[Regjeringi]

Regjeringi hadde framsett Forslag for Thinget um Forandring i Verneplikt og Utskrivningsreglarne. Hernemdi innstillte det til Forkasting, og det vart det au dugeleg gjort, Ingen røystad for det. Det var merkjande Ord høgste Generalen Grimsgard sagde i so Maate: Regjeringi lagde fram Forslaget for meg, som eg las igjenom og laut segja nokre Ord um so burt i det aalmenne. Men nokon Dom paa Embættesvegne hev dei aldri kravt av meg, og eg maa au segja, at eg hev ikkje havt nokon vidare Hug til meir aa telja dei ifraa det; for den Norske Regjeringi hev mangleides vist det, ja radt til dei siste Dagar, at ho ikkje bryr seg det Grand um Meiningi mi, naar ho ikkje høver med den fyrelagde Raai og den Hugen dei hev teket sjølve, ja korkje um serlege Generalstabssaker, eg som er Fyremannen der, hell um Hergreidur hellest, eg som daa er den kommanderande Generalen. Men um eg au som Militær hadde gjenget med paa Forslaget, av militære Grunnar, so hadde eg likevæl ikkje voret nøydd til aa fremja det som Thingmann, naar det ikkje passad med dei Hensyn, som eg daa lyt hava. Morgenbladet flyg i Flint yver desse Ordi. Stakars Morgenblad, stakars norske Regjering, du vert sitjande einsam, alle dine haandgjengne Menn, alle Hjelpesmennerne dine fell ifraa. Og so fæl som du au er til aa øyda upp Papir, Blekk og Sverte, og so alle dei Løner, du kostar paa Sveinarne dine, skal sitja rabla og skriva paa unyttige Ting. Du er som Gullkalvarne til Aron, mykje tærer du upp av Landsens Gull og Goss, men lite hell inkje kann du hjelpa i Naudi.