Um Prestens Forhold til Bondemaalet

hev dei no haldet Ordskifte i heile 5 Møte i den theologiske Foreining. I Fyrstningi var det Mange som trudde, at her galdt det beintfram Maalsaki, men litt um Senn, daa det vart utgreidt og upplyst um, at dette var tvo forskjellige Ting, daa lagad Aalmannhugen seg so, at dei samdest um, at dette var ei stor Sak for Kyrkja, og at det her var Krav til Prestemni, som dei ikkje kunde fullnøgje. Ja Ordi til hardaste Motstandaren jamvæl fall so, at um Prekemaalet, so vøre det væl Idealet, um Presten kunde bruke same Maalet som Folket, men at det var so mange praktiske Hindringar.
           
Dette er eit Bod, som eg er sikker paa rundt umkring vil fagnast med Glede og Forundring, for det viser, at Theologarne no fær til aa stige ned av Lærdomshøgdi si, at dei ser, at skal dei verke til sann Vælsigning, so maa dei og Folket vera Eit, daa maa Folket vera som Kroppen og Prestarne som Brynja, som sveiper seg ikring og grannt høver til kvar Led og Lem.
           
So kom det fram dette Forslaget, um at dei skulde spyrje seg fyre med Universitetet og beda, um det ikkje kunde lagast Raa til, at dei der kunde faa litt Upplæring i norsk Maal, so det kunde haldast Fyrelesningar um Bygdemaali. Dette spurdest braadt ut millom Theologarne, som no kom mannsterke til det siste Møtet. Det kom her mange nye, som ikkje hadde voret med i Ordskiftet og difor hadde lite Greide paa, kva det her galdt. Soleids var det Ein, som i Ukunnskapen sin jamvæl sagde, at denne Sak berre var til aa prostituere hell skjemme ut den theologiske Foreining, um ho gjekk igjenom. Det vart til det, at det skulde setjast ut til eit stort, aalment Theologmøte, som daa au ved Lysingar i Bladi vart samankallat 2 Dagar sidan. Men paa dette Møtet kom det endaa Fleire, som var ukunnige i Saki. Dei hadde ikkje havt den Samhugen for Spursmaalet, at dei hadde brytt seg um aa vera med i Ordskiftet, der dei kunde hava fenget Vitring um sjølve Grunnarne i Saki, men no kom dei berre for aa stemme det ned; for endaa det heldt paa ei 4-5 Timar daa, so vart det forlite Tid til aa greide ut alt det Missyn, som det er i sovorne Ting. Difor gjekk det som Ein kunde vente, daa me veit, dei fleste Studentar og daa au Theologarne ikkje hev grunda seg vidare inn i Saki sjølve, anna dei hev høyrt, at alt som heiter norsk Maal skal vera noko fælt, ja hengje ihop med samfundsnedrivende Tendentser. Det vart soleids sagt imot dette Forslaget, at fordi det var Maalmenn, som hadde boret det fram, so maatte au dette vera Maalsak, og den vilde dei for alt i Verden ikkje hjelpe fram. 1)
           
