[Notisar]

Kristiania, den 7de Mai
 
For Nordenskjold hev dei Fester og Tilstellingar i sodant Stormaal i Sverike, at det alt hev gjenget med eit Par Liv, og mange er saarad ved all den Eldleiken hell Illuminationen, dei fer med.
 
 
Eit frihugad Kvende i Frankrike skreiv soso lydande til Styringi: De hev kravt meg for Skatten for 1880, men den vil eg ikkje betala. Eg hev gjort det fyrr, men daa eg so vilde til aa bruka Retten i Staten, som eg tenkte, eg laut hava, naar eg bar Byrdarne, og vilde skrive meg inn, so svarad dei, at det var berre Mannfolk, som kunde det. Eg kann ikkje tola det, at 10 Millionar med Kvende skal hava misst Retten sin utan nokon Dom. Eg vil ikkje lenger betala Skattar, som berre Menn skal avgjera, kva dei skal brukast til.
           
           
Politiske Samlag i Akershus Amt. Etter Storthingsvalet i dette Amtet ifjor var det mange Stormenn, som brann av Sut og Harme, fordi det hadde vortet so frilyndt. So skipad dei eit Samlag, Novemberforeningen, dei kallad, for aa arbeida for eit rimelegt Framstig i Grunnlovens Aand, so segjer dei, men for aa strida imot Sverdrup og heile den Fridomsflokken, so meiner dei. Dei vil au utspenne Strævet sitt so langt dei kann, utgjenom heile Landet, og dei hev alt havt mykje Bry med aa faa samla gamalkjære Menn fraa nokonkvar Stad segjer dei. No i Fyrrevika skipad det seg eit Motlag, som kallar seg 17de Mai Foreningen. 66 Mann møtte, 6 fraa kvart Prestegjeld. Dei skal daa sjaa til aa hjelpa fram Fridomstankarne og motverka Novemberforeningen.
 
           
Kongen vil koma til Kristiania den 10de Mai. Han vil taka med seg dei norske Riksraadarne, han hev i Stockholm, so han her daa kann halda heilt Riksraad. Det er daa um deires Innkome i Thinget det skal gjelda daa endeleg, anten det vert no det eine hell det andre, det fær me daa snart sjaa. Det gjeng ymse Røur, at dei no au er tenkt aa brøyte um Grunnlogi og innføra Tokammersystem, so Lagthinget daa skulde veljast serskildt og berre av Rikmenn; men det kunde dei gjerne lata vera og nemne att, for det vil ingen norsk Mann gange med paa, me er ikkje so radikale.
 
           
Utnemningar. Kand. jur. Bull til kongl. Fullmegtig. Politifullm. i Bergen Sten til Skrivar i Sundfjord. Skrivar i Hammerfest Siemers til Skrivar i Nordhorland. Hjelpeprest i Sande Smith- Petersen til Hjelpeprest paa Moss. Kand. Sinding til Hjelpeprest i Sande. Kand. Hemsen til Hjelpeprest i Sparbu. Prest i Førde Fasting hev fenget Avskil.
 
           
Kand. Hans Ross hev fenget tillate 2400 Kr. av Storthinget for aa studere norsk Maal iaar au.
           
           
Til Direktør Dahl sette Storthinget ein Pension paa 3200 Kr. Det er han, som hev styrt Landbruksskulen paa Aas i 22 Aar. Men det vart klandra av Storthinget for nokre Aar sidan, at det var for kleint Pengestell ved Skulen, ille vart Bruket drevet au, so han laut taka Avskil. No var det Sume i Thinget, som vilde hava Pensionen hans til 4000 Kr. (Regjeringi hadde sett den til 4800 Kr.), fordi han hadde Ord for aa vera ein dugeleg Mann, og fordi han hadde gjort Storthinget til Viljes med aa taka Avskil (liksom det skulde serleg lønast det aa høyre etter Folkemeiningi), og fordi han var Svenske.
 
           
Til Reisepengar for Kunst- og Vitskapsmenn vart det veitt 12,000 Kr. (Sume vilde hava berre 10,000), men med den Tilsetningi, at det skulde delast likt, so det kom 6,000 paa Kunstmenn og 6,000 paa Vitenskapsmenn, og at Ingen skulde faa mindre enn 1500 Kr.
 
           
Til Norske Oldsager av Prof. Rygh, til aa gjeva ut dette vart det ikkje gjevet noko beintfram. Men eit Forslag av Essendrop gjekk igjenom, at det for iaar skulde latast til 2,500 Kr., for at dei kunde kaupa inn 200 Stykkje av Boki og dela ut runnt umkring i Landet til Boksamlingar, Seminarar, Amtskular, Folkehøgskular o. d., daa Verket ved denne Hjelp au kunde seljast for 25 Kr., men hellest vilde det ikkje verta noko vidare kjennt utgjenom Landet, der det vilde vera til mest Hugnad. 61 gjekk med paa detta, 45 var imot.