 paa ei norsk), og tilsaman er dei 22 engelske Mil lange, so mykje som ein Turist maklegt kann ganga paa ein Dag. I Midten av kvar Gang er der ein Spongveg av Jarn, til aa rulla Tunnurne paa. Paa kvar Sida av denne Spongvegen ligg der Tunna ved Tunna, full av Portvin, tilsaman 44 Mil, so langt som fraa Kristiania til Drammen og attende til Askers Kyrkja.
           
Føraren vaar hadde ein Navar og ein Pinne med, og ender og daa bad Elfgren, at han skulde bora Hol; daa tappad me i Glaset og drakk, og etterpaa sette han Pinnen i Holet og skar av. Daa me hadde drukket oss utyrste og væl det, gjekk me inn i Sherry-Kjellaren; den er nokot mindre, ½ engelsk Mil paa kvar Kant, og alle Gangarne tilsaman er 18 Mil. Der heldt me paa og drakk. Daa rauk Glaset paa Slutten, men korleids det bar til, veit eg inkje. Sidan drakk me ei Stund av Brotet, og so ruslad me ut. ”No lyt me faa oss nokot aa liva av,” sagde Svensken.       
Um Eftanen skulde eg sjaa British Museum, og hadde umkring 2 Timar aa gjera paa. Nokot tung var eg i Hovudet, men eg tenkte nok det skulde gjeva seg. Men daa eg kom inn i Museet, fekk eg annat aa merka. Eg gjekk gjenom det eine store Romet etter det andre, og visste inkje, kvat eg skulde glaama paa, daa det var so endelaust mykje av alle Slag. Rett som det var, naar eg trudde eg var komen til Enden, saag eg endaa ei lang Rad med store Rom. Eg vart sistpaa reint yverstigen av denne yrjande Mengdi og gjekk heim. Eit Aar hadde inkje voret for lang Tid til aa sjaa dette Museet.
 
Temple Bar.
 
Temple Bar stod, daa eg var i London; no er han burte. Det var ein Port i Vestenden av City, bygd 1670. Paa Vestsida var han prydd med Styttur av Karl den fyrste og Karl den andre, paa Austsida var Dronning Elisabeth og Jakob den andre. Yver desse fire Samfunds-Stytturne stod det ein annan Prydnad, som synte, kor sterkt dei studde uppunder Samfundet i gamle Dagar: her stakk dei Hovudi av Brotsmenner paa Jarnpiggar, paa Toppen av Porten. 1746 var siste Gongen, dei prydde Porten paa denne Maaten; daa var det fullt av Glaamarar, og Folk gjorde seg ei Inntekt av aa laana ut Kikarar til ein Halvpens Titten. Det var ei gomol Skikk med denne Porten, som er merkeleg. Naar Kongen (Dronningi) vilde draga inn i City, vart Temple Bar stengd, aldri elles. Men det var sjeldan, Kongen kom til City, mest berre, naar han skulde takka fyr ein stor Siger i St. Pauls Domkyrkja, elder opna ei offentleg Bygning, som Børsen. Ein kongeleg Herold bles daa i ein Trompet framanfyr Porten, og ein annan Herold kakkad paa, og so vart det Tinging ei Stund, og daa gjekk Portarne upp, og øvste Borgarmeistaren i City, Lord-Mayoren, flidde Kongen Citys Sverd, og dermed flidde Kongen det naadigt att til Borgarmeistaren. Denne Seremonien er vonleg eit Uttrykk fyr Engelsmannens personlege Rett imot Kongen og heng ihop med det engelske Ordtøket: my house is my castle, mitt Hus er mi Borg. Ingen, inkje Kongen dessmeir, kann ganga inn i Huset til ein Privatmann mot hans Vilje. Politiet fær inkje Lov til aa trengja seg inn i eit Privathus, mindre han høyrer dei skrik: ”Mord” elder ”Hjelp.” Politiet kann inkje trengja seg inn med Magt og halda ”Husundersøgelse”, jamvæl i ei Fillehytta paa Landet, mindre det hev Ordre fraa Innanriks-Ministeren. Skal ein Fut panta fyr Skattar elder Gjeld, og Skuldmannen inkje let upp Døri, lyt Futen ”beleire” Huset, og kann sitja og venta i fleire Dagar. Skuldmannen hev Lov til aa heisa Matvarur i ei Korg upp til seg, so det er Uraad aa svelta han ut. Futen hev Rett til aa riva Taket av Huset og ganga inn den Vegen, men daa spyrst det, kven som hev beste Nevarne, han elder Skuldmannen. Tidt hender det, at Futen klæder seg ut som Mjølkekona elder nokot annat og kakkar paa. Naar so Gjenta let upp, legg Futen Handi paa Beiteskida og segjer: ”I Namnet til Dronningi.” Daa er han Herre i Huset.
           
