[Vegardsheidi]

Vegardsheidi (Brev). Den 19de Januar var der eit Møte fyr Nes og Mo Skulekrinsar um Jensens Lesebok. Der vart det fastsett, at her skal kaupast inn ei ny Lesebok istadenfyr Jensens, som no er i Bruk her. Deretter vart det fastsett, at Jensens Lesebok skulde brennast upp. Eg sagde daa til ein Mann, at dei skulde ikkje brenna Boki, men helder gjeva henne burt til Fatikfolk. Ja, men sjaa, um ikkje Luther brende Bannbulla! svarad Mannen. Stakkars Folk! Og endaa skal dei, som driv mest paa med dette, vera av dei best upplyste.
           
Ein kann av dette skyna, kor det stend seg med Upplysningi her paa Heia. Og endaa ser det ikkje ut til, at Prest og Skulekommission vil, at Folk skal læra meir. Den 14de Marts var her Skulekommission. Dei skulde segja fraa, um dei ynskte Amtsskulen her upp no til Vetren, og Skulekommissionen avgjorde det samrøystes so, at dei ikkje vilde hava Skulen. Presten var fraa fyrst mest hugad paa aa taka imot Amtsskulen; for hellest gjekk Ungdomen yver til Folkehøgskulen, var han rædd; men Ordføraren i Formannskapet kunde fortelja, at Amtskulen ikkje var stort likare enn Folkehøgskulen; dei hadde same Svipen. Presten minnte um, at Amtsskulen stod daa under Kontrol, men det hjelpte ikkje, endaa Ordføraren og var mykje glad i Kontrollen. Det var desse Grunnarne, som gjorde, at det gjekk som det gjekk; men det tok seg vel ikkje ut aa segja slikt beintfram, og so laut dei til aa skulda paa, at Bygdi var so romgrendt. Ja, her burde været mere kompress, sagde Presten daa, og dermed gjekk han yver til dei andre. Og so var her ikkje Hus aa faa leigt, meinte Skulekommissionen. Ifjor, daa ein Seminarist heldt Friskule her, var der ikkje nokot aa høyra um dette! Men fyr Amtsskulen var her ikkje Rom, - av di han var so lik Folkehøgskulen! . . . .
 
d.