Gud betre oss, vil Sume segja, at det daa er Theologar, som held meir paa det verdslege: det aa arbeide imot Maalsaki, framfor det, som høyrer Kyrkja til: det aa kunne koma i Stand til aa gjera Gudsordet so kjennt og heimeleg, som det kan bli og aa kunne utfylle si Plikt som Skulemenn paa rettaste Maaten. Men likvæl skal dei ikkje tala so, for væl var det forargelege Ord, som fall i so Maate, men me maa tru, at det var den gamle Vanehugen, som brenn imot alt nytt, og som er innsogen gjenom vitlause Røur og hatfulle Blad, at det var han, som logad upp og i Stundi skaut fram Ord, som dei aldri kunde meine; og so blandad det seg au inn mykje Ræddhug for sjølv aa vera med, for aa vaage noko; som væl er lastande, allvist for ein Theolog, men likvæl er grott djupt inn i Samfundet vaart. Kva vil Folk segja, kva vil Prestarne segja? so vart det spurt, og det var visst avgjerande for Mange. Men det tykkjer eg, at ein ærleg Theolog maa einast segja: kann det tenkjast, at dette paa nokon Maate kann vera til Gagn for Skulen og for Kyrkja, so kann ikkje eg sleppe det ufreista, daa maa eg prøve so langt eg kann, for vondt er det væl aa stande til Skamm for Folkaugom, men verre er det daa aa stande til Skamm i Tenesta til Herren og Frelsaren min. For det er det fyrste, han lyt spyrje etter; men attaat skal han au, det er greidt, sjaa etter um det han gjer hev Grunn i klaare Tankar, for hellest kunde det koma burt i Vitløysa, endaa Meiningi var god. Men av det, som Motmennerne sagde, fekk Ein det Inntrykk, at dei hadde lite Grunnar for seg, det som vart tala for: um dei 2 Maali og um kor lite Kjennskap, dei fleste heve um Norsken, og at det aa faa høyre Fyrelesningar um Bydemaali maatte vera den greiaste Vegen til aa avhjelpe dette, so dei kunde fylle dei Krav, som den nye Skuleskipnaden um det norske Maal no maa krevje av Prestarne - alt dette vreid dei berre av og bøygde det burt og hadde inkje Motgrunnar hell. Du maatte tru, at dei var Juristar og ikkje Theologar, men dei hadde likvæl ikkje den Tamen til aa sveipe det til og setje det i Lag som Juristarne, so det datt reint sund. Men det var væl mest det, at det kom so braadt paa Mange, som ikkje hadde tenkt igjenom Saki, at dei berre laut hitte upp nokre Skingrunnar for aa berga seg; for me veit, at Mange er so gamalkjære, at dei aldri med ein Gong kann gange med paa ei Sak, um ho kann vera aldri so nytteleg. Eg hev etter Ordskiftet i den theologiske Foreining likevæl teket den Von, at Theologarne ikkje er so vitlause, som Sume meiner. Eg trur det, at naar dei fyrst fær sansat etter, vil det røynast, at det nok kunde vera mange fleire enn 25, som kunde hava gjenget med paa ein sodan Søknad.
           
Søknaden lydde soleids:
             
Til det akademiske kollegium.
           
Ved den i 1879 udfærdigede instruks angaaende undervisningssproget i almueskolerne paa landet har som bekjendt bygdemaalene faaet en forandret stilling i undervisningsvæsenet. Barnet skal herefter saavidt mulig meddeles undervisning i sit eget talesprog. Denne bestemmelse vil, skjønt den vistnok nærmest har betydning for lærerstanden, ogsaa i nogen udstrækning komme til at vedrøre præsterne. Disse staar nemlig ikke blot ialmindelighed i et nært forhold til skolen, men de skal ogsaa selv, gjennem komfirmandforberedelsen, direkte tage del i og fortsætte dens gjerning. Det synes derfor naturligt, at ogsaa præsterne vil føle vigtigheden af at besidde et saavidt muligt indgaaende kjendskab til sine menigheders dialekter, hvilket visselig vil blive én af betingelserne for, at de her kan røgte sin gjerning fuldt ud tilfredsstillende.
           
Af ikke mindre betydning vil et saadant kjendskab til bygdemaalene være, hvor det gjælder præstens almindelige opgave, sjælesorgen, og det saavel den offentlige som den private. Vistnok vil der stille sig overvejende praktiske vanskeligheder ivejen for prædikenens affattelse i selve folkemaalet, hvilket her turde være det ideale. Men nødvendigheden af, at ordets forkyndelse, specielt for de opvoksende generationer, hvis hele undervisning skal foregaae paa dialekt, og som vil komme til at modtage alle sine forestillinger gjennem denne, foregaar gjennem former, der nærmer sig Folkets tænke- og udtrykssæt saameget som muligt, uden dog at henfalde i det smagløse, gjør det ligefuldt til en sag av høj vigtighed, særlig for den begyndende sjælesørger, at kjende sin menigheds talesprog eller ialfald at have betingelserne for med lethed og sikkerhed at kunne sætte sig ind deri.
           
Det er disse betragtninger, der har fremkaldt ønsket om, at der maatte gives vordende præster anledning til under opholdet ved universitetet at erhverve sig ialfald den almindelige indsigt i bygdemaalene med deres væsentlige grammatikalske og leksikalske ejendommeligheder, der maa danne det videnskabelige grundlag for den enkeltes senere mere praktiske studium af de enkelte bygdemaal. I henhold hertil og i den forvisning, at de praktiske behov, som her skulde rammes, vistnok ingenlunde kan siges at være uden sin alvorlige betydning, er det, at undertegnede theologiske studerende ærbødigst vover at henstille til det høje kollegium at undergive sagen sin prøvelse samt at overveje, hvorledes den i tilfælde praktisk skulde blive at ordne.
 
Ein Theolog.
 
1) Her galdt det daa berre aa faa vitenskaplege Utgreidingar um Bygdemaali, som etter Prof. I. Storm nettupp maa drepa Landsmaalet. Hev daa Motmennerne so liti Tru til sine eigne Grunnar?