Soleids var det med Temple-Bar. Men denne Porten var nokot trong og meinkad Ferdsli for mykje, og i 1878 tok dei heile Porten ned; men dei sette Nommer paa alle Steinarne og gjøymer dei godt, for det er Meiningi aa setja han upp paa eit annat Stelle, der det er betre Rom.
           
Kann me segja: ”Ligesaa hos os?”
 
                       
Nelson-Stytta.
 
Trafalgar Square er ein stor fin Plass i eit av dei finaste Strok av London. Her er den vidgjetne Nelson-Stytta til Minne um Nelson, som øydelagde den franske og spanske Floten ved Trafalgar, daa Napoleon hadde tenkt aa taka John Bull ved Horni og hadde samlat 200,000 Mann i Boulogne. I detta Slaget bergjad Nelson England og fall sjølv.
           
Stytta stend midt paa Trafalgar Square, er av Granit og 145 Fot høg. Ho er gjord etter ei av dei korinthiske Sulurne, som høyrer til Templet fyr Mars Ultor i Rom. Paa Toppen er Bilæt-Stytta hans Nelson, 17 Fot høg. Fotstykket er prydd med Relief-Bilæte i Bronse, som er støypt av Metal av Kanonur, som dei hadde teket fraa Fransmannen. Paa Vestsida ser ein Nelson, som tek mot Sverdet til den spanske Føraren etter Slaget ved St. Vincent. Paa Nordsida er Slaget ved Aboukir: Nelson hev fenget eit Saar i Hovudet; Lækjaren hev voret aat og bundet um Saaret til ein Matros, men no vil han hjelpa Nelson, men Nelson vil ingi Hjelp hava, fyrr det er hans ”Tørn”. Paa Austsida er Slaget ved Kjøbenhavn. Nelson forseglar paa ein Kanon Freds-Semja med Dansken. (Dei fortel, at det var ein, som baud Nelson ein Oblat, men han sagde paa Lag so: eg vil forsegla med Lakk, so inkje Dansken skal sjaa me hev Hastverk). Paa Sudsida døyr Nelson ved Trafalgar (22de Okt. 1805). Attmed Nelson stend Venen hans, Føraren paa Flagskipet hans Nelson, Kaptein Hardy. (Daa det leid aat med Nelson, kom Hardy ned til han, og fortalde dei hadde vunnet, og at dei hadde teket 14 elder 15 Skip i det minste fraa Fienden. Daa sagde Nelson:
”Det er godt, men eg hadde gjort Reikning paa 20.” Sidan bad han Hardy kyssa seg, og Hardy kysste han paa Kinnet, og daa sagde Nelson: No er eg nøgd, eg takkar Gud, eg hev gjort min Skyldnad.”)
           
Under ser ein dei Ordi, som Nelson sagde fyre Slaget: England ventar, at kvar Mann vil gjera sin Skyldnad.”
           
Fraa Fotstykket gjeng det ut mindre Fotstykke til alle 4 Sidurne, so det vert liksom ein Kross; paa kvart Fotstykke ligg det ei veldig Bronse-Løva.
           
Alt detta hev kostat ikring 800,000 Krunur. Nelson-Stytta hev, som so mykje annat i England, ei flirande Baksida. I den eine Enden av Trafalgar Square stend det ei Ryttar-Stytta av Kong Georg den fjorde, som var ein jammerleg Trave og ei Ukjura. Han vann og eit Slag paa si Vis, daa han fekk ertat Kona si slik, at ho døydde. Daa sagde han dei merkelege Ordi, som skulde voret inngravne paa Stytta hans:
           
”Detta er ein av den vænaste Dagarne i mitt Liv.”