Rispur.

Det var eingong ein Hund, som beit ein Mann i Leggen; Mannen sette inn til ein Kaupmann og sagde, det var hans Hund, som hadde bitet han. Kaupmannen var rædd, han skulde koma til aa bøta, og sagde: Fyr det fyrste er Hunden min so godt upplærd, at han aldr kunne vera so uvyrden og bita nokon i Leggen; fyr det andre er han blind og kann inkje sjaa aa bita; fyr det tridje, endaa um han kunne sjaa aa bita, kunne han inkje koma av Flekken, daa han er reint lam. Fyr det fjorde er han reint tannlaus. Fyr det femte døydde Hunden min fyr eit halvt Aar sidan. Fyr det sette hev eg aldri havt Hund.
 
 
Tvo Karar, som hadde voret i Utlandet, kom i Ordstrid um ei viss Gata i ein viss By og kunde ikkje verda samde. Den eine Karen spyrr daa helder kvasst: Kor mange Gonger heve du voret i den Byen?
           
Berre ein Gong, svarade hin spaklegare. Berre ein Gong? tok hin i med høgt Mæle, og du vil halda paa ditt? Eg heve voret der minst seks Gonger, og difyre fær eg fulla hava betre Greida paa den Tingen.
           
Nei, svarade hin, eg tenkjer eg lyt vita det best lika vel.
           
Korleides kann slikt rima seg daa? Jau, ser du, den Gongen, eg var i den Byen, var eg der i aatte Aar.
 
 
Professor X. gjekk og dreiv uppi Slottsparken; so møtte han ein Bonde, som han kjende fraa sine Studenterdagar. Desse tvo kom daa i Samtal. Men kaa hev det vorte av deg no daa? spurde Bonden. Aa, nu er jeg Professor i Lovkyndighed, svarad X. Kaa er det for Slag? spurde Bonden. Jo, ser du - jeg lærer op Folk til Sagførere, Futer, Skrivere og saadag noget. Ja, men kvifyr i Jøsses Namn gjer du det daa? spurde Bonden.