Meir um Missionen og Missionsverket vaart.

[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
(Slutten.)
           
Det er i Røyndi noko sermerkt ved Missionsarbeidet i vaar Tid, at det endaa ikkje hev magtat aa gjeva Kristenfolket nokon heil og sann Kjennskap til Heidendomen i hans Grunn og Natur og i hans ytre Tilstand. Stanleys Ferd gjenom det myrke Fastland gjev meir Upplysning um desse Ting aaleine enn alle Missionsbrevsendingar tilhopes, og dei Vink, han der gjev um eit sunnt og fruktsamt Missionsarbeid, inneheld meir apostolisk Visdom enn alle dei Missionspreikur og Missionsfyredrag, som hev voret aa høyra i dette Landet. Det er daa rart og, at me i 30 Aar hev havt ein heil Flokk av Missionærar der nede, og endaa finst det knapt ein Mann i Norigs Rike, som veit retteleg Greida paa Landet elder Folket, kvat Lag det hev til aa taka imot Kultur, kvat det tenkjer og trur, Levemaaten, Samfundsskikken, o. s. fr. Av det me las um Krigen millom Engeland og Suluarne lærde me meir um desse Ting enn av alle desse Missionsbrevi, som væl kann fortelja oss, naar Missionæren fekk Fjoset sitt ferdigt, elder fekk Brudi si til seg, elder naar Brudi hadde Tannverk elder Verkefing elder fekk eit Barn, og slikt, men som inneheld fælande litet av det, som Ein helst skulde vente. Det er so forunderleg tomt og livlaust, alt dette; det ser ut som at alt, som gjeng ut fraa dette Missionsverket vaart, ikkje hev Magt til nokon Ting, utan til aa høyra Leksur og halda lange Bøner, som Heidningarne ikkje skynar eit Ord av.
           
I umpass 30 Aar hev me drivet paa med dette og øydt burt ikring 4 Millionar Krunur utan aa sjaa Frukt. Og endaa hev me ingenting lært. Me trur enno, at Missionen er nokot ser-i-Lag heilagt og godt, framum alle andre Kjærleiksgjerningar; me trur enno, at Missionsarbeidet vaart er reint lytelaust og mistaksfritt, at all Kritikk er uhøveleg og syndig, ja er Motstand mot Guds eigen Gjerning. Truleg vil det norske Kyrkjefolket endaa maatta stræva i 30 Aar og øyda burt endaa 4 Millionar, fyrr det fær Mod til aa skyna, at heile dette Strævet er all-igjenom faafengt og maa vera faafengt, av di det ikkje eig nokot i seg av det, som krevst til, at det kunde fylgja Apostlarne i Fotefaret og taka deira Arv upp.
           
- Denne Domen raamar likevæl ikkje Skrefsruds Mission millom Santhalarne. Skrefsrud er kannhenda den einaste norske Missionæren, som Ein kann segja hev eit apostoliskt Syn paa Gjerningen sin. Han er daa og den einaste, som hev set sitt Arbeid signat med Frukt. Ingenting kann difyr betre syna oss, kor einsynt og aandlaust heile Missionsstellet vaart er, enn dette, at just denne Mannen er utstøytt av Synagogen, og at Selskapet liksom ikkje vil bry seg so mykje um Arbeidet hans, at det vil nemna det elder vita um det dessmeir. Missionstidenden, som nettupp skulde vera til det aa gjeva Fraasegner um alt Missionsarbeidet rundt paa Jordi, men som serleg skulde hava si Gleda i aa fortelja um det, som gjeng ut fraa vaart Folk, tigjer som Muren um Skrefsrud. Missionstidenden, som hev Rom til Meldingar um den Krimsjuken, Hosten, Tannverken og Kolikken, som Sulumissionærarne og Fruerne deira lid av, hev ikkje Rom til aa fortelja um den Herrens underfulle Gjerning til Frelse fyr Heidningarne, som vert utførd ved vaar eigen Landsmann i Santhalistan.
           
Naar den norske Sulumissionen vil likjast eit bladlaust Tre paa ei Villheid, so kann den Dagen med Guds naadige Hjelp koma, at den norske Kyrkja der inn i Asia hev fenget ei Dotter, som kann samla mange med seg til Kristus, ja vertasom eit Senepskorn, som ei Kristi Kyrkja i Asia kann veksa fram av.
           
- Endaa ein Grunn til, at Missionsarbeidet i vaare Dagar ber so lite Frukt der er knapt eit einaste Heidningfolk, som er vunnet og skipat inn i Kristenkyrkja, -, kann me væl finna i det, at Kristenfolket sjølv er so lite kristelegt. Dei store Heidningfolk hev væl altid høyrt gjete, at det er ingenstad paa Jordi meir av Folkeslag- ting og Blodspilling, meir av Naud og Jammer, verre Kaar fyr Fatike og Fortrykte, meir av Svik og Urett, enn just i det kristne og civiliserade Europa. Naar so dette same Europa sender Folk ut til heidningarne til aa forkynna Evangeliet um Fred og Kjærleik, - so maa desse Folk faa mange rare Tankar. Kanskje dei stundom kjem til aa tru, at Europafolket sender dei det, som det sjølv ikkje bryr seg vidare um. Me hev daa og set, at dei store heidenske Kulturfolk, Kinesarar og Japanesarar, er meinte paa aa senda Missionærar fyr si Tru yver til Europa. Sanneleg, eit underlegt Resultat av det store Missionsarbeidet i det 19de Aarhundrad!
           
Missionen er ein heilag Ting, eit kjært Barn fyr Kristenfolket, segjer Innsendaren i No. 14. Me kann vera med paa det; men me held og fram den Sanningi, at Missionen ikkje - slik som hjaa oss maa rivast ut av sin Samanheng med alt det andre, som bør vera eit kristent Folk heilagt. Og just fyr di Missionen er slik ein heilag Ting, bør me, so godt som me kann, driva denne Gjerningen etter den Rettesnor, som Guds Ord, apostolisk Visdomsregel og Kyrkjesoga sjølv gjev oss, og agta oss væl fyr aa draga denne Heilagdomen ned i Humbugen og Skraalet elder køyra honom fast i slikt aandlaust Regelverk, som dei hev gjort daa visst hjaa oss.
           
Ein skulde vera hogvar og fara varleg fram, naar Ein tok til aa forhandla um Missionen, vert det vidare sagt. Lat so vera. Men kvat Avkrok av Landet hev den Mann butt i, som ikkje veit, at so hev voret gjort, allvisst hjaa oss? Hev ikkje Missionsstyret og Missionsselskapet fenget styrt og stelt plent som dei vilde? Naar elder kor elder av kven hev det nokotsinn voret lagt so mykje som eit Halmstraa i Vegen fyr Missionsstrævet korkje ute elder heime? Um Ein vil lesa Referati av alle dei store og mindre Møti, som hev voret haldne i Landet i dei seinste 30 Aar, Krinsforsamlingar, Generalforsamlingar, Fællesmøder o. s. fr., so vil Ein ikkje finna det minste Grand, som Ein kunde kalla hardhendt elder uvyrden Kritikk. Inns. i No. 14 kallar det Partistrid, naar nokon vil prøva aa paavisa Veilur i Missionsstellet vaart. Kvat vil han daa kalla sitt eiget Standpunkt? Nei, Hr. Bladstyrar, Innsendaren i No. 14 er ein klein Forsvarar fyr det norske Missionsverket, og naar han skuldar andre fyre, at dei skriv um Ting dei ikkje kjenner til, so ser det ut til, at han fyrst og fremst burde passa seg sjølv.
 
Z.