[Statsraadsaki.]

Statsraadsaki. Kongen er baade komen og reist att; men um Statsraadsaki er me endaa like kloke. Noko stort maa dei væl hava tenkt ut, for Statsraad hev dei haldet til kvar Dag; og Morgenbladet, som no plar vita um slikt, segjer, at Kongen fyrst vil avgjera Saki eit Bil etter, at han er komen heim att, kvat no Grunnen skal vera til det. Onsdagen hadde Formennerne i Thinget og so Aarflot, Welde, S. Nielsen, Lindstøl, Haugland og Fougner Fyretræde for Kongen. Sverdrup lagde fram med greide Ord, at dette var ei Sak, som heile Folket vilde. Er det Meiningi til Dikon alle det, spurde Kongen. Ja det var daa det, og eg meiner det, tok han frami S. Nielsen, at vert denne Saki avgjort som Folket vil, so er det bundet eit sterkare Band millom Folk og Konge. Ja Kongen takkad so mykje for Tilvendingi deires, det var ei stor Sak, det galdt sagde han, som vist i sume Maatar var god, men han kunde ikkje segja noko visst endaa, fyr han hadde fulltaka med Raadarne sine. Thorsdag au var det 5 Thingmenn upp til honom, som hadde med seg eit Uppsett, som var underteiknat av 68 Thingmenn, og som gjekk ut paa det same. Det er vondt aa vera Konge, naar Folket vil Eit og ei hardsinnad Regjering set paa det motvendte.