[Storthinget.]

Storthinget. Fraa Hernemndi kom det samstelt Innstilling um Marinebudgettet iaar. So mange Slags Hovud, som det der er, (høgste Generalen, Grimsgaard, jamvæl), so kom dei likvæl under ein Hatt. Det er Sverdrup, som er Formannen der. Regjeringsframstellingi um Budgettet vart det ikkje mykje att av, og um dette ordad Rektor Steen soleids: at her kann de alle sjaa, kor ille det er, at me ikkje hev Riksraadarne i Thinget, so dei kunde faa verja seg og greida ut, kvat dei meiner. Til det svarad Aschehoug, at det gjekk væl sameleis, um dei var med au, det var væl ikkje mange, som vyrde dei likevæl. Ja, soframt Kristianiamannen meiner, at det ikkje fylgjer nokor Vegt med Ordi deira, røystad Motzfeldt inn. - Bilæthoggar Borch fekk Kr. 1200 um Aaret, det gjekk utan Ordskifte. Til ein sers Professorpost i Botanik vart det tillatet Kr. 4,500. Detrøystad 39 imot. Jaabæk talad fyr. Det var faae Lærarar ved Universitetet her, sagde han, mot i andre Land. I Tyskland var det soleids 21 Universitet med 2041 Lærarar, og Jamnen vart soleids 97 Lærarar fyr kvart. I Austrike Ungarn var det 10 Universitet og 108 Lærarar ved kvart, men me hev berre eit Universitet og berre 51 Professorar og 13 andre Lærarar. Han vilde vera med og hjelpa Universitetet og Vitenskapen i alt, han kunde. Vegnemndi hadde viljat, at det skulde byggjast ein Veg yver Fjellet fraa Skiaaker i Gudbrandsdalen til Uppstryn i Nordfjord, som skulde vera 4 Meter breid. Kapt. Gregersen fyreslog, at Vegen berre skulde vera 2 ½ Meter breid, og soleids vart det og vedteket.