[Notisar]

Kristiania, den 30te April
           
Krigen i Afghanistan ser ut til aa spenna i att. Soleids hev General Stewart havt ein Samanstøyt. 15,000 Mann sprengde mot honom, men dei vart kastad tilbaka og misste 1000 Liv, av Engelsmennerne vart det drepet 17 og saarat 115.
 
           
Eit aalmennt Theologmøte vart haldi igaar Kveld fyr aa umhandla ein Søknad til Universitetet, um dei kunde syta for, at det kunde haldast Fyrelesningar yver norske Bygdemaal for Prestemni, so dei kann fylla dei Kravi, som no Skulen krev av Prestarne, etter den Tilsetningi, at Lærararne skal bruka Bondemaalet aat Borni sine. Søknaden vart forkastat. 33 var imot, 25 for, men mange fleire var samde um Saki, men gjekk ikkje med av andre Hensyn.
 
           
Fyr Mordaren Arne Kulterstad hev det nyleg voret innsendt 2 Søkningar, um at han skulde sleppa laus, daa han alt hev setet fast i 20 Aar. Men Høgsterett hev avstillt Søknaden.
 
           
Universitetet, Storthinget, Handelsmanns-og Sjømannslagi hev sendt Lykkynskjingar til Nordenskjöld.
 
           
I Vestfossen, som er mest som ein liten By, so tettbygd, millom Drammen og Kongsberg, hev det voret ein fæl Lauseld. Mest alle Smaahusi der brann upp, daa det var slik ein strid Vind, men Kyrkja og Jarnvegshusi vart reddad. 700 menneskji er husville. Amtmannen hev difyr sendt Mat og Klæde, Tjeld og dilikt upp til dei.
 
           
Til Amerika er det mange herifraa Landet, som reiser iaar, men fraa Sverike er det endaa fleire. Det er manga fraa Tyskland au. Berre paa ei Vika i Mars Maanad iaar kom det 2375 fleire til Newyork, enn det kom i heile Mars ifjor. Sidan den 1ste Januar, og til 27de Mars hev det stiget i Land 35,000, og det er paa Lag dubbelt so mykje, som det hellest plagar koma til same Tidi.