[Med Forandring]

Med Forandring av Skulelogi fyr Byarne hev Odelsthinget haldet paa mange Møte. Eit nytt var det, at det kom med no, at det saman med Sogelæringi au skal gjevast Borni Kjennskap til Samfundsskipnaden vaar. Det er dette alle gamalkjære Blad hev voret so rædde og kalla Politik i Skulen, skjelvande for Sanningi. Men no var det berre 25 Mann imot i Thinget. I ein Paragraf i Innstillingi stod det, at Religionslæringi skulde vera som i Middelskulen paa Lag. Dette ankad L. Bentsen paa, han var rædd, det daa berre vart Pontoppidan, alt kom til aa sviva um, og Jaabæk framsette eit Forslag um, at det ikkje skal kunna bjodast aa læra Religionsbøkerne utanaat. Men det som gjekk igjenom, var ei Umskiping noko av Innstillingi, som gjekk ut paa det, at berre Maalet for Upplæringi skulde vera som for Midelskulen sett i Kunnskap. Dette nye gjekk igjenom, at ved Innsetjing av faste Lærarar, skulde baade Stiftsdirektion og Skulekomision likleg hava Magti, og kunde ikkje dei semjast, skulde det ganga til Formannskapet.