ABC-Boki hans Austlid.

Hægstad (Fedrh. No. 16) kann ikkje vera samtykt med meg i det, at Maalet i ABC- boki hans Austlid er for gamaldags, og han hev paa ein Maate Rett. Boki er i Fyrstningi paa Bygdemaal, lempar seg smaatt um senn etter Landsmaal, og er paa Slutten reint stiv gamaldags; men detta er godt. Dei, som held paa Bygdemaalet, kann daa berre lesa fyrste Helvti; dei, som held paa Fedraheimens Maalform, kann lesa tvo Trediepartar, og dei, som vil hava den stivaste og mest etymologiske Formi, kann lesa Boki heilt ut. Det er i Grunnen godt uttenkt, so nokon kvar kann bruka denne Boki. Stavemaaten kunde Austlid kannhenda retta i eit nytt Upplag, so vart ho visst endaa betre.
           
Stefan Frich upplyser, at der er ei Veila til med ABCboki, at ho inkje brukar Lydmethoden. Daa eg saag dette, spurde eg ein Skulemann, kvat Lydmethoden var, og han lagde ut fyr meg um, at det var ei stor Veila, at ABCboki ikkje brukad den. Er detta sannt, vilde væl Austlid gjera so væl og lempa Boki si etter detta og. Naar eg skreiv um Stavemaaten og so nemnde Bjørnen, so burde Frich lagt Merke til, at det var berre eit Eksempel. Paa Dansk-norsk gjer det endaa ikkje so mykje, um dei byter Ordi galet, f. Eks. Bjør-nen, av di Ordet der skal uttalast som Ein skriv det. Men paa Norsk maa det bytast Bjørn- (uttal Bjønn, Bjødn, Bjøinn ingenstad i Landet heiter det Bjørn med lang ø og tydeleg r -) og e n.
           
- Einar finn, at eg hev sagt ein streng Dom um Boki, naar eg sagde, at det var stor Synd paa ho med denne Stavemaaten. Det er ikkje so. Naar eg segjer: detta er stor Synd paa Boki, meiner eg nettupp, at Boki er svært god. Det er berre Maaten aa byta Ordi paa, eg klandrar. No finn Einar, liksom eg, at Stavemaaten er i ABCboki ein so vigtug Ting, at han helst lyt vera rett, skal det vera Gagn i Boki. Men etter det skulde eg nettupp, fraa mitt Synspunkt, hava Rett til aa fella ein streng Dom, daa Stavemaaten inkje er som eg trur er rett. 1)
           
Det hev inkje voret mi Meining, at eg berre vilde klandra. Eg trur, Austlid hev gjort eit ovgodt Varp fyr Maalsaki med denne vesle Boki, og mange skulde lika, um det kom meir fraa same Handi.
           
Forf. til Stykket um Vestmannalaget og O. J. Høyem.
 
1)