[Kongen kjem.]

Kongen kjem. Det gjer han Rett i. I ei Stund som denne, daa Politikken vaar stend i eit slikt Vende, vil det vera høvelegt, at Kongen er i Landet.
           
Men kvat vil han gjera? Vil han hit og faa ei sterkare Kjenning av den norske Folke-Viljen? Vil han hit og sanktionera, og so sjølv faa sjaa den Gleda, han dermed ætlar seg til aa skapa i Landet? Elder vil han berre hit og forføta Ministeriet sitt?
           
Det er væl knapt verdt aa spyrja so sterkt etter dette. Sakerne stend so no her i Landet, at - Riksraadsaki gjeng igjenom. Det finst ikkje Raad fyr det. Det vil denne Gangen visa seg, paa den eine elder paa den andre Maaten, at Folket fær fram det, som det i Aalvor vil.
           
Det vilde i sume Maatar vera best, at Saki ikkje vardt sanktionerad. Spursmaalet um det absolute Veto vilde daa vera med ein Gong ute or Verdi. Og det vilde vera styrkjande, moralskt styrkjande, fyr oss alle aa sjaa, at Folket i ei Aalvors Stund kann samla seg usvikeleg sterkt um ei stor Sak og føra henne fram, loglegt, fredelegt, men fast, - og aa sjaa, at naar Folket samlar seg slik, so eig det Magti her i Landet. Me vilde vinna mange Aar fram i Fridom og politisk Manndom berre paa slikt eit einaste Tak.
           
Men dersom Regjeringi sanktionerar, vil det altid ganga lettare. Det vil spara oss fyr ein lang, sur og beisk Strid, og det vil brøyta Vegen fyr det Samarbeid millom Riksmagterne, som denne Reformi hev til Fyremaal aa skapa. Og skulde det absolute Veto, denne stygge Bakstrævardraumen fraa Øvre Vollgata, koma til aa spøkja, endaa etter at denne Saki hev komet i Skikk, so vil det sidan og koma Tilhøve til aa mana dette Skrymtet i Jordi. Avgjerdi, den kjem no, - paa den eine Maaten elder paa den andre; og er Riksraadsaki gjenomførd, so er Grunnlogi trygg, og Bakstrævardraumarne fraa Øvre Vollgata vil aldri meir faa den Magti, dei no eit Bil hev havt.
           
Her er altso tvo Vilkor, og gode er dei baade. Det vil vera fagert, um den norske Kongen no kjem hit og vil stadfesta Folkeviljen og deretter gleda seg med Folket yver det, som dermed er vunnet: Vilkori fyr eit greidare og rikare Samliv millom Folkemagt og Kongemagt. Men um Regjeringi finn, at ho bør telja Kongen plent ifraa aa visa seg som konstitutionel Styrar i dette Tilfellet, - so vil det væl vera verst fyr den.