Arbeidarsaki ute og heime.

[Del 4 av 4. Fyrste delen.]
 
II. Aalmenne Utgreidingar um Saki utanlands.
 
(Framhald fraa No. 17.)
 
Men er det no tenkjelegt, at ei slik Arbeidarfylking kann halda ut, naar ho skal vera bygd einast paa friviljug Tilslutning, og naar ho vil halda seg ifraa alle uloglege Kampmidel?
           
Driftsherrarne og dei Statsøkonomarne, som ikkje trur paa andre Magter i Næringslivet enn den frie Konkurrensen, dei hev Gong etter Gong svarat Arbeidararne, at det er faafengt Verk aa vilja tvinga Arbeidsløni upp, og dei hev fyr lengje sidan spaatt desse Arbeidarfylkingarne eit stutt Liv; det nyttar ikkje aa stampa imot Naturlogi. Men so er det ein annan Krins av Statsøkonomar, ikkje mindre duglege og vitenskaplege Menn, som er likso støde paa, at det ikkje gjeng an aa setja upp slikt eit einskilt Princip, som t. D. Konkurrensen, til Naturlog fyr Næringslivet. Millom desse er den tyske Professoren Lexis. Han segjer: Dette Spursmaalet um Arbeidarfylkingi kann berre avgjerast gjenom Røynsla. Aa braadsvara Nei paa Grunnlag av ubrigdelege økonmiske Naturlogjer er likso villt som Draumdansen hjaa dei socialistiske Sangvinikarar. Me vil ikkje stridast um Ordet Naturlog; men alt um Ein gjeng ut ifraa, at Sjølvhugen (Egoismen) er den fremste Drivkrafti i Næringslivet hjaa Stormengdi av Folk, so gjeng det daa ikkje an aa gaa ut ifraa, at Verknaden av denne Drivkrafti skal syna seg eins allstad i Livet. Det kjem an paa ytre Umstende. Det er soleids ingen Grunn til aa tru, at Sjølvhugen er mindre hjaa Arbeidaren enn hjaa Driftsherren; det vert væl paa Lag det same; men Verknaden av denne eine og same Sjølvhugen kann i eit Samlag av Driftsherrar verta reint motsett mot i eit Samlag av Arbeidarar. I fyrste Tilfellet kann han sprengja sund, i andre Tilfellet binda ihop. Ingen Ting kann vera vandare enn aa halda ein Flokk av sjølvstendige Driftsherrar samde um ei viss Aatferd med Drifti; hjaa kvar og ein vil det skapa seg ein centrifugal elder midpunkt-rymande Serhug, som vert dess sterkare, di større Kapital han hev mot dei andre. Hjaa framifraa duglege og framkjømde Arbeidarar vil denne Serhugen og faa Yvertaket. Men hjaa Millomslaget, som utgjer Stormengdi av Arbeidararne, vil det halda seg ein naturleg Hug til aa flokka seg ihop og skapa eit Klassesamhald, av di kvar og ein kjenner paa seg meir eldermindre medvist -, at han treng ei slik Samanfylking til aa berga seg sjølv. Dette naturlege Klassesamhaldet hjaa Arbeidararne er altso sjølv ei Form av den økonomiske Storkrafti, Sjølvhugen, og det er altso med Statsøkonomiens eigne Grunnar gjort trulegt, at slike Arbeidarfylkingar kann halda seg uppe som varige Stridsmidel fyr Arbeidarsaki.
           
Det kjem nokot fagert yver Arbeidarlivet gjenom dette Klassesamhaldet. Dei er utruleg viljuge til aa ofra sine strævalt uppsparde Samlagspengar til aa stydja Kameratarne sine i deira Strid med Driftsherrarne um Løni, det same anten det gjeld deira eigi Arbeidsgrein elder det gjeld andre. Og det vert i slike Tilfelle aldri spurt um Vonerne fyr Tap elder Vinning i endefram Meining; dei gjer eit Innset med samlad Kraft fyr ein Freistnad, som skal verta til Gagn fyr heile Arbeidarklassen, um det gjeng godt, men som berre paa andre Handi elder umvegjes kann gagna den einskilde Arbeidaren. Di laakare Tiderne er, di sterkare syner Samhaldet seg; daa strøymer Arbeidararne til Samlagi i Hopetal, medan dei gode Tiderne jamt syner Fraafall. Dette viser greidt, at Samlaget ikkje hev sin Grunn i moralsk Broderkjensla, men er ei Framavling av reint økonomiske Krafter. Det er Sjølvhug, men i ei høgre, ædlare Form.
           
