[Fleire Thingmenn]

Fleire Thingmenn, derimillom alle Præsidentarne, gjekk personleg upp til Kongen fyr aa tala um Riksraadsaki. Naar Kongen stend med eit Riksraad som vaart, eit Riksraad, som liver so væl avstengt fraa Folket, og som korkje veit elder vil vita, kvat Folket tenkjer og vil, - so vert slik Framferd mest naudsynleg. Det er iallfall ei Sæle-botsgjerd mot Kongen. Med eit slikt Riksraad maa Kongemagti koma paa tvers med Folket og køyra seg sjølv fast, dersom ho ikkje paa annan Maate ender og Gong fær Minningar fraa Livet.
           
Det viser seg og, at den gamle Ringen, som til denne Dag hev visst aa halda seg med Magti, men som i Grunnen berre fløyter seg uppe ved dette aa bruka Kongemagti til Praam, - at denne Ringen ikkje likar det Thingmennerne her hev gjort. Morgenbladet kann væl ikkje segja stort, men det griner dess styggare. Enn um Kongen skulde faa eit sannt Inntrykk av Folkeviljen! Enn um han skulde koma til aa sjaa, at det utanum den vesle Ringen stend eit Folk, og at det Folket nok hev andre baade Meiningar og Krav, enn Ein skulde tru etter Morgenbladet! Det vilde vera spelegt. Det kunde føra til, at Kongemagti vart ei Riksmagt istadenfyr ei Parti magt, eit Uttrykk fyr Aalmannviljen istadenfyr ein Kontrahend ein Part i ei Sak um Magtfordelingi. Og daa var det ute med Ringen som politisk Magt. Daa laut denne Minoriteten greida seg som andre Minoritetar: prøva aa koma i Majoritet; - men det er ikkje so lettvint.
           
Ein Ting er viss: vert Sanktion negtad, so hev Folkerepræsentationen no gjort alt det den kunde gjera til aa spara Landet fyr ein hard og lang Strid. Og so fær dei, som no stod uforsonlege, taka Skuldi aaleine.
 
           
Naar vert Riksraadsaki avgjord? spyrr Folk Landet rundt. Aa, det hev ikkje Hast.
           
Saki er so flunkende ny, maa vita. Ho kom so reint braadt paa Regjeringi og Regjeringi hev annat aa gjera enn aa tenkja paa Politikk -, so at no lyt Regjeringi faa Tid til aa umraa seg og tenkja seg inn i Saki. Dei sit ned i Justitsdepartementet og bryggjer paa ei Innstilling, som vert so lang og so diger, liksom det aldri hadde voret sagt elder skrivet eit Ord i denne Saki fyrr. Og naar Justitsdepartementet vert ferdigt med aa skriva Innstillingi, so skal dei andre Departementi lesa henne, og naar dei hev leset henne, skal dei grunda paa henne, og naar dei so endeleg eingong hev tenkt seg inn i henne tilgagns, so skal dei halda Møte og diskutera um henne, og so um Himmelen vil det! so skal dei skriva under og senda Innstillingi til Stockholm. -
           
Det gjeng ikkje fort; men so gjeng det so inderleg greidt og smaatt. Saki er so ny, maa vita! Alle andre Folk kann vita kvat dei vil her; men Regjeringi -! Nei. Det maa me ikkje krevja.
           
- Sitja her i maanadsvis og skriva Innstillingar um ei Sak som denne no! Aa, kor desse Godtfolk treng um aa koma inn i Thinget. Der vil dei iallfall læra, at Politikken ikkje er Jus; at Samlivet millom Riksmagterne er nokot annat enn ein Proces, og at det aa styra eit Land ikkje er det same som aa skriva Innlegg fyr Retten!