Eit og annat fraa ei Englandsferd.

[Del 10 av 14. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
London.
 
St Pauls Domkyrkja.   
 
1561 brann Taarnet paa gamle St. Pauls Domkyrkja, og Kyrkja vart so skadd, at ho var reint til Nedfalls. Det høyrest utrulegt, men det stend i Baedekers Handbook for Travellers, at dei brukad dei Romi, som var under Jordi, av den halvt øydelagde Kyrkja til Verkstader og Vin-Kjellarar, og at dei sette upp eit Teater mot ein av dei ytre Murarne, og at dei gjorde Skipet i Kyrkja (det store Midt-Romet) til ei Aalmann-Trokk (offentlig Promenade), og under Edward den sette tok dei Stein fraa den gamle Kyrkja, daa dei bygde Somerset House, nett som hjaa oss med Domkyrkjurne vaare. Sidan skulde dei taka paa med aa setja Kyrkja i Stand, men so vart ho lagd reint i Øyde, daa det var Varmelaus i 1666.
           
1675 tok dei paa og bygde den nye Kyrkja. Byggmeisteren var den namngjetne Sir Christopher Wren, som stod fyr Byggjingi, til ho var ferdig, 35 Aar. Ho kostad 27 Millionar Kr., og i den Tidi var Pengarne mykje dyrare enn no. Mest Helvti av Pengarne gjekk med til aa kaupa Grunn og kaupa Hus, som stod i Vegen. Pengar fekk dei av ein Skatt, som dei lagde paa Steinkol, som vart innført til London, og difyr segjer dei, at Kyrkja ber Røyk-Kappa si med god Grunn. Kuppelen er reint graa av Røyk.
           
St Peters Kyrkja i Rom og ei Kyrkja til er større. Den tridje paa Storleiken er St Pauls, og ho er den største protestantiske Kyrkja. Men ho er so innbyggd av Hus, at ein ingenstad paa Gaturne kann faa rettigt Syn paa, kor fager ho er. Det beste Stelle aa sjaa ho fraa skal vera Blackfriars-Brui yver Tems. Ein kann sjaa alt fraa St. Pauls Kyrkja, men Kyrkja kann ein inkje sjaa fraa nokonstad, og ho er innbyggd slik, som dei var rædde ho skulde smetta av, segjer ein, eg trur Baggesen.
           
Der er Gudstenesta tri Gonger um Dagen, Vyrkedag og Sunndag. Eg gjekk inn um Eftan, ei Stund fyre Gudstenesta skulde taka til, det kostad ingenting. Eg saag meg umkring. Alle Stader var det Styttur fyr store Menner, men mest berre fyr Hermenner, og det høvde litet i ei Kyrkja. Der stod ei Tavla, som bad Folk venda Tankarne mot Gud og inkje festa dei paa Glitter og Stas; men den Tavla kunne gjerne voret burte. Aa setja upp bilæte, som er lag meg segja usømelege, og so beda Folk senda upp Guds-Tankar, er meir engelsk enn klokt. Lesaren fær orsaka meg, at eg inkje kjem til aa tala som eg var i ei Kyrkja, men i eit Hov fyr menneskelegt Storlæte og Faafengd. Lat oss gløyma, at me er i ei Kyrkja.           
           
Slik Bunad hev eg inkje set fraa di eg vart avvand, sagde ein Skalk til ei Ball-Dama. Alle Stader saag eg Styttur av Kvinnfolk, som, naar ein skulde døma etter Bunaden, laut vera Ammur. Umkring kvar Kjempa stod det ei elder tvo slike. Der er ei Stytta av ein Mann, som fell saarad av Hesten, og nokre Soldatar og Ammur tek han i Fanget. Under stend det ei Innskrift, at det var ein Lækjar, som sott-døydde i eit Sjukehus paa Krim. Er det so inkje teatralsk Humbug og flirande Faafengd med Hesten og Ammurne? Eg saag meg snart leid paa detta. Sistpaa kom eg til Stytta hans Nelson. Paa Fotstykke stod: Trafalgar, Nilen, Kjøbenhavn, Namni paa dei tri største Sigrarne hans. Eg hev aldri visst Nelson var so liten, at Sigeren ved Kjøbenhavn skulde vera No. 3. Men National-Skrytet kjem til Hjelp. Engelsmannen segjer, at Danskarne misste 6000 Mann i Slaget, og det høyrest gromt ut. Men det kann nok inkje hanga so rett ihop med det, fyr heile den danske Styrken var berre nokot yver 5000 Mann.
           
