Rispur.

Ein Mann i Irland søkte um aa sleppa aa tena Kongen. Han var einaste Son til ei fatig Enkja, sagde han. Dessutan var Far hans blind og kunde ikkje arbeida. Fyr det tridje hadde han tvo eldre Brødrar, som tente kongen. Alt detta baud han seg til aa gjera Eiden sin paa.
 
           
Ein annan Irar laut fyr Retten, fyrdi han hadde laant ei Gryta og sleget Hol i ho; men han stod paa, at fyr det fyrste hadde han inkje laant nokor Gryta; fyr det andre var Gryta heil, daa han flidde ho att, og fyr det tridje var det Hol i Gryta, daa han laante ho.