Men magtar Arbeidarfylkingarne aa naa Maalet sitt, som er det aa retta paa Kaari aat dei kapitallause Arbeidararne?
           
Detta Spursmaalet kann ikkje helder avgjerast utan gjenom Røynsla, segjer den tyske Professoren. Og enno hev me for faae Røynslur i denne Vegen, til at me kann vita nokot visst. At ikkje den einskilde Driftsherren i Lengdi kann gjeva høgre Løn enn som høver med den vanlege Kapital-vinsten, det er visst; og endaa um Arbeidararne tvingar honom med ei Arbeidsstansing til aa auka Løni, so er dette udrjug Vinning, og fører ikkje Klasse-Interessen i det heile fram. Men eit annat Spursmaal er det, um ikkje Arbeidararne med Tidi, naar dei fær samlat seg aalmennt gjenom alle Land og fullført si Fylking, um dei ikkje daa med sitt trauste Samhald kann tvinga fram ei onnor Deling av Nationalavlen enn som no er millom Pengestyrken og Arbeidet. For det maa merkjast, at Procenttalet fyr Kapitalvinsten til kvar Tid er nokot historiskt skapt og historiskt umskiftelegt, so at det er ikkje nokot utenkjelegt, at Driftskapitalens Part i Produktionsutvinningi kann koma til aa minka varigt, av di Arbeidararne gjenom sine faste Fylkingar riv yver til seg ein større Part av den økonomiske Magti i Samfundom. Det kann vera uhaglegt nok fyr Driftsherrarne, at dei ikkje kann faa kaupa den einskilde Arbeidaren fyr kvat Løn dei sjølve vil bjoda, men lyt ganga til Arbeidarsamlaget og tinga um baade Arbeidar og Pris; men likevæl er det meiningslaust aa klaga som dei gjer i Frankrike yver, at Driftsherrarne vert nedtrykte av dette; det er likso urimelegt, som at Bakararnehell Slagtararne i ein By vilde klaga yver, at dei vart nedtrykte, naar ei Forbruksforeining vart skipad. Dessutan er det slettikkje sagt, at Vinsten i seg sjølv vart mindre fyr Driftsherrarne, um Delingi vart nokot avbrigdad til Bate fyr Arbeidararne. Slikt kunde rettast uppatt gjenom betre Produktion, Framstig i Maskingreidurne o. m. a.
           
Men endaa um Arbeidsløni ikkje skulde vinna nokot varigt Vald ifraa Kapitalvinsten, so kann likevæl slike Arbeidarfylkingar verta til stort Gagn fyr Samfundslivet. Det vil koma meir Ro yver Arbeidaren, naar han gjenom Samlaget kann tinga med Driftsherren paa frie Handelsvilkaar.
           
Det vantar enno mykje paa, at Arbeidarsamlagi i Utlandom hev lært seg til det Umsyn, det Maatehald og det klaare Vit paa Driftsverket, som skal til, fyr at dei kann føra Saki si fram; men dei hev freistat. Korleids det vil ganga i Framtidi, det kjem mykje an paa Driftsherrarne sjølve. Vil dei driva det som no med aa halda seg undan Arbeidarsamlagi, so vil desse og halda paa med aa vera Talsmenn fyr Kampen i mot den gjeldande Samfundsskipnad. Men vil Driftsherrarne koma dei fritt og ærlegt til Møtes og leggja av ymse gamaldags Synsmaatar, so vil det etterkvart jamna seg av til Forsoning og Forstaaelse millom dei; for Arbeidaren er ikkje dauvhøyrt fyr vitug Tale. Det gjeld berre aa vinna yver den djupe Mistrui hjaa honom med aa koma honom ærlegt til Møtes. Men Driftsherrarne hev ikkje lett fyrr dette.