[Notisar]

Kristiania, den 14de Mai
 
Utnemningar. Prest i Lom Brodahl til Orkedalen. Hjelpeprest Riis til Prest i Sunelvi. Fut i Porsgrund Blom til Landsdomar i sundre Øysterdalen.
           
           
Hypothekbankstyringi skal no, der det trengst, faa seg faste eidsvorne Takstmenn, som skal verdsetja Gardarne, dei vil hava Pengar paa, og daa slepp det aa koma til Things.
 
           
Ved Sandefjord hev dei gjort ei stort Fund, i ein Gravhaug hev dei funnet ein stor Baat, som dei meiner er 1000 Aar gamal. Dei er ikkje ferduge med Utgravingi endaa.
 
           
Det skal vera visst no, at Riksraadsaki ikkje vert sanktionerad.
 
           
Dr. Brandes hev sluttat sine Foredrag um den franske romantiske Litteraturen. Han hadde mange Tilhøryarar, som fylgde honom med stor Aathug.
 
           
2dre Upplaget av Heimskringla I er no under Prenting.