St. Pauls Kyrkja er, liksom Westminster Abbediet, eit National-Tempel fyr dei, som Landet hev Æra av. Her ser England framsynt sin eigen Stordom. Mange vil venteleg verta forundrad, fyrdi det mest er Hermenner, som dei ærar soleids; Engelsmennerne gjeng fyr aa vera eit Kræmarfolk, som berre bryr seg um Vinning. Men det er nok inkje alt so visst. Eg saag i eit engelsk Atterhalds-Blad, Standard, i eit Stykke som stod der, at Engelsmennerne er det Folket i vaare Dagar, som likjest mest paa dei gamle Romararne, og Standard hev truleg Rett. England og det gamle Rom er adels-styrde og pengestyrde baade tvo, uppsette paa Vinning og urædde, naar det gjeld um aa verja sine Interesser. Dei er inkje Militær- Statar, og naar det vert Ufred, tapar dei fyr det meste i Fyrstningi, daa Militær-Stellet tidt er i Ulag, men Folke-Lynnet er seigt, so dei vinn til Slutt. Der er den same kalde Ro og faste Styre-Tanken i baade desse Folki, og usvikelegt Krav um, at kvar skal gjera sin Skyldnad. Meir enn ein Gong hev Soldatarne stadet som Murar og gjort godt att det, som Førararne hev forbrotet. Meir enn ein Gong hev laakt Militær-Stell ført uhorvelege Tap paa baade desse Folki, men naar Sverdet er dreget, legg dei det inkje ned, fyr Sigeren er vunnen. I Krim-Ufreden, daa dei hadde slegest i tri Aar og Napoleon vart trøytt av Ufreden, daa tok nettupp Strids-Hugen til aa vakna i England, daa fyrst hadde dei fenget Skikk paa alt og ventad seg Siger, sameleids som i det gamle Rom. Dei gamle Grekararne døydde fagert fyr Fedralandet, men Romararne vaagad Livet, fyr di det var Skyldnaden deira. Napoleon sagde til Fransmennerne fyre Slaget ved Pyramiderne, at 40 Aarhundrad skodar ned paa dykk, han vilde vekkja Æresykja deira. Men Nelson fyre Slaget ved Trafalgar sagde: England ventar, at kvar Mann vil gjera sin Skyldnad. Stormennerne i Rom dreiv ein sløg Handelspolitik og tente endelaust med Pengar; dei øydelagde Korinth og Karthago, so inkje desse skulde liggja den romerske Storhandelen i Vegen. England hev gjort seg til Herre yver Verdenshandelen i vaare Dagar, det eig ei lagleg Øy elder ei Hamn her og kvar burtigjenom og store og mange Nybygder, so ingen kann tevla med det. Det hev heile Verdi liksom i eit fint ihopsett Garn. India er fyr England, det som Litle-Asia var fyr Rom, ei botnlaus Rikdoms-Kjelda fyr Stormennerne. Dit kann ein Stormann fara, vera der nokre Aar, kjem so heim so rik som Krøsus og held Stormannsveldet uppe. Rom pinte ut Litle-Asia, og England piner ut India. Detta store Landet, som i gamle Dagar var namnkjent fyr Rikdom, er no likso fatigt som Norig. Liksom Rom øydelagde Handelsbyen Karthago, hev England av reint Handelsnid øydelagt Industrien i Irland. Engelsmennerne eig mest all Jordi i Irland, Irarne er fatige og held paa og svelt ihel, og den grøne Øyi er no berre som ei stor Eng, der det inkje løner seg aa avla korn, liksom i Italia i Republikkens siste Tider, daa Smaabønderne var ihelslegne elder Røvarar. Der dei skotske Highlander fyrr budde, er no Tilhelde fyr Rjupur og Hjort og Sauder, liksom i Rom paa Slutten av Republikken Gjætararne fyr dei romerske Stormennerne dreiv Sauderne sine der, som Samnitarne hadde butt i gamle Dagar. Baade Rom og England hev freistad paa aa draga Gudarne inn i sine økonomiske Interessar. Daa Rom trong um Hjelp mot Hannibal, heldt det til Æra fyr Gudarne Leikar, som kostad 333,333 1/ 3 Ass, og lovad Gull og grøne Skogar. Engelsmennerne offrad sine Seks-Pens, daa Russarne og Turkarne slost, til aa faa Vaarherre til aa hjelpa Muhamedanarne.
           
England eig no umkring 400,000 Kvadratmil land, innpaa Setteparten av alt Land paa Jordi, med yver 200 Millionar Menneskje. Detta hev dei vunnet ved Handels-Dug og Vaapnmagt. Og detta veit Engelsmennerne godt; den Dagen, daa England inkje kann verja si Magt lenger, er det eit fatigt Land, og kjem det eingong i Strid med Russland, vil England inkje fira. Var inkje Enggelsmennerne av Naturi eit Hermanns-Folk, so laut dei læra seg upp til aa vera det. Dei veit, kvat dei gjer. Og difyr ærar dei Hermennerne sine. Alle Stader ser ein Merke paa, at dei er stolte av Sigrarne sine. Nelson og hans Ættmenner hev fenget 10 Millionar Krunur av Parlamentet.
                                               
( Meir.)